Skatteetaten

Skatteetaten opnar fleire skattekontor

Del

Frå og med i dag vil nesten alle skattekontor der du kan få gjennomført ID-kontroll vere opne for publikum som har bestilt time.

Det vil foreløpig berre vere mogleg å bestille tid for utanlandske statsborgarar som skal søke om skattekort for første gong, for norske og utanlandske statsborgarar som skal melde innflytting til Noreg, eller dei som må møte personleg for å bekrefte farskap.

Skatteetaten starta 18. mai ei gradvis gjenopning av skattekontora for publikum. Kontora er no opne for timebestilling for tenester som krev fysisk oppmøte.

Hugs å bestille time

− Vi opna først opp 18 kontor. Dette har gått bra og eg er glad for at nesten alle kontor som tilbyr tenester som krev fysisk oppmøte no er opne for publikum. Det er viktig for Skatteetaten å sikre at tenester som er viktig for publikum og for samfunnet no er tilgjengeleg for dei som treng dei, seier divisjonsdirektør for brukardialog i Skatteetaten, Marta Johanne Gjengedal.

Ho legg til at dei som skal møte opp på skattekontoret må bestille time på førehand. Skattekontora er ikkje opne for andre tenester.

Du kan no bestille time for fysisk møte på desse skattekontora:

Alta, Bergen, Bodø, Egersund, Førde, Gjøvik, Grimstad, Grålum, Hamar, Hammerfest, Harstad, Haugesund, Kirkenes, Kristiansand, Kristiansund, Leikanger, Leira i Valdres, Leknes, Lillestrøm, Lyngdal, Molde, Namsos, Narvik, Nordfjordeid, Norheimsund, Oslo, Otta, Rana (Mo i Rana), Sandnessjøen, Sandvika, Skien, Sortland, Stavanger, Steinkjer, Svalbard, Tromsø, Trondheim, Tynset, Tønsberg, Ulstein, Vadsø, Ålesund.

Det same gjeld Servicesenteret for utanlandske arbeidstakarar (SUA) i Oslo, Bergen, Stavanger, Trondheim og Kirkenes.

Skattekontoret i Drammen opnar 8. juni.

Dei fleste spørsmål kan svarast på utan fysisk oppmøte på eit skattekontor. Skatteetaten sine rettleiarar over heile landet svarar på spørsmål i alle kanalar frå heimekontor. Du kan nå oss på chat på www.skatteetaten.no der du også finn mykje nyttig informasjon, på Facebook og på telefon.

Fokus på smittevern

Skatteetaten legg stor vekt på sikkerheit og smittevern, både for publikum og medarbeidarar når vi no opnar for timebestilling.

− Det er viktig at vi kan opne for nødvendige publikumstenester. Samtidig må dette skje i samsvar med gjeldande råd om smittevern gitt av myndigheitene om koronapandemien, understrekar Gjengedal.

Du kan bestille time til ID-kontroll eller farskapserklæring her: skattetaten.no/timebestilling.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Frå og med i dag vil nesten alle skattekontor der du kan få gjennomført ID-kontroll vere opne for publikum som har bestilt time.
Frå og med i dag vil nesten alle skattekontor der du kan få gjennomført ID-kontroll vere opne for publikum som har bestilt time.
Last ned bilde
Divisjonsdirektør for brukardialog i Skatteetaten, Marta Johanne Gjengedal, minner om at dei som skal møte opp på skattekontoret må bestille time på førehand. Skattekontora er ikkje opne for andre tenester.

Om Skatteetaten

Skatteetaten
Skatteetaten
Fredrik Selmers vei 4
0663 Oslo

800 80 000http://www.skatteetaten.no

I Skatteetaten jobber 6500 ansatte mot samme mål; å sikre finansieringen av velferdssamfunnet. Skatteetaten er underlagt Finansdepartementet, og har ansvaret for et oppdatert folkeregister og at skatter og avgifter blir fastsatt og innbetalt på riktig måte.

Følg saker fra Skatteetaten

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Skatteetaten på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Skatteetaten

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom