Tilleggsnummer for statsbudsjettet 2022: Ferjetakstane blir reduserte med 30 prosent
8.11.2021 12:00:00 CET | Samferdselsdepartementet | Pressemelding

I samband med tilleggsproposisjon til statsbudjettet for 2022 kjem det 489,8 millionar kroner meir til lågare ferjetakstar. Det er ei dobling av det som allereie ligg i budsjettforslaget til Solberg-regjeringa, og legg til rette for 30 prosent lågare ferjetakstar i heile Noreg.
– No løyver vi totalt nesten 1 milliard kroner til billegare ferjebillettar. Det viser at vi tar distrikta på alvor. Folk skal ikkje droppe å ta ferja fordi pengane ikkje strekk til. For mange er ferja avgjerande for at kvardagen skal gå i hop, seier Nygård.
Regjeringa foreslår òg å løyve 30 millionar kroner til å redusere takstane i ferjesamband med færre enn 100 000 passasjerar. Regjeringa vil komme tilbake til innretting av tiltaket i samband med revidert nasjonalbudsjett 2022.
– I Hurdalsplattforma legg regjeringa opp til å halvere prisane på riksvegferjer i fireårsperioden, og vil leggje til rette for tilsvarande reduksjonar på fylkesvegferjene. I tillegg er det lagt opp til å innføre gratis ferje til øyer og andre samfunn utan vegsamband til fastlandet, og å gjere alle ferjesamband med under 100 000 passasjerar årleg gratis. Dette er eit viktig steg for å følgje opp plattforma, seier samferdselsministeren.
Nøkkelord
Bilder

Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Nye kontraktar sikrar at alle kan få lokalavisa i postkassa16.10.2026 13:00:19 CEST | Pressemelding
Samferdselsdepartementet har sendt ut ein konkurranse om statleg kjøp av avisdistribusjon til postkasser på tysdagar, torsdagar og fredagar til område utan kommersielle avisbodnett.
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Finnmark mandag 12. oktober9.10.2026 16:45:15 CEST | Presseinvitasjon
Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam skal på fylkestur til Finnmark (Kirkenes) mandag 12. oktober.
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Trøndelag fredag 9. oktober8.10.2026 11:33:02 CEST | Pressemelding
Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam skal på fylkestur til Trøndelag fredag 9. oktober. Veg, jernbane og mobilitetsløysingar i storbyområde er tema for dagen.
Statsbudsjettet 2027: Framleis høge ambisjonar for samferdsel7.10.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding
Regjeringa foreslår å løyve i alt 105 milliardar kroner til samferdsel i 2027. Mellom anna foreslår regjeringa å løyve 51,7 milliardar kroner til vegformål, 32,4 milliardar kroner til jernbana, 7,1 milliardar kroner til byområda og 3,4 milliardar kroner til luftfarten.
Regjeringen foreslår å heve aldersgrensen for bruk av elsparkesykler til 16 år5.10.2026 18:24:39 CEST | Pressemelding
Det har vært en kraftig økning i antall barn og unge som skader seg på elsparkesykkel. Nå ber vi Statens vegvesen sende på høring et forslag om å heve aldersgrensen fra 12 til 16 år.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
