Sigrid Moldestad & Regndråpeorkesteret ute med barneplate!
24.3.2023 08:00:00 CET | Sounds Like Gold | Pressemelding

Kanskje noko av det skumleste eg har gjort, seier Sigrid Moldestad om barneplata “Regndråpeborna”. Etter 6 soloalbum med eigne tekster og låtar, med tradisjonsmusikk og diverse tonesettingar, har ho no laga eit barnealbum med 13 nye songer. Alle basert på barnedikta etter diktaren Jan-Magnus Bruheim.
Musikarne i Regndråpeorkesteret; Sondre Meisfjord, Jørgen Sandvik og Kåre Opheim skulle vere kjend i mange kretsar og spelar i fleire ulike genre. Når dei no har leika seg saman i Duper studio i Bergen med Yngve Leidulv Sætre (produsent) og Iver Sandøy (lyd/miks) er resultatet nettopp det; - ein musikalsk genreleik med dikt som ofte talar like mykje til voksne som barn.
– Det har vore veldig befriande å skrive desse songane. Eg har heile tida hatt fokus på at eg ville forsøke å skrive så bra musikk som mogleg til disse fine dikta og historiene. Dei inviterar til det. Bruheim si verd er full av leik, fantasi og empati. Musikalsk har det vore befriande å kunne dra litt på og leike med ekstra store penslar”, seier Moldestad, og fortsetter:
– Det er kanskje det som skiller dette frå det eg har gjort før. Det har vore ekstra fint å ta fram dei sidene for alle oss som er med.
Prosjektet startet som konserten “Regndråpeborna og andre dyr”, en bestillingskonsert under Førdefestivalen 2022 i samarbeid med Falturiltu og Vossajazz.
Diktaren Jan-Magnus Bruheim (1914-1988) har mange eit kjært forhold til. Hele livet skreiv han parallelt for både barn og voksne. Den første barnediktboka kom ut i 1956, den siste i 1986, to år før han døydde. No kjem 13 av desse dikta for fyrste gong som songer.
Moldestad er slett ikke ukjend med Bruheim. I samband med 100 års-jubileumet for diktaren i 2014, skreiv ho musikk til en rekke vakre kjærleiksdikt med albumet “Brevet til kjærleiken”. Det fikk strålande kritikker og vart kåra til “årets album” i NRK´s Norsk på Norsk.
– Det var egentlig då eg jobba med denne at eg oppdaga alle dei fine barnedikta hans, og eg har vel tenkt på dei sidan. At dei burde få sitt eige prosjekt ein dag. Vi gler oss til å spille konserter for store og små rundt omkring i det ganske land, sier Moldestad.
Først ut er plateslippkonsert på Vossajazz Laurdag 1. April.
Sigrid Moldestad er frå Breim i Nordfjord, men bur i Bergen. Ho har gitt ut 6 soloalbum. Det siste, “Tonen i meg” kom i 2021. “Et strålende album” skrev Puls, Arild Rønsen. “Jeg finner ingenting å sette fingeren på”. Skriv tekster og musikk i tillegg til sitt arbeid med tradisjonsmusikk. Har 2 Spellemannspriser bak seg, ( 2005 og 2007) og turnerar stadig med eige band i ulike og andre samarbeidskonstellasjoner. Er utdanna folkemusiker og spelar fele og hardingfele i tillegg til å synge. Kåra til Årets Folkemusiker i 2010 og har mottatt en rekke andre priser. Særlig kjent for sanger som Så tag mitt hjerte, Eg vil vere her og Vise til Far. Er for tida aktuell som skuespiller på Det Vestnorske Teater i forestillingen “Heimatt”, som går tom 29.03.
Sondre Meisfjord: Bassist frå Frei på Nordmøre. Jazzmusiker utdanna ved jazzlinja i Trondheim. Kjend frå fleire sentrale grupper og prosjekt som Come Shine, Gjermund Larsen Trio, Erlend Viken Trio, Kari Bremnes band m.fl
Kåre Opheim: trommer. Frå Voss og kjend frå fleire band; Real Ones, Karl Seglem Band, Sigrid Moldestad m.fl
Jørgen Sandvik: Gitarist frå Bergen, busett på Stord. Spelar mange ulike strengeinstrument i tillegg til å synge. Fekk Spellemannsprisen 2018 for si soloplate i klassen for Blues. Kjend frå band som Real Ones, Sigrid Moldestad band, ulike samarbeidsprosjekt.
Tekster av Jan-Magnus Bruheim (1914 -1988)
Musikk av Sigrid Moldestad
Produsert: Yngve L. Sætre
Lyd/Miks: Iver Sandøy og Yngve L. Sæthre
Nøkkelord
Kontakter
Cathrine Å. HeenLabel Manager - A&R - Promotion
Tel:970 26 728cathrine@grappa.noDionisia FjelldalenPromotion: Grappa / Blue Mood / Barneselskapet
Tel:95809699dionisia@grappa.noBilder





Lenker
Om Sounds Like Gold
Følg pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sounds Like Gold på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Yngvil slipper bittersøt sommerlåt om sjalusi i vennskap - "Gråter (over det som er over)" ute nå12.6.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
"Gråter (over det som er over)" er en fengende, bittersøt visepop-låt om vennskap i oppløsning, og frustrasjonen som oppstår når avstanden mellom to mennesker blir større og større. Låta er ute på! Lytt her.
Andreas Rotevatn, Side Brok og Mari Kvien Brunvoll slår seg saman på den energiske og leikne "Mellom saltvatn og sola"12.6.2026 08:50:00 CEST | Pressemelding
På tittelsporet til den komande plata til Andreas Rotevatn får du høyre ei uforskamma energisk og leiken låt, som er på grensa til irriterande catchy og indignérande eklektisk. Men ein stad i midten av alt som skjer her, finn du ei låt som rett og slett berre nektar å la dansefoten stå i ro. Med både Side Brok og Mari Kvien Brunvoll med på laget, får lyttaren servert ei låt med ein unik smak av vestlandsk groove. "Mellom saltvatn og sola" feat. Side Brok og Mari Kvien Brunvoll er ute no. Lytt her!
Mariam Wallentin og Vestnorsk Jazzensemble slipper Spring Flood - Et album om bevegelse, minner og kollektiv skapelse12.6.2026 08:45:00 CEST | Pressemelding
Med Spring Flood presenterer Mariam Wallentin og Vestnorsk Jazzensemble et nytt, kollektivt verk der improvisasjon, poesi og sterke billedlige stemninger smelter sammen i et levende og organisk uttrykk.
Mariam Wallentin & West Norwegian Jazz Ensemble Release Spring Flood, Exploring Movement, Memory and Collective Creation12.6.2026 08:45:00 CEST | Press release
With Spring Flood, Mariam Wallentin and Vestnorsk Jazzensemble present a new collective work in which improvisation, poetry, and vivid imagery merge into a living, organic expression.
Moddi & Kajsa Balto åpner dørene for hverandre: «House by the Sea» nå ute på nordsamisk5.6.2026 09:38:28 CEST | Pressemelding
«Mearariikkas (House by the Sea)» en duett som krysser språk, landskap og kulturer
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
