Samferdselsdepartementet

Samferdselsbudsjettet: På veg mot ei framtid med meir grøn transport

Del
- Klimakampen er den viktigaste jobben vi politikarar har no, og difor er det viktig for regjeringa med målretta tiltak. Transportsektoren står for ein stor del av klimautsleppa våre. Regjeringa har som ambisjon å kutte utsleppa frå transport med 50 prosent i 2030 samanlikna med 2005.I budsjettet for 2021 foreslår regjeringa fleire tiltak som skal bidra til å gjere transporten i Noreg meir grøn, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.
- Regjeringa har som ambisjon å kutte utsleppa frå transport med 50 prosent i 2030 samanlikna med 2005, seier Knut Arild Hareide.
- Regjeringa har som ambisjon å kutte utsleppa frå transport med 50 prosent i 2030 samanlikna med 2005, seier Knut Arild Hareide.

Dei siste fem åra har klimautsleppa frå transport falle med om lag 16 prosent. Reduksjonen kjem i stor grad av elektrifisering og auka bruk av biodrivstoff.

Ambisjonen om utsleppskutt på 50 prosent føreset teknologisk modnad i ulike delar av transportsektoren. Kunnskap om kostnadseffektive tiltak og teknologiutvikling er viktig.

Avgifter og kvoter er viktige verkemiddel
CO2-avgifter og kvoter er dei viktigaste klimaverkemidla, fordi dei bidreg til ei kostnadseffektiv deling av utsleppsreduksjonane mellom sektorane. For 2021 foreslår regjeringa å auke CO2-avgifta med 5 prosent og å auke kravet til biodrivstoff til 24,5 prosent, med eit delkrav om 9 prosent avansert biodrivstoff.

Foreslår å vidareføre dei fleste skattefordelane for elbil
- Noreg ligg heilt i verdstoppen i bruk av elbilar. Det er eit resultat av at dei politiske verkemidlane fungerer. Vår ambisjon er difor at det skal vere attraktivt å velje køyretøy med nullutsleppsteknologi også i åra framover. Målet er at folk berre vil kjøpe personbilar med slik teknologi etter 2025, seier samferdselsministeren.

For elbilar utgjer samla skattefordel i skatte- og avgiftssystemet 19,2 milliardar kroner i 2020. I 2021 foreslår regjeringa trafikkforsikringsavgift for elbilar med same sats som for motorsyklar. Dei resterande avgiftsfordelane foreslår regjeringa å vidareføre.

I tillegg kjem rabattert parkering, ferjetransport, redusert bompengesats og tilgang til kollektivfelt. Desse blir vedtekne lokalt, men det er etablert ein bindande nasjonal regel om at utsleppsfrie bilar ikkje skal ha meir enn halvparten av takstane til bilar som ikkje brukar nullutsleppsteknologi.

Legg til rette for grønt skifte i luftfarten

Regjeringa vil vere ein pådrivar for miljøvennleg luftfart. For å leggje til rette for introduksjon av fly med låge eller ingen utslepp, foreslår regjeringa å innføre eit avgiftsfritak i statsbudsjettet for 2021.

- Vårt kortbanenett gjer at forholda ligg godt til rette for å ta i bruk ny teknologi i luftfarten. For å gjere luftfarten grøn, er det viktig at flyselskap, flyprodusentar og andre aktørar i den internasjonale luftfartsnæringa, får insentiv til endring. Regjeringa foreslår difor å frita reiser med fly som har låge eller ingen utslepp frå flypassasjeravgifta, seier Hareide.

Støtte frå Enova bidrag til utsleppskutt
Statsføretaket Enova er eit viktig verkemiddel for å bidra til teknologiutvikling og utsleppskutt i transportsektoren. Regjeringa har styrkt satsinga på Enova gjennom fleire år, og foreslår å løyve 3,3 milliardar kroner i 2021 over budsjettet til Klima- og miljødepartementet. Dette er ein auke på 1,6 milliardar kroner frå 2013.

Foreslår å trappe opp satsing i byområda
- Regjeringa går inn for å trappe opp satsinga på miljøvenleg transport i dei største byområda, og foreslår å løyve 6,5 milliardar kroner til å følgje opp byvekstavtalene og belønningsavtalene. Dette er ein auke på nær 20 prosent samanlikna med 2020-budsjettet. Målet er at veksten i persontransporten skal tas med kollektivtransport, sykling og gonge, seier samferdselsministeren.

Av den foreslåtte løyvinga på 6,5 milliardar kroner er over 2,6 milliardar kroner sett av til statlege bidrag til store kollektivprosjekt i dei fire største byområda: Fornebubanen i Oslo og Viken, Bybanen til Fyllingsdalen i Bergen, Metrobussen i Trondheim og Bussveien på Nord-Jæren. Det er foreslått at det statlege bidraget til desse prosjekta blir auka frå 50 til 66 prosent i tråd med bompengeavtalen frå 2019. Det er sett av nær ein milliard kroner til dette. 1,5 milliardar kroner er sett av til belønningsmidlar som mellom anna kan gå til drift av kollektivtransport, og 300 millionar kroner er sett av til tilskot til reduserte billettprisar på kollektivtransport i dei ni største byområda.

Betre framkome for bussar, syklistar og gåande på riksvegane
Med budsjettforslaget for 2021 er det venta at det på riksvegane blir tilrettelagt 8,5 km for gåande og syklande, bygd 14,2 km med kollektivfelt og modernisert fire kollektivknutepunkt til å bli universelt utforma. Dette omfattar òg tiltak som blir gjennomførte som følgje av den nemnde satsinga i byområda. Desse tiltaka vil gjere det meir attraktivt for dei reisande å ta kollektivtransport, sykle og gå.

Midlane til gåande og syklande vil i hovudsak bli brukte til å byggje samanhengande sykkelvegnett i byar og tettstader, og byggje ut strekningar om er knytte til skolevegar.


Meir miljøvennlege ferjer og snøggbåtar
- I 2021 vil Statens vegvesen starte opp kontraktar på ferjesambanda Molde–Vestnes, Halsa–Kanestraum og Hjelmeland–Nesvik–Skipavik på riksvegnettet, med krav om nullutsleppsteknologi. Den hydrogen-elektrisk ferja som skal inn i trafikk på sambandet Hjelmeland–Nesvik–Skipavik blir verdas fyrste fartøy som går på flytande hydrogen. Det vil i alt vere 22 fartøy baserte på nullutsleppsteknologiar i drift på riksvegferjesambanda i løpet av 2021, seier samferdselsministeren.

For å gi fylkeskommunane større moglegheit til å prioritere låg- og nullutsleppsløysingar for ferjer og snøggbåtar, foreslår regjeringa å setje av 100 millionar kroner av auken i dei frie midlane for fylkeskommunane over Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett til ei særskilt fordeling til ferje- og båtfylka.

Stor jernbanesatsing skal gi fleire klimavenlege togreiser
I løpet av dei siste 7 åra fram til koronapandemien ramma verden, har talet på togreiser auka med over 20 prosent, til om lag 80 millionar. Regjeringa vil at meir av både person- og godstransporten skal gå på jernbane. Når stadig fleire reisande vel raske og miljøvenlege togreiser, bidrar det samstundes til betre trafikktryggleik, mindre kø og færre utslepp på vegnettet.

For fyrste gong blir det foreslått å løyve over 30 milliardar kroner til jernbaneformål. Budsjettforslaget på 32,1 milliardar kroner er 20 prosent høgare enn vedtatt budsjett for 2020.

Regjeringa går mellom anna inn for full framdrift i dei fem pågåande utbyggingsprosjekta på InterCity-strekningane på Austlandet: Drammen-Kobbervikdalen og Nykirke-Barkåker på Vestfoldbanen, Oslo-Ski (Follobanen) og Sandbukta-Moss-Såstad på Østfoldbanen og Venjar-Eidsvoll-Langset på Dovrebanen. Budsjettforslaget gjer det også mogleg med anleggsstart på prosjektet Kleverud-Sørli på Dovrebanen.

I Trøndelag skal 14 bimodale tog inn i trafikk på Trønderbanen, Meråkerbanen og delar av Rørosbanen i 2021. Desse hybridtoga, som nyttar køyreleidningar på elektrifiserte strekningar og kan bruke diesel på ikkje-elektrifiserte strekningar, er meir miljøvenlege enn gamle dieseltog som blir skifta ut i løpet av neste år.

I l 2021 startar for alvor anleggsarbeidet på elektrifiseringsprosjektet i Trøndelag. Om nokre år vil anlegg med køyreleidning vere klar til bruk på Meråkerbanen, Leangen-Stavnebanen og Trønderbanen mellom Trondheim og Værnes. Elektrifiseringsprosjektet vil òg bidra til ein meir klimavennleg togtrafikk i Trøndelag.  

Delar av godsnæringa på jernbanen har dei siste åra fått økonomiske utfordringar på grunn av auka konkurranse frå lastebiltransport og at togselskapa har opplevd dårleg driftsstabilitet i infrastrukturen. For å leggje til rette for at meir gods blir frakta på skjener, etablerte regjeringa i 2019 ei treårig støtteordning for å overføre gods frå veg til bane. Regjeringa foreslår å løyve 90 millionar kroner til ordninga i 2021.

Testsenter for oljevern på Fiskebøl
Regeringa har som mål at Noreg skal vere i førarsetet i verden når det gjeld kunnskap og utvikling av oljevern og i arbeidet med marin forsøpling. Difor blei Senter for oljevern og marint miljø etablert i 2018.

Senter for oljevern og marint miljø og Kystverket har i samarbeid levert eit forprosjekt om å etablere testfasilitetar for å utvikle oljevernteknologi på Fiskebøl i Vesterålen. I budsjettet for 2021 foreslår regjeringa å sette av pengar til den vidare planlegginga av ei slik etablering.

Konkurranse om betre og meir miljøvennlege mobilitetsløysingar
På budsjettet for 2021 foreslår regjeringa å løyve nær 17 millionar kroner til konkurransen "Smartere transport", som blei gjennomført i 2018. Formålet er oppmuntre norske fylkeskommunar, i samarbeid med aktuelle bykommunar og andre offentlege og private aktørar, til å utarbeide framtidsretta forslag til meir effektive og miljøvennlege mobilitetsløysingar.

Nøkkelord

Bilder

- Regjeringa har som ambisjon å kutte utsleppa frå transport med 50 prosent i 2030 samanlikna med 2005, seier Knut Arild Hareide.
- Regjeringa har som ambisjon å kutte utsleppa frå transport med 50 prosent i 2030 samanlikna med 2005, seier Knut Arild Hareide.
Last ned bilde

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Regjeringen vil bruke 58 millioner kroner på utlippsfrie anleggsplasser26.4.2024 11:00:00 CEST | Pressemelding

– Klimagassutslippene i transportsektoren må ned, og da må vi også få ned utslippene fra anleggsplassene. Gravemaskiner, hjullastere, dumpere og andre store maskiner står for store utslipp av klimagasser. Derfor gir vi også i 2024 tilskudd til ti ulike prosjekter for å teste ut ulike løsninger for på sikt å få anleggsplassene til å bli utslippsfrie, sier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

FOT-rutene: Vil utrede hvordan flyrutetilbudet kan bli best mulig26.4.2024 07:00:00 CEST | Pressemelding

- At folk kan bo og leve gode liv i hele landet, er en viktig prioritet for denne regjeringen. Derfor halverte vi maksprisene på FOT-rutene fra 1. april, i tillegg til å øke setekapasiteten og ta inn to nye ruter i ordningen. Nå arbeider vi med et utredningsoppdrag for å se på hvordan vi kan videreutvikle og optimalisere det regionale flytilbudet i Norge. Vi skal gjennomføre en bred vurdering av hvordan vi best mulig kan legge til rette for et godt flyrutetilbud i hele landet til en overkommelig pris, både for de reisende, men også for staten som kjøper, sier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Regjeringen vil sikre god og miljøvennlig transport langs kysten25.4.2024 14:00:00 CEST | Pressemelding

– Det er viktig med god og effektiv transport av gods og passasjerer langs kysten. Kystruten har en lang og stolt historie med over 130 år med transport av passasjerer og gods langs kysten fra Bergen til Kirkenes, og regjeringen ønsker å sikre et best mulig tilbud også i fremtiden. Derfor setter vi denne våren i gang et transport- og miljøfaglig utredningsarbeid av kystrutetjenesten, sier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Ny Stortingsmelding skal sikre Norges posisjon som foregangsland for droner og ny luftmobilitet25.4.2024 07:00:00 CEST | Pressemelding

– Vi står overfor et paradigmeskifte i luftfarten, hvor vi ved hjelp av stadig mer avanserte droner kan løse stadig flere og mer komplekse oppgaver i samfunnet. Dette kan i tillegg gjøres mer effektivt og sikkert, til lavere kostnader og med reduserte utslipp. Vi har som mål at Norge fortsatt skal være et foregangsland for droner. Derfor starter vi arbeidet Norges første stortingsmelding for droner og ny luftmobilitet. Denne skal være klar i løpet av våren 2025, sier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye