E134 Røldal – Seljestad: Vegvesenet er klare til å sette spaden i jorda om to år
24.3.2021 13:27:05 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
E134 Røldal – Seljestad er eit av vegprosjekta som Statens vegvesen spilte inn til Samferdselsdepartementet i arbeidet med Nasjonal transportplan 2022-2033. Det er det fyrste byggjetrinnet på strekninga E134 Vågslid – Seljestad.
- Prosjektet markerer starten på utbetringa av E134 som er ein av hovudvegane mellom aust og vest, og er svært viktig for tungtransporten. Meir føreseieleg reisetid på fjellovergangane er viktig for å auka konkurranseevna til næringslivet, seier prosjektdirektør i utbyggingsdivisjonen Kjartan Hove i Statens vegvesen.
Vegvesenet har kutta kostnader på vegprosjekta i sitt NTP forslag med 134 milliardar kroner. Det var viktig for å få på plass fleire vegprosjekt i transportplanen.
- Vil gje store innsparingar
Tungtrafikkandelen på E134 er høg, og strekninga mellom Røldal og Seljestad er spesielt krevjande for tungtransporten med hårnålssvingar, bratt veg og tunnelar. Hovudgrepet mellom Seljestad-Røldal er bygging av ein ny tunnel på ca. 12,7 km frå Røldal til Seljestad.
- Ny Røldalstunnel vil gje stor innsparing i lengde, høgdemeter, køyretid, drivstoffkostnad og klimautslepp, seier prosjektleiar i Statens vegvesen Åge Jonn Hillestad.
Tunnelen vil få ei stigning på 1,4 prosent vestover, noko som er langt meir gunstig enn dagens to tunnelar, Seljestadtunnelen og Røldalstunnelen, som har opptil seks prosent stigning.
- I tillegg vil utbetring av denne strekninga gje færre fastkøyringar for tungtransport og bilberging på vinterstid, og mest betring av trafikktilhøve for mjuke trafikantar. Ny veg vert lagt utanom Røldal tettstad og vil betre støytilhøva her vesentleg. Difor har denne strekninga første prioritert, fortel Hillestad.
Tunnelbrannar
I perioden frå 1990 og fram til 2016 har det vore til saman 11 tunnelbrannar i Seljestadtunnelen og Røldalstunnelen. Ingen personar har omkomme i brannane.
- Vi kjenner ikkje årsaka til alle tunnelbrannane, men det er nærliggande å tru at stigningsforholda er ein viktig årsak til de relativt hyppige brannane i Røldalstunnelen og Seljestadtunnelen, seier prosjektleiar Hillestad.
Årsaka til brannane ligg sannsynlegvis i stigningsforholda på veg til, og i, desse tunnelane. Trafikk frå vest køyrer anten frå Odda på Rv. 13 eller langs E134 frå Åkrafjorden med mykje stigning. Trafikken frå aust kjem frå Røldal og fleire hundre høgdemeter må forserast på relativt kort lengde frå begge retningar. Trafikk som kommer frå aust langs E134 har i tillegg hatt svak stigning opp til Haukeli, men en relativt bratt køyring ned til Røldal, med påfølgande bratt stigning til Røldalstunnelen.
Fakta byggjetrinn 1 E134 Røldal - Seljestad
Byggjetrinn I omfattar vestre parsell Røldal – Seljestad:
- Dagsone med nytt kryss på Liamyrane, lengde ca. 1,3 km
- Røldalstunnelen: ny tunnel Liamyrane – Seljestad (erstattar Seljestadtunnelen), lengde ca. 12,7 km
- Dagsone med nytt kryss på Seljestad, lengde ca. 0,8 km.
- Vegbreidde: 9 meter
- Fartsgrense: 90 km
- Byggetrinn 1 har finansiering gjennom første seksårsperiode i NTP 2022- 2033
- Lengde: Total 15,4 km inklusive Røldalstunnelen
- Kostnadsramme: 2 978 MNOK. Av dette er 2 453 MNOK statlege midlar og 525 MNOK bompengefinansiering. Alle tal i 2020-kr.
- Planlagt byggjestart: Haust 2023
Fakta om strekninga E134 Vågslid - Seljestad
Ny stamveg E134 Vågsli – Seljestad vi gi betre vegstandard og vinterregularitet, korte ned køyrelengda med ca.11 km. Ny veg vil redusere stigningsforholda, auke trafikktryggleiken, betre framkomst ved dårlege vêrforhold og flytte trafikk ut frå tettstaden Røldal.
- Strekninga Vågsli – Seljestad er knappe 45 km.
- For ny E134 på Vågsli – Seljestad er det lagt til grunn ÅDT på 3 700 kjøretøy i 2050 for dimensjonering av vegen.
- Austre parsell omfattar vegstrekninga Vågsli – Røldal med Kjelatunnelen, Haukelisetertunnelen og Dyrskartunnelen.
- Vestre parsell omfattar strekninga Røldal – Seljestad med Røldalstunnelen.
- Prosjektet vil verte gjennomført i tre byggjetrinn:
Byggjetrinn 1: Vestre parsell, E134 Røldal - Seljestad
Byggjetrinn 2: Austre parsell, E134 Vågsli – Røldal
Byggjetrinn 3: Tunnelløp 2, Dyrskartunnelen og Røldalstunnelen
Nøkkelord
Kontakter
Kjartan HoveProsjektdirektør VestStatens Vegvesen /Utbyggingsdivisjonen
Tel:90 11 05 86kjaratan.hove@vegvesen.noÅge Jonn HillestadProsjektleiarStatens vegvesen
Utbyggingsområde vest
Bilder
Lenker
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Sluttfører arbeid på E12 Revelåga bru16.4.2026 15:30:55 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen sluttfører nå arbeidet på E12 Revelåga bru.
Brannøving i E16 Flenjatunnelen16.4.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen arrangerer, i samarbeid med Aurland brann og redning, brannvernøving i Flenjatunnelen torsdag 23. april.
Bare ett gjennomslipp på natt15.4.2026 15:37:30 CEST | Pressemelding
– Vi må fjerne et gjennomslipp i Nappstraumtunnelen på natt for å frigi arbeidstid. Fra og med 20. april slippes ikke biler gjennom tunnelen kl. 03.00.
Snart kommer årets asfalt15.4.2026 13:42:20 CEST | Pressemelding
Om få uker starter Statens vegvesen asfaltering av 730 kilometer riksveger over hele landet. Totalt 550.000 tonn asfalt skal legges i løpet av årets asfaltsesong.
Statens vegvesen lyser ut kontrakt for ny riksveg 426 Eigerøy bru15.4.2026 09:49:08 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen lyser nå ut entreprisekontrakten for bygging av ny Eigerøy bru på riksveg 426. Dermed tas et viktig steg videre i arbeidet med å sikre en trygg og robust forbindelse mellom fastlandet og Eigerøy i Eigersund kommune. Den antatte kontraktsummen er i størrelsesorden 450 millioner kroner inkludert merverdiavgift.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
