Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo med ny storsatsing innan demokratiforsking

Del
UiO:Demokrati er den største, tverrfaglege satsinga på demokrati som er starta ved Universitetet i Oslo. Målet er å legge til rette for demokratidugnad, der kunnskap løftast og tas i bruk.
Stemmelokale. Illustrasjonsfoto: Colourbox
Stemmelokale. Illustrasjonsfoto: Colourbox

– I vår komplekse og skiftande verd er det viktigare enn nokon gong å ha ei djup forståing for kva demokrati betyr, korleis vi kan styrke det og forstå det, seier rektor ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen.

Når Universitet i Oslo no startar sitt største initiativ innan demokratiforsking nokon sinne, er målet å utforske demokratiet breitt forstått.

– UiO:Demokrati skal bidra til å auke vår forståing av demokratiet, og i samspel med andre ruste det i møte med utfordringane som kjem. Ambisjonane er kort sagt store, seier direktør for UiO:Demokrati, Tore Rem.

Dei siste åra har forsking vist at demokratiet som styreform er på vikande front, og at autoritære krefter ser ut til å vinne terreng. Talet på folk som uttrykker misnøye med demokratiet aukar på verdsbasis, krigen i Ukraina minner oss om kva verdiar som står på spel og den kanskje største utfordringa – klimakrisa, står uløyst framfor oss.

– Vi treng samarbeid for å løyse desse komplekse problema. Vi treng samfunnsvitarar og humanistar, vi treng juristar, teologar, medisinarar og informatikarar – for å nemne nokon. I beste demokratiske ånd treng vi alle på dekk, seier Rem.

Velkommen til lansering

Den 14. mars er rektor Svein Stølen, direktør Tore Rem og fleire av landets leiande demokratiforskarar samla på arrangementet «Kva skjer med demokratiet?» i Domus Bibliotheca ved Universitetsplassen. Dit kjem også fribyforfattar Fatemeh Ekhtesari, for å lese frå boka "Hun er ikke kvinne". I tillegg blir det panelsamtale om demokratiets tilstand mellom Jette Christensen, Shazia Majid, Gina Gylver og Carl Henrik Knutsen – denne er leia av Ole Torp.

Her er lenke til UiO:Demokrati

Her er lenke til grunnlagsdokumentet vårt

Her finn du meir informasjon om dei fire første forskargruppene

Kontakter

Tore Rem, direktør for UiO:Demokrati (47030565)
Hanna Huglen Revheim, kommunikasjonsrådgjevar (93205690)

Bilder

Stemmelokale. Illustrasjonsfoto: Colourbox
Stemmelokale. Illustrasjonsfoto: Colourbox
Last ned bilde
Svein Stølen. Foto: Jarli & Jordan/UiO
Svein Stølen. Foto: Jarli & Jordan/UiO
Last ned bilde
Tore Rem. Foto: UiO
Tore Rem. Foto: UiO
Last ned bilde

Om Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo
Problemveien 7
0316 OSLO

+47 22 85 50 50http://www.uio.no

Universitetet i Oslo er internasjonalt rangert som Norges fremste universitet, og har gitt og gir vesentlige bidrag til landets forskning, innovasjon og utdanning. Med 27 000 studenter og 6 000 tilsatte har UiO 8 fakultet, 2 museum og flere sentre. 

Følg pressemeldinger fra Universitetet i Oslo

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Oslo på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Universitetet i Oslo

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye