Unio

Unio i møte med Nikolai Astrup: - Vi når ikkje berekraftsmåla utan å involvere Unio sine profesjonar

Del

Unio-leiar Ragnhild Lied møtte i dag Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup for å gje han innspel til regjeringa sin handlingsplan om berekraftsmåla. – Skal regjeringa lukkast med berekraftsmåla, må dei samarbeide med oss. I Norge er store omstillingar avhengig av oppslutning frå fagrørsla, slo Lied fast.

Unio-leiar Ragnhild Lied og fem av Unios sine forbundsleiarar møtte kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup digitalt. Tema var korleis vi skal nå berekraftsmåla.
Unio-leiar Ragnhild Lied og fem av Unios sine forbundsleiarar møtte kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup digitalt. Tema var korleis vi skal nå berekraftsmåla.

Unio og Unio sine forbund har i fleire år jobba med berekraftsmåla. Fokuset har særleg vore på kva profesjonane kan bidra med.

Unio sine 13 forbund består av store og viktige grupper med kunnskapsarbeidarar og profesjonsutøvarar som står klare til å vere med på endringane som må til. Difor tok Lied initiativ til eit møte med statsråden som er ansvarleg for at Noreg skal oppnå dei 17 berekraftsmåla til FN innan 2030. Astrup leier arbeidet med den nasjonale handlingsplanen for berekraftsmåla. Den skal leggast fram for Stortinget som ei stortingsmelding våren 2021.

- Skapar engasjement

Med seg på det digitale møtet med Astrup hadde Unio-leiaren nestleiar Terje Skyvulstad i Utdanningsforbundet, forbundsleiar Lill Sverresdatter Larsen i Norsk Sjukepleiarforbund, forbundsleiar Guro Lind i Forskarforbundet, administrerande direktør Hege-Merethe Bengtsson i Det Norske Maskinistforbund og forbundsleiar Nils Erik Ness i Norsk Ergoterapeutforbund.

- Vi er veldig glade for at regjeringa har starta arbeidet med ein handlingsplan. Berekraftsmåla skapar engasjement og triggar endringsiveren hos våre medlemmer, sa Lied.

Den beste måten å få Unio og Unio sine forbund med på reisa, går gjennom aktiv involvering av profesjonane og systematisk bruk av partssamarbeidet, understreka ho.

- Medråderett og medverknad er kjerna i den norske modellen. Samarbeid og involvering frå partane sentral og lokalt gjer at ein får tillit til kvarandre og til prosessane, sa Lied.

Godt profesjonsarbeid og god kvalitet i tenestesektorar, som til dømes helse og utdanning, er viktig for å oppnå sentrale berekraftsmål. Lied peika også på bruken av tariffavtalane som eit døme på verkemiddel for ei berekraftig utvikling;

-Gjennom ny regulering av tenestereiser og arbeidsreiser.

-Gjennom krav til miljøstandardar i kommunane, sirkulære innkjøp og kontroll med kontraktskjedene

-Opplæring av tilsette, tillitsvalde og arbeidsgjevar-representantar i korleis deira verksemd kan inngå i ein sirkulær økonomi

 - Engasjementet viktig

Lied poengterte at fagrørsla sitt engasjement i berekraftsmåla i seg sjølv kanskje er det viktigaste bidraget til å nå måla.

- Pensjonsreforma og avtala om eit meir inkluderande arbeidsliv er gode eksempel på det. Den siste tida har vi sett det same når det gjeld handteringa av koronakrisa. Fagrørsla gir arbeidet med berekraftsmåla legitimitet, forankring og oppslutning frå ei stor medlemsmasse med nøkkelroller i forvaltninga av velferdstenestene og i viktige næringar. Det vil vere ei stor styrke om partane nyttar seg av partssamarbeidet som eit verktøy i dette arbeidet, sa ho.

Ho avslutta med at ho ventar at handlingsplanen vil gi klåre føringar på kva regjeringa meiner partssamarbeidet skal bidra til.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Unio-leiar Ragnhild Lied og fem av Unios sine forbundsleiarar møtte kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup digitalt. Tema var korleis vi skal nå berekraftsmåla.
Unio-leiar Ragnhild Lied og fem av Unios sine forbundsleiarar møtte kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup digitalt. Tema var korleis vi skal nå berekraftsmåla.
Last ned bilde

Om Unio

Unio
Unio
Stortingsgata 2
0158 Oslo

22 70 88 50http://www.unio.no

Unio er partipolitisk uavhengig og er med over 375 000 medlemmer Norges største hovedorganisasjon for arbeidstakere med høyere utdanning.

Unio vil være hovedorganisasjonen som best ivaretar universitets- og høgskoleutdannedes interesser. Vi arbeider for høyere verdsetting av kunnskap, forskning, kompetanse og ansvar.

Følg saker fra Unio

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Unio på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Unio

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom