Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Ikkje løyve til Kilåi kraftverk

Del
NVE seier nei til bygging av kraftverk i verna vassdrag i Fyresdal kommune i Telemark.

Skagerak Kraft AS har søkt NVE om løyve til å nytte eit fall i Kilåi mellom Saurvatn på kote 468 og kraftstasjonen på kote 333. Kraftverket var planlagt med ein installert effekt på 0,99 MW og ville gje ein årleg produksjon på 5,3 GWh. Dette svarar til straumbruken til 265 husstandar.

Kilåi er varig verna etter verneplan IV. Verneverdiane er knytt til at vassdraget er urørt av kraftutbyggingar, og inngrep i form av kraftutbygging vil etter NVEs vurdering påverke desse verneverdiane. NVE kan ifølge vassressurslova § 35, 1. ledd, post 5 ikkje gje løyve til kraftverk som har negative verknader for verneverdiane, og søknaden om Kilåi kraftverk er difor avslått.

Les meir om Kilåi kraftverk på www.nve.no

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Seniorrådgjevar Lars Midttun, tlf. 22 95 91 77

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye