Samferdselsbudsjettet 2020: Full fart i bygging av veg og bane
7.10.2019 10:01:00 CEST | Samferdselsdepartementet | Pressemelding
Det seier samferdselsminister Jon Georg Dale i samband med at regjeringa i dag legg fram forslag til statsbudsjettet for 2020.
Meir vedlikehald og bygging av nye vegar
– For at folk skal kunne bu og arbeide i heile landet, er vi avhengige av gode vegar. Difor har denne regjeringa auka satsinga på vedlikehald av eksisterande vegar og investeringa i nye. For sjette året på rad legg vi fram eit budsjett som vil gi redusert vedlikehaldsetterslep på riksvegnettet, etter fleire tiår med auka etterslep. Med budsjettforslaget for neste år er satsinga på veg på 38 milliardar kroner. Det er ein auke på over 80 prosent sidan 2013, seier samferdselsministeren.
Vegane våre skal òg vere trygge mot ras. Til sikring mot ras på riks- og fylkesvegane foreslår regjeringa difor å løyve nesten to milliardar kroner. Dette vil bidra til betre og tryggare vegar for næringslivet og innbyggjarane.
Standarden på fylkesvegane skal bli betre. I statsbudsjettet for 2020 blir det prioritert 100 millionar kroner til ei ny tilskotsordning til fylkesvegar som er viktige for næringstransport. I tillegg fordeler regjeringa 1,5 milliardar kroner av tildelinga til fylka til opprusting og fornying av fylkesvegane.
Satsinga på jernbanen blir trappa opp
– Vi held fram med å løfte norsk jernbane til eit moderne og godt fungerande transportsystem, som kan frakte mange menneske til jobb kvar dag på ein miljøvenleg måte. I statsbudsjettet for 2020 vi foreslår vi å løyve 26,8 milliardar kroner til jernbanen. Det er ein auke på heile 88 prosent sidan 2013, seier Dale.
Dei føreslåtte løyvingane vil mellom anna gå til ni nye togsett, anleggsstart for eit nytt stort prosjekt på Dovrebanen, elektrifisering av Trønder- og Meråkerbanen, auka aktivitet i fleire av dei pågåande prosjekta, samt eit betre togtilbod. Det vil mellom anna bli betre nettdekning, fleire sovevogner og fleire togavgangar.
Teknologi er viktig for transport og miljø
– I løpet av dei siste åra har utslepp frå transportsektoren blitt redusert. Denne utviklinga skal fortsette. Difor legg vi til rette for meir bruk av miljøvenlig teknologi, alternative drivstoff og at folk kan velje meir miljøvenlege transportmiddel, seier samferdselsministeren.
Teknologi er òg viktig for sjøfarten. Det vil mellom anna òg styrke Noreg som sjøfartsnasjon og bidra til maritim næringsutvikling.
Ein sikker sjøveg for folk og gods
Framkome og tryggleik til sjøs er viktig. Med budsjettforslaget vil regjeringa ha halvert etterslepet på vedlikehald på navigasjonsinnretningar frå meir enn 1,4 milliardar kroner i 2014 til under 700 millionar kroner, som er forventa nivå i 2020.
Vidare vil regjeringa bruke 50 millionar kroner til incentivordninga for oppstart av nye tilbod for godsfrakt på sjø.
Auka satsing på luftfartstryggleik
Regjeringa foreslår å styrkje Luftfartstilsynet i 2020 med ytterlegare 15 millionar kroner. Desse midla vil i hovudsak gå til Luftfartstilsynets arbeid med sikker bruk og samfunnstenleg utvikling av dronar.
– Vi skal ha ein trygg, framtidsretta og effektiv luftfart i Norge. Luftfartstilsynet blir sett i enda betre stand til å løyse framtidas oppgåver. I statsbudsjettet for 2020 styrkjer regjeringa Luftfartstilsynet innan områda ubemanna luftfart, altså dronar, og tryggleik, seier Dale.
PRIV. Til. RED.:
Fylkesoversikt og fleire pressemeldingar om samferdselsbudsjettet finn du her:
https://www.regjeringen.no/no/dokument/statsbudsjettet/statsbudsjettet-2020/id2668139/
Nøkkelord
Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Sender forslag til etablering av nytt løyveregister ut på høring9.7.2026 13:44:39 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen sender i dag etablering av et nytt løyveregister på høring. Det nye registret skal blant annet sikre brukerne enklere og bedre selvbetjeningsløsninger.
Nå kan fylkeskommunene søke om tilskudd sånn at de reisende kan kjøpe enda billigere månedskort3.7.2026 15:48:45 CEST | Pressemelding
Fylkeskommunene kan nå søke om penger for å sette ned prisen på månedskort enda mer. For de reisende betyr dette at månedskortet nok en gang blir billigere i år – med en ny prisreduksjon på cirka 160 kroner. Dette kommer i tillegg til den forrige prisreduksjonen på om lag 100 kroner.
Vil gi kommuner mulighet til å innføre nullutslippssoner2.7.2026 10:58:09 CEST | Pressemelding
På vegne av Samferdselsdepartementet har Statens vegvesen sendt et høringsforslag som åpner for kommunale nullutslippssoner. Forslaget innebærer nødvendige endringer i vegtrafikkloven, en ny forskrift og endringer i skiltforskriften. Formålet er blant annet å fremskynde overgangen til nullutslippsvarebiler.
Nå innføres internkontrollen i drosjenæringen1.7.2026 13:10:30 CEST | Pressemelding
Fra 1. juli 2026 har drosjesentralene et tydeligere ansvar for å bidra til ryddige og trygge forhold i næringen.
Ny avtale gir 500 millioner kroner til enklere og grønnere bytransport i Buskerudbyen1.7.2026 10:20:22 CEST | Pressemelding
En ny belønningsavtale for Buskerudbyen er i dag inngått mellom Samferdselsdepartementet, Buskerud fylkeskommune og kommunene Kongsberg, Øvre Eiker, Drammen og Lier. Avtalen gjelder for perioden 2026 til 2029 og finansierer tiltak som gjør det enklere å reise kollektivt, gå og sykle, og som bidrar til å nå nullvekstmålet for persontransport med bil.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
