Statens vegvesen

Stenger vestre seglingsløp under Måløybrua

Del
Måndag 12. juni stenger Statens vegvesen vestre seglingsløp under Måløybrua.
Skipsbarrieren under bygging. Foto: Statens vegvesen
Skipsbarrieren under bygging. Foto: Statens vegvesen

Det vestre løpet under Måløybrua skal stengast igjen, no frå 12. juni til 31. august.

Dette skjer i samband med bygging av skipsbarriere, som er ein konstruksjon som skal hindra at skip køyrer på midtre brupilar.

Dette gjer at seglingsløpet må stengast

Tidlegare i år og i fjor har det vestre løpet vore stengt for fundamentering til same prosjektet.

– Det er tryggleiksomsyn som gjer at vi må stenga vestre løpet for all sjøtrafikk i anleggsperioden, seier byggeleiar Pål-Anders Rindal i Statens vegvesen.

Farleia vert stengd med bøyer nord og sør for vestre seglingsløp. Merkinga av begge seglingsløp vert endra, og det skal vera vakthald døgnet rundt.

Meir info finn du på Kystverket si facebookside «Måløybrua – endring av seilingsmønster».

I samband med stenginga, må Statens vegvesen 12. juni., 22. juni og 31. august stenga gangfelta oppe på brua i kortare periodar.

Kva skal føregå no?

Sidan førre stengingsperiode har entreprenøren Veidekke lokalt prefabrikert armering og forskaling på land på Trollebø.

Dette skal så løftast ut på fundamentet, før konstruksjonen støypast ut og forankrast med pælar i fjell.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Skipsbarrieren under bygging. Foto: Statens vegvesen
Skipsbarrieren under bygging. Foto: Statens vegvesen
Last ned bilde
Skipsbarrieren under bygging. Foto: Veidekke
Skipsbarrieren under bygging. Foto: Veidekke
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

22 07 30 00http://www.vegvesen.no

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye