Her bygger Statens vegvesen nytt kollektivt knutepunkt
12.12.2022 10:59:30 CET | Statens vegvesen | Pressemelding

Prosjektet på Flatøy i Alver kommune nord for Bergen har tilbodsfrist 27. januar.
Planlagd byggestart er i mars, og det nye anlegget skal etter planen vera ferdig innan desember 2024.
Trygg og forsvarleg arbeidsperiode for alle
Terminalen vert bygd der dagens parkeringsplass er.
– I heile anleggsperioden på eitt år og ni månader må vi derfor stenga dagens parkeringsplass, seier byggeleiar Henrik Knarvik i Statens vegvesen.
Vi har avtale med grunneigar om mellombels parkering like i nærleiken. Det vil verta skilta dit.
Kapasiteten på den mellombelse parkeringa er diverre på berre halvparten dagens parkering, 40 mot 80.
– Vi beklagar dette, og vi har forståing at det kan skapa utfordringar for trafikantane. Men det er dette som er mogleg å få til når vi skal ha ein anleggsperiode som er trygg og forsvarleg ikkje berre for trafikantane, men også for dei som skal arbeida, seier Knarvik.
Framtidsretta knutepunkt med betra kapasitet for parkering
I tillegg vil vi minna om at det nye anlegget vil gjera det betre for trafikantane på sikt. Eit nytt, stort og framtidsretta knutepunkt vil vera ei klar forbetring samanlikna med dagens løysing som er to-tre busstopp, presiserer han.
– Det nye knutepunktet vil få parkering like ved, med større kapasitet enn dagens 80 plassar.
I samband med prosjektet skal Statens vegvesen etablera ny kulvert under fylkesveg 564, bygd etter dagens standard og til erstatning for gammal kulvert. Dette sikrar framleis gode tilhøve for gåande og syklande i område.
Trafikken på E39 vil bli minimalt påverka av arbeidet, medan vi vil etablera ein mellombels omkøyringsveg for fylkesveg 564.
Nytt kollektivt knutepunkt og ny innfartsparkering er ein del av Nordhordlandspakken.
Nøkkelord
Kontakter
Henrik KnarvikByggeleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:41223062henrik.raymond.knarvik@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgiverStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Offisiell åpning av rasteplass og utsiktspunkt på Sjonfjellet avlyses31.8.2026 14:07:10 CEST | Pressemelding
Den planlagte åpningsmarkeringen av det nye utsiktspunktet og rasteplassen på Sjonfjellet langs Nasjonal turistveg Helgelandskysten 9. september er avlyst.
Gjer ferdig asfaltering på rv. 13 sør i Ullensvang31.8.2026 12:25:46 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen gjer no ferdig asfalteringa frå Hegerland til Kolåsnes lengst sør i Ullensvang, like nord for fylkesgrensa til Rogaland.
Nattestenger E6 mellom Halsan og Mule31.8.2026 11:01:14 CEST | Pressemelding
E6 mellom Halsan og Mule i Levanger blir stengt på nattestid fra tirsdag 1. september. Trafikantene må benytte skiltet omkjøringsrute via Levanger sentrum.
Arbeidet i Brattlitunnelen forlenges31.8.2026 09:24:18 CEST | Pressemelding
Brattlitunnelen på riksveg 827 nord for Kjøpsvik i Narvik kommune blir fortsatt nattestengt ut september.
AVLYST: Ny milepæl for elektrisk tungtransport – megawatt-lader åpner på Vinstra 1. september28.8.2026 16:04:21 CEST | Pressemelding
På grunn av Hans Majestet Kong Haralds bortgang er den planlagte markeringen på tirsdag avlyst inntil videre.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
