Våtmarkene kjem tilbake – 31 myrområde reparert i 2022

– Myrane våre er klimaheltar som lagrar enorme mengder karbon, og dei er heim til over 500 artar på raudlista. Myr og anna våtmark er utruleg viktig å ta vare på, og dei øydelagde myrområda som kan restaurerast, bør restaurerast, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.
2. februar er verdas våtmarksdag. Dagen markerer signeringa av Ramsarkonvensjonen, den internasjonale avtalen om å ta vare på viktige våtmarksområde. Årets tema for våtmarksdagen er restaurering.
Sjå kvar i Noreg vi har restaurert våtmark på vedlagt bilete.
Har restaurert myrar i åtte år
I Noreg restaurerer vi ulike typar våtmarker, blant anna bekke- og elveløp, sumpskogar og ikkje minst myr. Sidan vi starta å restaurere myr i Noreg i 2015, har miljøforvaltninga restaurert 139 myrar og tetta 365 km med grøfter – omtrent like langt som strekninga Oslo - Dovre.
Gamle grøfter drenerer vatnet bort frå myra, og ved å tette dei med demningar av torvmassar får myra tilbake evna til å halde på vatna. Torvmosar, insekt og fuglar vender tilbake, og karbonet som ligg lagra i torva, får liggje trygt der det har lege i tusenvis av år.
Det er kunnige entreprenørar i gravemaskin som utfører jobben.
Ambisiøse internasjonale mål om restaurering
I desember 2022 fekk verda ein ny naturavtale. Eit av måla i avtalen er å restaurere 30 % av øydelagt natur.
– Dette er eit svært ambisiøst mål. No skal vi finne ut kva dette betyr for det norske restaureringsarbeidet, men det er openbert at vi må brette opp ermane og restaurere endå meir natur enn det vi gjer i dag. Då må også fleire enn miljøforvaltninga bidra, seier miljødirektør Hambro.
Forventar endå meir restaurering i 2023
I Statsbudsjettet for 2023 er det sett av i overkant av 60 millionar kroner til naturrestaurering på land.
Miljødirektoratet jobbar no med å fordele desse millionane til restaureringsprosjekt i regi av statsforvaltarar og nasjonalparkstyre rundt om i landet.
– Vi ser at det er ei stor interesse for å restaurere natur, og det er ny rekord i talet på tiltak som skal skje i regi av statsforvaltarane i 2023, seier Hambro.
Arrangerer konferanse om restaurering
Miljødirektoratet vil i samarbeid med NINA arrangere Naturrestaureringskonferansen 30.-31. oktober 2023.
Her skal forskarar, forvaltarar og praktikarar samlast for å dele den nyaste kunnskapen innanfor fagfeltet og for å utveksle praktiske erfaringar frå konkrete tiltak som blir gjennomførte rundt omkring i Noreg.
Våtmarker i Noreg (miljodirektoratet.no) – les meir om våtmarkene i Noreg
Fakta: Ramsarkonvensjonen
- Ramsarkonvensjonen vart underteikna 2. februar 1971 i Ramsar, Iran.
- Det er den eldste av dei moderne miljøavtalane.
- Det er ein global miljøavtale med mål om å vareta viktige våtmarksområde.
- Avtalen er i dag underteikna av 172 land, inkludert Noreg.
- Avtalen forpliktar landa til å forvalte alle våtmarker på ein god måte, og å verne dei aller viktigaste områda som såkalla Ramsarområde.
- Ramsarkonvensjonen har ein brei definisjon av våtmark og seier at alle økosystem der vatn dominerer dei økologiske prosessane er våtmark. Det betyr alt ferskvatn, myrar, sumpar etc., så vel som saltvatn ut til seks meters djup.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag
Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.
Bilder


Om Miljødirektoratet
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Brannskum med PFAS blir forbudt23.10.2025 12:39:38 CEST | Pressemelding
En ny restriksjon forbyr bruk av stoffgruppen per- og polyfluoralkylstoffer (PFAS) i brannskum. Flere overgangsperioder gjelder.
Sedimentene i Oslofjorden består av opptil tre prosent bildekk22.10.2025 18:01:16 CEST | Pressemelding
Miljøovervåkning bekrefter at bildekkpartikler er den største kilden til mikroplast i norsk natur.
Sedimenta i Oslofjorden består av opptil tre prosent bildekk22.10.2025 18:01:16 CEST | Pressemelding
Miljøovervaking stadfestar at bildekkpartiklar er den største kjelda til mikroplast i norsk natur.
Ett av fire smykker var forbudte å selge22.10.2025 09:28:18 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratets storstilte kontroll av smykker avdekket at ett av fire inneholdt ulovlige helse- og miljøfarlige stoffer og var forbudte å selge.
Ulovlig laksefiske fortsatt like utbredt18.10.2025 11:02:08 CEST | Pressemelding
Fortsatt foregår det omfattende tyvfiske, særlig i nord.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
