Melder hærverk på trafikklys til politiet: – Kan gje trafikkfarlege situasjonar
17.12.2021 10:23:26 CET | Statens vegvesen | Pressemelding

Det var midt på natta sundag 12. desember, meir bestemt klokka 03:16, at kabelen til sjølve lyset vart klipt av.
Kabelen er i utgangspunktet dekt med ein stålfiber som er surra rundt kabelen. Denne var tvinna vekk, og kabelen var klipt.
I tillegg hadde fleire refleksmarkørar vorte kasta vekk frå vegen.
– Kan bli trafikkfarleg
– Me ser svært alvorleg på saka. Hærverk som dette kan gje trafikkfarlege situasjonar, seier byggjeleiar Kristian Slinde i Statens vegvesen.
Me legg ned mykje ressursar for at tryggleiken skal varetakast for trafikantene medan me gjer vegarbeid, og for at trafikkflyten skal bli best mogleg.
– Då er det synd at me i tillegg må bruka tid på å ordna opp etter hærverk.
Entreprenøren var ute på anlegget sundag og retta opp i skadane.
Meldt til politiet
– Hærverket er meldt til politiet, understrekar Slinde.
Dersom nokon har tips i høve saka kan ein kontakte politiet (tlf. 02800), Sogndal politistasjon (tlf. 400 39 280) eller Vik politistasjon (tlf. 57 69 80 80).
Prosjektet
Bondeviki - Fardal ligg på riksveg 13 mellom Sogndal og Leikanger.
Anleggsarbeidet starta i september, og skal vera ferdig sommaren 2023.
Fosse Maskin og Transport AS frå Vik er entreprenør på prosjektet, etter å ha levert eit tilbod på dryge 60 millionar pluss moms.
Vegstykket vert gjennomsnittleg trafikkert av 2737 køyretøy per døgn. Ni prosent, eller om lag 270, av desse er lange køyretøy.
Les meir om prosjektet her.
Nøkkelord
Kontakter
Kristian SlindeByggeleiarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:97701905kristian.slinde@vegvesen.noBilder


Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Offisiell åpning av rasteplass og utsiktspunkt på Sjonfjellet avlyses31.8.2026 14:07:10 CEST | Pressemelding
Den planlagte åpningsmarkeringen av det nye utsiktspunktet og rasteplassen på Sjonfjellet langs Nasjonal turistveg Helgelandskysten 9. september er avlyst.
Gjer ferdig asfaltering på rv. 13 sør i Ullensvang31.8.2026 12:25:46 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen gjer no ferdig asfalteringa frå Hegerland til Kolåsnes lengst sør i Ullensvang, like nord for fylkesgrensa til Rogaland.
Nattestenger E6 mellom Halsan og Mule31.8.2026 11:01:14 CEST | Pressemelding
E6 mellom Halsan og Mule i Levanger blir stengt på nattestid fra tirsdag 1. september. Trafikantene må benytte skiltet omkjøringsrute via Levanger sentrum.
Arbeidet i Brattlitunnelen forlenges31.8.2026 09:24:18 CEST | Pressemelding
Brattlitunnelen på riksveg 827 nord for Kjøpsvik i Narvik kommune blir fortsatt nattestengt ut september.
AVLYST: Ny milepæl for elektrisk tungtransport – megawatt-lader åpner på Vinstra 1. september28.8.2026 16:04:21 CEST | Pressemelding
På grunn av Hans Majestet Kong Haralds bortgang er den planlagte markeringen på tirsdag avlyst inntil videre.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
