Samferdselsministeren klipte snor for ny E39 mellom Betna og Hestnes
Onsdag 25. juni vart parsellen mellom Betna og Hestnes på E39 i Sør-Trøndelag opna av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

– Hovudfokuset i dette prosjektet er å sørgje for ein meir trafikksikker E39 for alle. Tungtransport, personbilar, gåande og syklande skal kunne reise trygt frå A til B. Som samferdselsminister er det viktig for meg at det er trygt å leve, bu og jobbe her i området, sa Nygård i sin tale under opninga.
Etter 3,5 år med bygging vart nesten 13 kilometer ny og trafikksikker veg opna på E39 mellom Møre og Romsdal og Trøndelag fylker. Saman med strekninga som vart opna for trafikk i 2022 står no 17,5 kilometer av dei planlagde 28 kilometrane med ny veg ferdige.
Prosjekt med klimagevinst
Entreprenøren Bertelsen & Garpestad AS har gjennomført ei rekke tiltak med fokus på berekraft og sirkulærøkonomi. Om lag 45.000 kubikkmeter med myrmassar er lagra under grunnvasstanden for å hindre framtidige CO₂-utslepp.
Prosjektet har òg inkludert eit pilotprosjekt der fjell er knust til bruk i vegoppbygging, med elektrisk drift av knusaren for å redusere klimafotavtrykket. Gjennom heile prosjektet har ein vore sjølvforsynt med massar i linja, med unntak av asfalt og betong som er tilkøyrt.
Dette arbeidet er ein del av GoGreen-konseptet, som kombinerer sirkulærøkonomi og avfallshandtering med sosialt ansvar, ved å sysselsetje unge vaksne som har falle utanfor arbeidslivet. For dette arbeidet vart prosjektet heidra med «Berekraftprisen 2023» under utbyggingsdivisjonen si prisutdeling i 2024.
Fakta om utbygginga
- Betna – Hestnes er ein av tre delparsellar i prosjektet E39 Betna – Stormyra.
- Utbygginga er òg ein del av arbeidet med utbetring av E39 mellom Kristiansund og Trondheim.
- Det er tre delparsellar i prosjektet. Betna – Hestnes er delparsell ein.
- Delparsell 2 vart opna for trafikk alt i august 2022.
- Totalt vil det bli 17,5 kilometer av 28 kilometer med ny veg på E39 som blir tatt i bruk etter opninga av Betna – Hestnes.
- Når alle tre delstrekningane er ferdige i 2026 vil det gi 28 kilometer ny 2-felts veg med 9 meter breidde, redusert reisetid med 7 minutt og 5 kilometer innspart køyrelengde.
- Det er Statens vegvesen som har vore prosjekteigar.
- Totalentreprenøren var Bertelsen & Garpestad AS.
- Sweco AS var prosjekterande.
For fleire opplysningar – sjå:
Kontakter
Pressekontakt08-16 på hverdager
Tel:919 14 777sdinfo@sd.dep.noOm oss
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Samferdselsministeren jobber med tiltak for å redusere ulykkene på elsparkesykler2.12.2025 06:12:39 CET | Pressemelding
Antallet skader etter ulykker med elsparkesykkel i Oslo er nesten doblet sammenlignet med i fjor. Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård er bekymret for utviklingen og varsler at han jobber med konkrete tiltak.
Snart får du lov til å kjøre drosje mellom Norge og Finland1.12.2025 08:00:00 CET | Pressemelding
Fra 14. desember er det endelig mulig å kjøre drosje mellom Norge og Finland – uten å bytte drosje på grensen mellom de to landene.
Vil stoppe trafikkfarlige smeltevann fra fisketransport: Foreslår overtredelsesgebyr til både fører og transportforetak28.11.2025 09:01:33 CET | Pressemelding
Hvert år havner store mengder smeltevann fra fisketransport på norske veier. Dette skaper trafikkfarlige forhold og kan være skadelig for miljøet. Nå har Statens vegvesen sendt et forslag på høring som kan gi overtredelsesgebyr til både fører og transportforetak.
Godstransport på bane: Foreslår kompensasjon etter uføresette hendingar21.11.2025 11:49:00 CET | Pressemelding
Som følgje av at Raumabanen blei stengd for godstrafikk etter jordras tidlegare i år, foreslår Samferdselsdepartementet å kompensere godstogoperatørar for tap. Samferdselsdepartementet varslar også etablering av ei kompensasjonsordning som følgje av kvikkleireskredet ved Levanger på Nordlandsbanen.
Anne Iren Fagerbakke blir ny jernbanedirektør14.11.2025 11:34:31 CET | Pressemelding
Anne Iren Fagerbakke er i statsråd i dag tilsett som ny direktør for Jernbanedirektoratet. Stillinga er eit åremål på seks år. Fagerbakke kjem frå stillinga som direktør for mobilitet og kollektivtransport i Vestland fylkeskommune.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom