NVE gir løyve til Kvitno kraftverk og avslår løyve til Bondhus kraftverk i Hordaland
28.10.2009 11:51:58 CET | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding
Bondhus kraftverk i Bondhuselva er planlagt med ein installert effekt på 3,9 MW og ein årleg produksjon på om lag 15,4 GWh. Øvre del av Bondhusdalen er verna som landskapsvernområde og utbyggingsområdet har stor verdi i forhold til landskap, friluftsliv og reiseliv. NVE meinar ei utbygging vil medføre betydelege negative konsekvensar for desse interessene. I tillegg vil kraftverket påverke det biologiske mangfaldet og utgjere ein trussel mot vasshalemose som har status som sterkt trua i den nasjonale Raudlista. Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE vurderar utbyggingsplanane til ikkje å vere akseptable i høve til allmenne interesser, og gir difor ikkje løyve til bygging av Bondhus kraftverk.
Kvitno kraftverk i Kvitnoelva er planlagt med ein installert effekt på 9 MW og ein årleg produksjon på om lag 28,2 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 1400 husstandar. Utbygginga vil samstundes medføre negative verknader for landskap, friluftsliv og reiseliv, og føre til tap av inngrepsfrie naturområde. NVE meiner likevel det vil vere mulig å avbøte ein del av dei negative verknadene ved slepp av tilstrekkeleg minstevassføring, særleg om sommaren når bruken av området er størst, og gjennom miljøtilpassing av dei planlagde inngrepa. NVE vurderer nytten av tiltaket som større enn skadane og ulempene for private og allmenne interesser, og gir difor løyve til bygging av Kvitno kraftverk på fastsette vilkår.
Les meir om sakene på www.nve.no/Vannkraft
Kontaktpersonar
Avdelingsdirektør Rune Flatby, mobil 416 78 203.
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89, mobil 901 98 216.
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE gir overtredelsesgebyr til Statkraft Energi AS på 1 000 000 kroner16.6.2026 10:25:03 CEST | Pressemelding
Statkraft Energi AS får et overtredelsesgebyr på 1 000 000 kroner fra NVE. Årsaken er at det ble gjennomført anleggsarbeid i Virvasselva, Tverråga og Dalselva i Rana kommune før detaljplan for miljø og landskap var godkjent.
NVE gir løyve til ny kraftleidning mellom Stryn og Volda16.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Linja får løyve til å byggje ein ny 132 kV kraftleidning mellom kommunane Volda og Stryn. Det skal og byggast ein ny transformatorstasjon i Stryn.
NVE fastsetter utredningsprogram for flytende gasskraftverk i Trøndelag12.6.2026 10:31:10 CEST | Pressemelding
Ocean Power AS ønsker å bygge et flytende gasskraftverk med karbonfangst i Nærøysund kommune. Nå har Norges vassdrags- og energidirektorat fastsatt et utredningsprogram som beskriver hvilke temaer som må utredes før de kan søke om konsesjon.
NVE fastsetter utredningsprogram for Garbergselva kraftverk12.6.2026 08:30:00 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsatt utredningsprogram for det planlagte Garbergselva kraftverk i Selbu kommune. Programmet beskriver ulike temaer Clemens Kraft AS må utrede før de kan søke om konsesjon.
NVE gir konsesjon til Store Nøkleberg solkraftverk9.6.2026 13:50:35 CEST | Pressemelding
Energeia får tillatelse til å bygge Store Nøkleberg solkraftverk i Østre Toten kommune. Solkraftverket skal bygges for samdrift mellom energiproduksjon og landbruk.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
