Tore Renberg og Beharie kjem til studiestart på UiS

Del
Universitetet i Stavanger inviterer til offisiell semesteropning mandag 15. august klokka 12. Pressa er hjarteleg velkomen til å dekke arrangementet, der Tore Renberg, Beharie, rektor Klaus Mohn og mange andre sparker studieåret i gang.
Det var god stemning under semesteropninga i fjor. I år blir det ny fest for dei nye studentane.
Det var god stemning under semesteropninga i fjor. I år blir det ny fest for dei nye studentane.

I år er det Stavanger-forfattar Tore Renberg som skal halde hovudtala til studentane og lose oss gjennom seremonien.

Rektor Klaus Mohn og varaordførar Dag Mossige er på plass for å helse studentane velkommen til UiS og Stavanger.

Nyvald leiar i Studentorganisasjonen i Stavanger, Sara Beitz, og leiar for Fadderfestivalen, Alva Eide, kjem for å fortelle korleis studentane kan engasjere seg og skape eit godt og inkluderande studentmiljø.

Universitetsfondets pris for formidling og samfunnsengasjement skal òg delast ut av Universitetsfondets leier Cecilie Claviez.

Undervegs vil Stavanger studentsangforening by på musikalske innslag og sprell.

Beharie er årets artist under semesteropninga. Spellemannvinnaren frå Sandnes er på full fart opp og fram og vert kalla soulens nye stjerneskott.

Arrangementet går føre seg på fadderområdet bak Hagbard Lines hus, på austsida av campus Ullandhaug. Området opner klokka 11.30 og arrangementet startar kl 12.

Nøkkelord

Kontakter

Kontaktperson torsdag/fredag:
Leiv Gunnar Lie
E-post: leiv.g.lie@uis.no
Mobil 920 77 057


Kontaktperson mandag:
Elin Nyberg
E-post: elin.nyberg@uis.no
Mobil 971 10 920

Bilder

Det var god stemning under semesteropninga i fjor. I år blir det ny fest for dei nye studentane.
Det var god stemning under semesteropninga i fjor. I år blir det ny fest for dei nye studentane.
Last ned bilde

Lenker

Om Universitetet i Stavanger (UiS)

Universitetet i Stavanger (UiS)
Universitetet i Stavanger (UiS)
Postboks 8600
4036 Stavanger

51 83 10 00http://www.uis.no

Følg pressemeldinger fra Universitetet i Stavanger (UiS)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Stavanger (UiS) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Universitetet i Stavanger (UiS)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye