Samferdselsdepartementet

Tiltak for betre reisopplevingar for flypassasjerar med nedsett funksjonsevne

20.11.2026 11:49:26 CET | Samferdselsdepartementet | Pressemelding

Del

Samferdselsdepartementet vil i dialog med Luftfartstilsynet konkretisere kva som bør gjerast for at personar med nedsett funksjonsevne kan reise med fly på ein verdig måte og utan unødvendige hinder. Informasjon, kunnskap og rettleiing om regleverk vil vere viktige tiltak. Arbeidet tar utgangspunkt i ein rapport som Luftfartstilsynet har laga i tett samarbeid med organisasjonar som representerer denne passasjergruppa.

Fly på Oslo lufthamn.
Samferdselsdepartementet vil i dialog med Luftfartstilsynet konkretisere kva som bør gjerast for at personar med nedsett funksjonsevne kan reise med fly på ein verdig måte og utan unødvendige hinder. Foto: SD

–  Alle skal kunne ha gode reiseopplevingar, uansett om ein er avhengig av tilrettelegging eller ikkje. Manglande kunnskap og medvit om passasjerar med nedsett funksjonsevne har påført dei fleire negative reiseopplevingar. Luftfartstilsynet har no kartlagt kva som kan gjerast for å betre reiseopplevinga til denne flypassasjergruppa. Tilsynets rapport er eit godt utgangspunkt for at vi kan nokre viktige grep på dette området, seier samferdselsminister Kamzy Gunaratnam.    

Etter innspel frå Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Norges Handikapforbund og andre relevante aktørar, har Luftfartstilsynet kome fram til forslag til prioriteringar for betre reiseopplevingar for personar med nedsett funksjonsevne.

– I Noreg skal alle ha same moglegheit til å delta, uavhengig av funksjonsnedsetting. Dette gjeld òg på reise. Dessverre har vi høyrt fleire historier om negative hendingar når folk med nedsett funksjonsevne skal ut og fly, og sånn skal vi ikkje ha det. Eg er difor glad for at vi no har fått eit oppdatert kunnskapsgrunnlag, og oppfylginga av rapporten vil vere viktig for å sikre like moglegheiter til deltaking, også på flyreise, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Mangel på informasjon og kunnskap – og uklåre reglar
Eit gjennomgangstema i rapporten er utfordringar knytte til informasjon. Flyselskapas mangel på relevant informasjon om behovet til den einskilde passasjer, manglande deling av informasjon mellom personell på flyplassane og i flyselskapa og byrden ved å måtte gjenta informasjon om rullestolar og andre hjelpemiddel kvar gong ein er ute og reiser.

– Nokre av problema ser ut til å skuldast at personalet på lufthamner og i flyselskap ikkje har tilstrekkeleg kunnskap om kva for reglar som gjeld og korleis dei signala som personalet gir, opplevast for personar med nedsett funksjonsevne. Andre gonger er årsaka at reglane rett og slett er uklåre. Då kan rettleiing frå Luftfartstilsynet bidra til avklaring. Tilsynet skal følgje dette opp i dialog med organisasjonane som representerer personar med funksjonsnedsettingar, seier samferdselsministeren.

Luftfartstilsynets prioriterte tilrådingar
I rapporten tilrår Luftfartstilsynet følgjande:

  • Tiltak som kan gjennomførast på kort sikt: Tolkingsrettleiing, bransjeforum og betre opplæring

  • Tiltak som krev regelverksendringar: Nasjonale krav, EU-regelverksinitiativ. krav til dokumentasjon og grunngjevingar

  • Tiltak som krev vidare utgreiing: Informasjonslysingar, registrering av individuelle behov, og gjennomgang av auka tidsbruk


Følgjer opp oppmoding frå Stortinget
Etter at Stortinget i juni i år behandla eit representantforslag om rettane til flypassasjerar med nedsett funksjonsevne, blei regjeringa oppmoda av alle stortingspartia om å følgje opp saka. Luftfartstilsynets fekk då i oppdrag av Samferdselsdepartementet å kartleggje kva som kan gjerast for å betre reiseopplevinga for denne passasjergruppa.


For fleire opplysningar 
–  sjå:

Nøkkelord

Kontakter

Om oss

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.

Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye