TINE Meieriet Setesdal mottek pris
-Vi er opptekne av at meieriet her på Byglandsfjord skal vere ein trygg og god arbeidsplass, der dei tilsette i stor grad får bidra til utvikling av både produkt og prosessar. I tillegg til at vi produserer godt og stadig utviklar nye produkt, er vi stolte av godt arbeidsmiljø med særs lågtnivå på skader og sjukefråver, seier meierisjef Tor Kåre Helland.
Dagleg leiarTor Kåre Helland starta ved meieriet i 1998. Frå 1999 har meieriet vore ein nisjeprodusent med produksjon av Kviteseidsmør. I 2001 blei også produksjonen av Ryfylkegome flytta hit. I dag produserer meieriet alt av nisjesmør for TINE, og i ein test i TV2, ble Kviteseidsmør og Setesdalssmør kåra til Noregs beste.
I tillegg til produksjon av Kviteseidsmør og Setesdalssmør, produserer også meieriet økologisk Setesdalsmør, Brimismør, økologisk smør, geitesmør, kryddersmør, Ryfylkegome og rømmegraut. Til saman produserer det lokalemeieriet rundt 500 tonn per år.
Innovativ og lønnsam lokalbedrift
-Meieriet er ein særs viktig aktør i Setesdal, både som arbeidsplass og lokal næringsutviklar. Dagleg leiar har heilt frå han blei tilsett, vore ei viktig drivkraft i vidareutvikling og nyskaping ved meieriet. Det er ikkje opplagt at dette meieriet, som er det minste av TINE sine meieri, skal bli oppretthalde. Det arbeidet som er gjort for å vere innovativ og marknadsorientert, vert vurdert som avgjerande for at meieriet er der og at det har ein solid posisjon både internt i TINE og ikkje minst i regionen, seier Sveinung Hovstad i Innovasjon Noreg
- Meieriet har fått god støtte frå Innovasjon Noreg, Setesdal Regionråd og Bygland kommune til mange av dei større prosjekta. Dei viser med handling at dei ønskjer å ha oss, og det syns vi er flott. Det gir ein god følelse når vi veit at lokalmiljøet ønskjer å behalde oss. Vi ser lyst på framtida, og vi skal vera eit ”plussprosjekt.” Vi vil fortsette med å lage spesielle produkt, samstundes som vi er opptatt av å få jobbar for å kunne behalde verksemda, seier Helland.
Og omsetninga går bra viser talla. Frå 2016 til 2017 har omsetningaauka, og det vert rekna med vidare vekst på fem prosent frå 2017 til 2018.
Berekraft i fokus
Meieriet nyttar lokale råvarer dersom det er mogeleg, slik som mjølk til Ryfylkegome og rømmegraut. I tillegg mottek meieriet 1,3 millionar liter fløte frå andre meierianlegg. Anlegget avslutta bruk av fossilt brensel i 2010. Alt avfall blir i dag kildesortert og levert til godkjent mottak. Avløpsmengda til vatn er også betydeleg redusert dei siste åra, og blir reinsa til rundt 90 prosent før det blir pumpa til kommunalt reinseanlegg.
-Vi ønsker å tildele prisen til deitilsette, med meieristyrar Tor Kåre Helland i spissen. Å drive lønsamt med stadig nye produkt er utfordrande for eit lite anlegg. Utan kompetente og entusiastiske tilsette og solid satsing på medarbeidardreven innovasjon, hadde ikkje dette vore mogeleg, avsluttar Sveinung Hovstad i Innovasjon Noreg
Fakta om bedriftsutviklingsprisen i landbruket:
- Innovasjon Norge deler kvart år ut bedriftsutviklingsprisen i landbruket på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet.
- Det er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ein vellykka bedrift eller næring med basis i bygdenes og landbrukets ressursar.
- Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner.
- Dei fylkesvise vinnarane deltar så i den nasjonale konkurransen om 250 000 kroner.
- Den nasjonale prisen vil bli delt ut under InternationaleGrüne Woche i Berlin i januar 2019.
Juryen har bestått av:
Tore Haugum, landbruksdirektør hos Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder
Gro Anita Mykjåland, ordførar i Iveland
Finn Aasheim, leiar av Bondelaget sitt Agderkontor
Marit Gunn Tveit, nestleiar i Aust-Agder bondelag
Sveinung Hovstad, direktør for Innovasjon Norge Agder
Pressa er velkommen til utdelingapå Revsnes Hotell måndag 12.november, etter omvising på meierianlegget på Byglandsfjord klokka 13.00.
Kontakter
Mona Raa RavndalSeniorrådgiver PR og kommunikasjon
Tel:942 97 048morav@innovasjonnorge.noBilder
Om Innovasjon Norge
Vi bidrar til nyskaping i næringslivet, bærekraftig vekst og eksport for konkurransedyktige norske bedrifter, og utvikling i distriktene. Vi profilerer norsk næringsliv og Norge som reisemål.
Følg pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Eksportverdien i reiselivet øker26.6.2025 09:00:00 CEST | Pressemelding
Flere overnattinger og høyere forbruk, både fra nordmenn og utlendinger sammenlignet med tidligere.
The Quartz Corp får støtte til syre-gjenbruk24.6.2025 10:00:00 CEST | Pressemelding
Innovasjon Norge støtter sirkulært pilotprosjekt hos The Quartz Corp med inntil 45 millioner kroner.
Hydro og Innovasjon Norge inngår strategisk samarbeid for grønn industrivekst12.6.2025 13:24:45 CEST | Pressemelding
Hydro og Innovasjon Norge har signert en ny samarbeidsavtale for å styrke norsk bærekraftig industri internasjonalt. Avtalen skal bidra til å fremme grønn teknologi, sikre politisk gjennomslag og åpne dører for norske bedrifter i globale markeder.
Innovasjon Norge og DNV med viktige havvindavtaler i Japan3.6.2025 13:56:47 CEST | Pressemelding
Det strømmer inn store eksportinntekter fra norsk havvindindustri, estimert til nærmere 50 milliarder kroner i år. I Japan signerte Innovasjon Norge i dag en avtale med et stort havvindnettverk. Samtidig undertegnet DNV en tilsvarende avtale.
Norges dag på verdensutstillingen i Osaka2.6.2025 17:57:51 CEST | Pressemelding
I dag ble det feiret Norges Dag på verdensutstillingen i Osaka. Utenriksminister Espen Barth Eide ledet en stor næringslivsdelegasjon, og Kongsberg signerte avtale med japansk selskap for å utvikle et banebrytende navigasjonssystem.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom