Miljødirektoratet

Svært effektive pukkellaks-feller i Aust-Finnmark

Del

10 pukkellaksfeller i Varanger stoppa nesten alle dei 100 000 pukkellaksane som i sommar prøvde å komme seg opp for å gyte i desse elvane.

Pukkellaks fanga i felle i Skallelva i Varanger i Finnmark i sommar. Foto: Statsforvaltaren i Troms og Finnmark/ Malin Solheim Høstmark.
Pukkellaks fanga i felle i Skallelva i Varanger i Finnmark i sommar. Foto: Statsforvaltaren i Troms og Finnmark/ Malin Solheim Høstmark. Statsforvaltaren i Troms og Finnmark/ Malin Solheim Høstmark.

– At vi finn ned mot null pukkellaks på oversida av fellene i enkelte elvar i Varanger viser at det er mogleg å stoppe pukkellaksen, seier Eirik Frøiland, seniorrådgivar i Miljødirektoratet. 

– Vi er svært takksame 

For å redde vår eigen laks frå å bli fortrengd av den framande arten pukkellaks, har Miljødirektoratet og Statsforvaltaren i Troms og Finnmark i sommar finansiert drift av feller i rundt 30 elvar i Finnmark. Fellene skulle hindre pukkellaksen frå å komme seg opp i elvane og formeire seg. I tillegg har frivillige organisasjonar teke ut pukkellaks i 60 elvar til lenger vest. 

No har dykkarar gjennomført drivteljingar på oversida av fellene i 10 elvar i Varanger i Aust-Finnmark. Berre i desse elvane var det rundt 100 000 pukkellaks som prøvde å komme seg opp for å gyte, men no viser førebelse tal at det var få som klarte dette. I 7 av 10 elvar vart det funne færre enn 200 pukkellaks ovanfor fella, og i tre av desse elvane vart det funne færre enn fem pukkellaks som hadde sloppe forbi.  

-Alle som har bidrege i uttaka har grunn til å vere fornøgde, og vi er svært takksame for innsatsen, seier Anne Fløgstad Smeland, seksjonsleiar ved Statsforvaltaren i Troms og Finnmark. 

Fanget nesten 29000 pukkellaks i éi elv 

Den elva som hadde mest pukkellaks på oversida av fella i Aust-Finnmark var Vesterelva, der 1600 vart talt. Men som i 2021 er Vesterelva den elva der det er fanga mest pukkellaks av alle elvar i Noreg.  

– Gjennom ein fantastisk innsats av Nesseby Herreds Jeger- og fiskarforeining er det teke ut 28901 pukkellaks i Vesterelva, og det betyr at berre cirka fire prosent klarte å komme seg forbi fella, seier Eirik Frøiland.  

Dei pukkellaksane som kom seg forbi fella har grave seg gjennom leire i elvebredda, eller presset seg mellom spilene i fella når det kom tusenvis samtidig.  

Meir enn dobling frå sist pukkellaksinvasjon 

I sommar har det vore lagt ned eit stort arbeid for å avgrense mengda av den uønskte arten pukkellaks. Totalt 240 000 pukkellaks har vorte stoppa frå å ta seg opp i elvane i Troms og Finnmark. I tillegg har eit førebels ukjent tal pukkellaks vorte teke ut i sjølaksefiske med kilenot. Elvane blir no sjekka for å finne ut kor mange som klarte å komme seg forbi garn, nøter og fiskefeller. Førebelse tal viser altså at fellene i Varanger ser ut til å ha vore svært effektive. Rapport frå teljingane er venta seinare i haust, og denne vil omfatte elvar i heile Troms og Finnmark fylke. 

I Grense Jakobselv, der det ikkje er gjennomført tiltak, auka talet på observerte pukkellaks frå 5603 for to år sidan, til 12280 i år. Det samla talet pukkellaks i denne elva er antakeleg mykje høgare. Riksgrensen mot Russland går i denne elva, og tala viser berre det som kan observerast frå norsk side.  

–  Situasjonen i Grense Jakobselv viser korleis det ville set ut i alle elvane dersom det ikkje hadde vorte sett opp feller, seier Eirik Frøiland.

Kontakter

PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag

Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.

Tel:40 10 38 00presse@miljodir.no

Om oss

Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.

Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye