Reinare luft på Bardufoss
- Når ein stor oljefyrt varmesentral blir teken ut av bruk og erstatta med eit moderne flisfyringsanlegg, er det eit miljøtiltak som monnar. Omlegginga i Bardufoss leir sparar klimaet for påkjenninga av inntil 5200 tonn CO2 kvart år, seier prosjektleiar Stian Rene Nilsen i Forsvarsbygg.
Kontrakten Forsvarsbygg har inngått med Bioenergy AS i september 2016 er estimert til ein verdi på vel 175 millionar kroner inkl. MVA.
Miljøvenleg
- Oljefyrane blir fasa ut, og både Bardufoss og Heggelia leir blir oppvarma med varmt sirkulerande vatn frå eit nytt fjernvarmeanlegg som blir drifta og eigd av Bioenergy. Leveransen av varmtvatn skal etter planen starte opp rett over nyttår og etter det gå i 20 år frå oppstart-tidspunktet. - Når fjernvarmeanlegget på Bardufoss står ferdig, har Forsvarsbygg sett i drift fem anlegg som til saman sparar miljøet for tonnevis av CO2-utslepp i året. Dette er ei styrt avvikling av fossilt brennstoff i militærleirane, seier Nilsen.
Reduserte kostnader
Fjernvarmeleverandøren etablerer ein ny energisentral basert på biobrensel med ein grunnlast på fliskjelar med ein kapasitet på 4,2 MW og ein spisslast/backup med fyringsolje med ein kapasitet på 12 MW.
Med denne avtalen får Forsvarsbygg ein fast energipris levert i 20 år. Energiprisen kan berre krevjast indeksregulert i samsvar med endringa i SSB sin konsumprisindeks.
På denne måten blir kostnadene på energi haldne på eit stabilt nivå og gjev føreseielege rammer for driftskostnadene for Forsvarsbygg. Finansieringa er støtta av Enova.
BILETTEKST:
Kontrakt: Odd-Egil Reinås, dagleg leiar Bioenergy AS og Thorbjørn Thoresen, direktør Forsvarsbygg. (Foto: Beate Ingebrigtsen)
Nøkkelord
Kontakter
PRESSEVAKT
Forsvarsbyggs pressevakt er tilgjengelig både innenfor og utenfor ordinær kontortid og nås på telefonnummer 47 7777 47
Bilder
Lenker
Om Forsvarsbygg
Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet som utviklar, byggjer, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren.
Følg pressemeldinger fra Forsvarsbygg
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Forsvarsbygg på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Forsvarsbygg
Ørland: Husdyrhald i raud støysone kan førast vidare17.9.2019 13:21:23 CEST | Pressemelding
Husdyrundersøkinga for storfe konkluderer med at kampflyas visuelle effekt har betyding, og at det er nødvendig med individuelle vurderingar av besetningane. Tiltak for å auke dyrevelferda blir anbefalt.
Ny moderne forlegning på Kolsås4.4.2019 13:26:15 CEST | Pressemelding
Soldater som før bodde spredt, og til dels utenfor leiren, blir nå samlet under ett tak i et helt nytt bygg.
Støymålinger og flygetraseer på Ørland29.3.2019 10:42:22 CET | Pressemelding
Resultatene viser fortsatt bra samsvar mellom målinger og beregninger. I tillegg viser registrering av flygetraseer at 65 % av avgangene har sving mot vest i siste periode.
Viktig samhandlingsavtale på plass for Andøya22.3.2019 08:44:38 CET | Pressemelding
Skal gi forutsigbarhet og gode rammer for det videre samarbeidet
Evenes – stor kontrakt til Harstad Maskin28.2.2019 14:13:20 CET | Pressemelding
Oppbyggingen av Forsvarets nye flystasjon på Evenes går over i en ny fase. Harstad Maskin har underskrevet en anleggskontrakt på infrastruktur i størrelse på vel 184 millioner kroner inkl. mva.