Opnar vestre seglingsløp under Måløybrua
21.2.2023 08:17:19 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
Det har vore stengt for all sjøtrafikk frå og med 14. september, i samband med bygging av skipsbarriere, ein konstruksjon som skal hindra at skip køyrer på midtre brupilar.
Dette er prosjektet
Jobben har i denne omgang bestått i graving, sprenging og støyping av fundament for skipsbarriere. Dette har vore eit omfattande arbeid.
– Det er tryggleiksomsyn som har gjort at vi har måtta stenga vestre løpet for all sjøtrafikk i anleggsperioden, seier byggeleiar Pål-Anders Rindal i Statens vegvesen.
Farleia har vorte stengd med bøyer nord og sør for vestre seglingsløp. Merkinga av begge seglingsløp har vorte endra, og det var vore vakthald døgnet rundt.
I samband med opninga, må Statens vegvesen 28. februar stenga gangfelta oppe på brua i kortare periodar.
Vi må stenga igjen til våren
– Til våren skal vi bygga sjølve skipsbarrieren. Då må vi igjen stenga vestre seglingsløp ein periode. Vi kjem tilbake med eiga varsling på dette, og viser elles til Kystverket si Facebook-side «Måløybrua – endring av seilingsmønster», legg Rindal til.
Før vi starta arbeidet med å førebu bygging av skipsbarriere, gjorde vi eit større vedlikehaldsarbeid på Måløybrua i åra 2018-21. Vi reparerte skadar på brua, og monterte anlegg for katodisk vern, noko som hindrar at armeringa rustar.
Dette arbeidet bidreg til å auka bruas levetid. Den 1224 lange Måløybrua vart opna for trafikk i 1973, og ligg lengst vest på riksveg 15, i Kinn kommune.
Kontakter
Pål-Anders RindalByggeleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:41622049pal.anders.rindal@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
E134 over Haukeli åpner ikke før seint i kveld15.5.2026 16:50:36 CEST | Pressemelding
Det er usikkert når E134 Vågslidtunnelen vil åpne igjen, og vegen over Haukelifjell vil dermned være stengt.
Nattestengd på riksveg 15 mellom Nordfjordeid og Haugen15.5.2026 14:27:18 CEST | Pressemelding
Natt til tysdag 19. mai tar Statens vegvesen til med å skifte ut stikkrenner på riksveg 15 mellom Nordfjordeid og Haugen i Stad kommune. Det inneber at vegen vil vere stengd ved Lid mellom midnatt og klokka 04 fram til natt til laurdag.
Asfaltering i Bodø kan gi ventetid og støy15.5.2026 13:39:56 CEST | Pressemelding
Mandag kveld starter asfaltering på riksveg 80 i Bodø. Dette innebærer trafikkregulering og kan medføre noe ventetid på kvelden og natta de neste ukene.
Vedlikehold på E39 Nygårdsbroen12.5.2026 12:42:42 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen gjør nødvendig vedlikeholdsarbeid på E39 Nygårdsbroen i nordgående retning, altså mot Bergen sentrum, 22. – 26. mai.
Køyr mjukt i mai – to utfartshelger med stor trafikk og sårbare trafikantar12.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Både onsdagen før Kristi himmelfartsdag og fredagen før pinse blir blant dei travlaste trafikkdagane i mai.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
