Karbonbudsjettet 2022: Utsleppa aukar igjen

2020 var eit unntaksår, som viser seg som ein knekk i kurva over stigande karbonutslepp.
– Skal ein nå målet på 1,5 grader global oppvarming, må kvart år framover vere som unntaksåret 2020, seier Jörg Schwinger, forskar ved NORCE og Bjerknessenteret.
No er dei globale karbonutsleppa tilbake på ei stigande kurve, med utslepp som er litt over nivået i 2019, altså før COVID 19.
Det viser årets karbonbudsjett som vert presentert under klimatoppmøtet COP27 i Sharm-El-Sheik. Tala i årets karbonbudsjett er produsert av ei lang rekke forskarar, som har brukt observasjonar, statistikk, og modellar i dette arbeidet. Fire forskarar frå Bjerknessenteret har bidratt til årets karbonbudsjett: Are Olsen og Meike Becker frå Universitetet i Bergen og Jörg Schwinger og Ingunn Skjelvan frå NORCE.
Sjå tal og grafiske presentasjonar hos globalcarbonbudget.org
I karbonbudsjettet er det to hovudkjelder til utslepp:
- Fossilt brennstoff – som inkluderer forbrenning av olje, gass, kol og sementproduksjon
- Landendringar – som i stor grad handlar om avskoging av regnskog
I karbonbudsjettet ser ein også på kvar utsleppa blir av. Store delar av karbonutsleppa til atmosfæren blir tatt opp i havet og i vegetasjon på land, og desse sluka har gjort oss menneske ei stor teneste – sidan dei menneskeskapte utsleppa tok til, har dei tatt opp vel halvparten av våre utslepp til atmosfæren.
Datamangel for karbonopptak i havet
– Både data og modellar viser at havet tar opp meir og meir CO2 etterkvart som utslippa aukar. Dette er i pakt med kjemiske og fysiske lovar. Når utsleppa til atmosfæren aukar, blir havet undermetta og svarer med å ta opp meir CO2, seier Are Olsen, professor ved Bjerknessenteret og Geofysisk Institutt, Universitetet i Bergen.
Han er ein av forskarane bak årets karbonbudsjett, publisert i Earth System Science Data. Saman med kollegaer ved Bjerknessenteret, NORCE og UiB talfester dei havets karbonopptak. Det årlege opptaket i havet kjem på toppen av den naturlege utvekslinga av CO2 mellom havet og atmosfæren. For å slå fast nettoopptaket, trengs store mengder data og avanserte modellar.
På Bjerknessenteret jobbar Olsen og ei lang rekke forskarar året rundt med karbonobservasjonar frå havet. Det skjer i det internasjonale målenettverket ICOS (Integrated Carbon Observation System), gjennom modellkøyringar med den norske jordsystemmodellen NorESM og ved å samle alle måledata frå verdshava i det kvalitetssikra dataproduktet SOCAT (Surface Ocean CO2 Atlas).
Problemet er at trass store mengder data, er det framleis uvisse rundt havets CO2-opptak. Det er sprik i budsjettala mellom modellar og data.
– Sjølv om vi samlar inn mengder med data kvart år, er det store hol i enkelte havområde.
Spesielt i sør manglar det data, og det er her mykje av uvissa oppstår. Dette er eit utfordrende havområde ettersom det er få skip som opererer der og som vi kan installere måleinstrument på, seier Olsen.
Han understrekar samstundes at både modellar og data viser av havet tar opp CO2 tilsvarende ein fjerdedel av utslippa våre. Akkurat dette er det ingen tvil om.
Sjå video: Slik vert karbonopptaket i havet målt.
Karbonsluket i havet
Nord-Atlanteren og Dei nordiske hav er godt overvåka. Varme vassmassar som strøymer mot nord blir avkjølt og difor synk overflatevatnet ned i djupet og tar slik med seg store mengder karbon frå overflata. Difor er desse havområda rekna som viktige karbonsluk. Liknande prosessar skjer også i dei sørlege havområda på kloden, men her er det lite målingar.
– Å auke karbonovervåkinga her bør vere ei prioritert oppgåve i dei kommande åra. Men det må skje samstundes som dei vanlege målingane blir opprettheldt, og slike måleseriar er ikkje noko ein skal ta for gitt. Det er kostbare og omfattande prosessar, seier Olsen.
Kontakter
Are Olsen, professor ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret
E-post: are.olsen@uib.no
Tlf: 907 23 261
Meike Becker, forsker ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret
E-post: meike.becker@uib.no
Tlf: 924 97 477
Bilder



Om Universitetet i Bergen (UiB)
Følg pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Bergen (UiB) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)
Besøksrekord på Universitetsmuseet28.4.2025 12:21:21 CEST | Pressemelding
Kunnskapsfesten trakk 3346 vestlendinger til Universitetsmuseet i Bergen på søndag. Forsknings- og høyere utdanningsministeren hyller museet.
Unge søker politikk og økonomi i en urolig verden28.4.2025 11:00:00 CEST | Pressemelding
– UiB ser en markant økning i søkere til samfunnsøkonomi og statsvitenskapelige fag. Det er gledelig i en verden preget av uro, og hvor demokratiet og de gode samfunnsstrukturene våre skal forvaltes, sier rektor ved UiB, Margareth Hagen.
Ny studie avslører sammenhenger mellom navlestrengens lengde og hjerneutvikling hos barnet24.4.2025 09:00:00 CEST | Pressemelding
En ny studie fra Universitetet i Bergen har avdekket viktige sammenhenger mellom lengden på navlestrengen ved fødselen og senere nevroutviklingsforstyrrelser hos barnet.
UiB 200 år: Inviterer til jubileumsfest23.4.2025 14:01:40 CEST | Presseinvitasjon
Fredag 25. april er det offisiell markering i Universitetsaulaen, og søndag 27. april inviteres alle til Kunnskapsfest på museet.
Forsker fra Bergen med på viktig gjennombrudd om nevropsykiatriske lidelser16.4.2025 09:00:00 CEST | Pressemelding
UiB-forsker Sadaf Ghorbani er del av internasjonalt forskerteam med banebrytende funn om nevropsykiatriske lidelser. Funnene er publisert i Nature og kan gi verdifull innsikt i utviklingen av ny medisin.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom