Statens vegvesen

Tre firma kjempar om stor elektrokontrakt for Vegvesenet

Del
Med tilbod fra 75 til 98 millionar skal Statens vegvesen no velja entreprenør for ein ny, stor elektrokontrakt.
Riksvegane markert med blått er omfatta av elektrokontrakt Hardanger og Sogn.
Riksvegane markert med blått er omfatta av elektrokontrakt Hardanger og Sogn.

Kontrakten med namnet Hardanger og Sogn går over eit stort geografisk område, og dekkjer kommunane Voss, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik, Vik, Aurland, Lærdal, Vang og Hol.

Me er altså inne i delar av Vestland, samt i både Viken (Hol ligg øvst i Hallingdal) og Innlandet (Vang ligg øvst i Valdres).

Dei tre som har levert tilbod er:

Tilbydar Tilbodssum ekskl. mva:
BMO 75.844.443
Mesta 78.946.519
Otera 98.968.865

Lang kontrakt, strenge krav

Kontrakten gjeld i fem år frå 1. februar 2022.

Viss partane er einige, er det mogleg å forlengja kontrakten med opptil tre år. I tillegg har Statens vegvesen eitt års einsidig opsjon. Lange kontraktar gjev føreseielege tilhøve for både byggherre og entreprenør.

– Kontrakten omhandlar vanlege drift- og vedlikehaldsoppgåver knytt til elektriske anlegg. Det er i hovudsak snakk om elektriske installasjonar i tunnel, vegbelysning, trafikkteljepunkt og vêrstasjonar, skilt og bommar samt dagleg gjennomgang av logg frå vårt overvakingssystem, seier prosjektleiar Johannes Øydvin i Statens vegvesen.

Landets to lengste oversjøiske tunnelar er med i kontrakten; Lærdalstunnelen (24509 meter) og Gudvangatunnelen (11428 meter).

I tillegg omfattar elektroansvaret tunnelar i Måbødalen (riksveg 7), alt på riksveg 13 frå Skare i sør over Vikafjellet til Vangsnes ferjekai i nord, og alt på E16 frå Vangstunnelen på Voss i vest til Tyinkysset i aust. Frå Borgund i Lærdal til Storeskar i Hallingdal er me på riksveg 52.

Det ligg eit strengt kontroll- og inspeksjonsregime knytt til kontrakten.

– Slik kan me sikra at me set inn rett tiltak til rett tid; at me til ei kvar tid har oversikt over om anlegg må vølast eller skiftast ut, legg han til.

Kort ventetid

Når Statens vegvesen jobbar på det elektriske anlegget langs riks- og europavegane, vil det ofte vera nødvendig med trafikkdirigering – anten med dirigent eller trafikkljos.

Mesteparten av det som er knytt til elektro, vil ikkje gje meir ventetid enn 15-20 minutt.

– Er det snakk om meir tidkrevande jobbar, vil me leggja arbeidet til nattestid då trafikken er minst. Me har forståing for at arbeid langs vegen kan vera krevjande og gje utfordringar for bilistane. Men då er det samtidig viktig å minna om at det er nettopp dei me gjer jobben for, seier Øydvin.

Og legg til:

– Me oppmodar alle som ferdast i trafikken om å ta omsyn til våre entreprenørar. Dei er der for å gjera vår kvardag i trafikken trygg og framkomeleg.

Trafikk-opplysingar

Større arbeid langs vegen vil bli skilta.

Elles oppmodar Statens vegvesen trafikantane om å planleggja sine reiser ved å sjekka 175.no, kor Vegtrafikksentralen til ei kvar tid gjev oppdaterte trafikkopplysingar om alle landets vegar.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Riksvegane markert med blått er omfatta av elektrokontrakt Hardanger og Sogn.
Riksvegane markert med blått er omfatta av elektrokontrakt Hardanger og Sogn.
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

22 07 30 00http://www.vegvesen.no

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye