Nye Espenes rasteplass, Hardanger – ein installasjon verdt ventetida
26.1.2022 11:16:55 CET | Statens vegvesen | Pressemelding

Den gamle rasteplassen på Espenes i Ullensvang kommune blei borte etter rassikringa av riksveg 13. På den tomme flata skulle Statens vegvesen opna eit nytt moderne turistveganlegg med flott utsikt nordover Sørfjorden hausten 2021. Servicebygget med ein 64 meter lang og 4 meter brei takkonstruksjon i stål, med 12 takmodular i ulik høgde, halden oppe av massive stålsøyler, fundamentert på ei botnplate i betong, skulle markera Espeneset som ny tilvekst til attraksjonen Nasjonale turistvegar.
Slik vart det ikkje. Ein pandemi kom imellom. Samfunn blei stengt ned. Heimekontor og byggemøter på Teams. Først i oktober kunne containerskipet «Yellow Sea» kaste loss frå Xiang hamn i Kina med stål til Bergen for vidare frakt til Espenes. Etter nær tre månader til havs, med fleire stopp undervegs, kunne stålet i containerbuken til slutt klappe til kai i Bergen den 16. januar.
Nummererte stålplater blir no plukka fram bit for bit på Espenes og sortert som eit stort puslespel. Store blanke plater blir sveisa saman til eit ni meter høgt servicebygg med toalett og teknisk rom. Samtidig varslar meteorologane eit nytt ruskever på Vestlandet med regn og vind i over ei uke. Dette betyr at sveisinga av bygget kan komme til å bli utfordrande og tidkrevjande, sjølv om arbeidet skjer under eit beskyttande tak.
Kommande sending frå Kina med stålet til takpaviljongen blei sendt frå Xiang 30. desember 2021. Om seglasen følgjer containerskipet «Yellow Seas» sin logg, reknar byggeleiinga med at stålet kjem til Bergen i mars. Om ikkje noko nytt uventa skjer, skal rasteplassen med servicebygg, takpaviljong og god parkeringsplass for både bussar og bilar kunna opnast sommaren 2022.
Arkitekt: Code arkitektur
Kontakter
Lage Bakken, byggeleiar Statens vegvesen, Nasjonale turistvegar.
Epost: lage.bakken@vegvesen.no. Tel: 918 19 698
Silje Myhre Amundsen, strekningsansvarleg Nasjonal turistveg Hardanger, Statens vegvesen
Epost: silje.amundsen@vegvesen.no Tel: 975 22 979
Bilder



Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Nattestengd på riksveg 15 mellom Nordfjordeid og Haugen15.5.2026 14:27:18 CEST | Pressemelding
Natt til tysdag 19. mai tar Statens vegvesen til med å skifte ut stikkrenner på riksveg 15 mellom Nordfjordeid og Haugen i Stad kommune. Det inneber at vegen vil vere stengd ved Lid mellom midnatt og klokka 04 fram til natt til laurdag.
Asfaltering i Bodø kan gi ventetid og støy15.5.2026 13:39:56 CEST | Pressemelding
Mandag kveld starter asfaltering på riksveg 80 i Bodø. Dette innebærer trafikkregulering og kan medføre noe ventetid på kvelden og natta de neste ukene.
Vedlikehold på E39 Nygårdsbroen12.5.2026 12:42:42 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen gjør nødvendig vedlikeholdsarbeid på E39 Nygårdsbroen i nordgående retning, altså mot Bergen sentrum, 22. – 26. mai.
Køyr mjukt i mai – to utfartshelger med stor trafikk og sårbare trafikantar12.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Både onsdagen før Kristi himmelfartsdag og fredagen før pinse blir blant dei travlaste trafikkdagane i mai.
Stenseth maskin skal bygge døgnhvileplass for tungtransport ved E39 Stormyra11.5.2026 11:56:51 CEST | Pressemelding
Orkanger-entreprenøren Stenseth maskin AS skal bygge den nye døgnhvileplassen for tungtransport ved Stormyra i Heim kommune.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
