Her får vegen dobbelt så stor køyrebreidde som i dag

No vert det 7,5 meter vegbreidde og gul midtstripe på heile strekninga. På det smalaste er vegen i dag 4 meter.
Strekninga på 2,1 kilometer er ofte ein flaskehals, spesialt på sommaren når mange turistar reiser gjennom vakre Hardanger. Vegarbeidet som alt har starta, er difor sterkt etterlengta.
Dette skal me gjera
– Me er i gang med å hogga tømmer for å betra sikta, og skal ta breiddeutviding på begge sider av eksisterande køyrebane. Mot skogen består dette i å sprengja vekk berg, fylla ut og laga nye grøfter. Det er mot Hardangerfjorden den største breiddeutvidinga skjer. Her vert det også utfylling, og enkelte stader så mykje som ei heil køyrebreidde ekstra, seier prosjektleiar Terje Dagestad i Statens vegvesen.
Statens vegvesen tek både undervegs og i ferdigstillinga av prosjektet omsyn til (primær)næringar, hyttebuarar og andre som treng tilkomst til fjorden og oppsida av vegen.
To år med arbeid
Sjølv om breiddeutvidinga er kraftig ynskt, har Statens vegvesen forståing for at langvarig vegarbeid som dette kan opplevast krevjande for trafikantane. Planlagd sluttdato er mai 2024.
– Me er glade for å setja i gang eit permanent utbetringsarbeid, som vonaleg vil bidra til at trafikken vil flyta lettare. Det kan verta noko venting for trafikantane medan arbeidet pågår, men det er viktig å minna om at me gjer dette nettopp for dei, for å kunna vareta trafikktryggleiken og framkomet også i framtida, seier byggeleiar Ketil Bere.
Trafikkavviklinga i anleggsperioden skjer med hjelp av trafikkdirigentar og lysegulering, og trafikantane må førebu seg på inntil 15 minutt venting. Så langt har det vore veldig få negative tilbakemeldingar frå trafikantane.
Det er ingen bustadhus i nærleiken av anleggsområdet, men det vil bli støy i periodar i samband med sprenging og pigging. Får å minimera ulempene i anleggsperioden, jobbar vi ikkje fredag når helgeutfarten finn stad. Det vert jobba klokka 07.00 - 19.00 måndag - onsdag, og litt kortare torsdag.
Dette tilrår me for sommaren
I sommar tek arbeidet ferie i veke 27 - 30, det vil seia frå 4. - 29. juli. I veke 25, 26 og 31 blir det arbeid som ikkje hindrar trafikken.
Trafikkutfordringar i sommar kan det verta uansett. Statens vegvesen tilrår difor dei som kan køyra andre vegar om å gjera det.
– Kjem du nordfrå, oppmodar vi dei som kan å køyra til Kvanndal å ta ferja derfrå. Utan bil kan du frå Kvanndal reisa gratis til Kinsarvik viss du skal med borna i Mikkelparken. Skal du nordfrå til Odda utan å ha ærend i Kinsarvik eller Lofthus, kan du ta ferja Kvanndal – Utne og køyra direkte til Odda derfrå. Ekstra skilt med trafikkinfo kjem opp i Odda, Norheimsund, Bu og Granvin. Slik at reisande både frå sør, vest aust og nord blir ekstra varsla, sier Dagestad og Bere.
Stor konkurranse om jobben
Det var sterk konkurranse om å bli entreprenør for dette etterlengta vegprosjektet.
Heile 14 firma ynskte oppdraget:
¤ Brøderene Flatebø AS frå Etne, som leverte tilbod på 43.818.441 kroner.
¤ Landmark Maskin AS frå Bømlo med tilbod på 47.869.188 kroner.
¤ Mesta AS; 48.721.884,07 kroner.
¤ Flage Maskin AS frå Voss; 48.999.979,40 kroner.
¤ Augestad Maskin AS frå Vik i Sogn: 54.089.636,72 kroner.
¤ GBS Entreprenør frå Øystese leverte tilbod på 54.664.228,94 kroner.
¤ Rune Holt AS frå Bagn på 54.814.826 kroner
¤ Vassbakk & Stol AS frå Karmøy var og med i konkurransen, med tilbodssum på 56.496.085,59 kroner.
¤ Det var og Morgedal Entreprenør AS frå Kviteseid med 59.837.709 kroner.
¤ Aurstad Tunnel AS frå Hovdebygda med 59.936.603 kroner.
¤ Hæhre Entreprenør AS; 62.463.229,60 kroner.
¤ Hirth Himle Entreprenør frå Voss; 68.295.715 kroner.
¤ Hylland AS frå Godvik i Bergen leverte tilbod på 68.164.867 kroner.
¤ Og siste tilbydar i konkurransen var JR Anlegg AS frå Oslo, med 94.401.583,17 kroner.
Då karensperioden var ute, var det klart at Brøderene Flatebø fekk oppdraget.
I tillegg til prosjektet mellom Kyrkjenes og Kinsarvik, vil Statens vegvesen også gjera punktvise breiddeutvidingar nordover på riksveg 13 mellom Kyrkjenes og Hardangerbrua.
Nøkkelord
Kontakter
Ketil BereByggjeleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:90363840ketil.bere@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:+4795245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder





Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
E18 legges om ved Ramstadsletta helgen 27.–29. juni: – Det vil bli køer18.6.2025 11:06:43 CEST | Pressemelding
Fra fredag 27. juni klokken 20:00, til søndag 29. juni klokken 11:00 blir det innsnevringer på E18 som følge av arbeidet med å legge om veien.
– Forlat rasteplassene slik du selv ønsker å finne dem18.6.2025 10:00:00 CEST | Pressemelding
– Mange stopper på Statens vegvesens rasteplasser i sommer. Forlat rasteplassene rene og pene, slik du selv ønsker å finne dem.
Viser fremtidens tungtransport i Moss16.6.2025 15:25:57 CEST | Presseinvitasjon
Statens vegvesen viser denne uka hvordan fremtidens automatiserte tungbiler skal «snakke» sammen, for å håndtere kompliserte trafikksituasjoner.
Skal utbedre to steder langs riksveg 5213.6.2025 16:00:00 CEST | Pressemelding
To steder langs riksveg 52 gjennom Hemsedal skal nå utbedres. Utbedringene vil gi bedre fremkommelighet, ikke minst for tungtransport vinterstid.
Justering av tunnelarmer i Fløyfjelltunnelen kan forkorte byggetiden13.6.2025 14:43:43 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen har utarbeidet et optimalisert forslag til justerte av- og påkjøringsramper fra Fløyfjelltunnelen i Sandviken. Det kan gi kortere byggetid.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom