Ørland: Husdyrhald i raud støysone kan førast vidare
Som ein del av oppfølgjande undersøkingar etter konsekvensutgreiinga for Ørland flystasjon, har Forsvarsbygg tatt initiativ til å undersøke husdyr og husdyrproduksjon med storfe i raud støysone.
Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) har hatt det landbruksfaglege ansvaret for undersøkinga, leda av professor Inger Lise Andersen og med Nina Kalis som prosjektmedarbeidar. Gardbrukarane, lokal og regional landbruksforvalting og Mattilsynet har vore viktige samarbeidspartnarar og Multiconsult har stått for akustikkfaglige målingar.
Undersøkingar sidan 2013
Formålet med Husdyrundersøkinga har vore å få kunnskap om korleis storfe reagerer på forstyrringar ifrå flyaktivitet. Sidan 2013 har det i fleire omgangar blitt gjort observasjonar av besetningar, kombinert med støymålingar. Dei første undersøkingane med F-16, deretter ei undersøking med det nye flygemønsteret, men med F-16 og F-18.
Reaksjonar på F-35
Det har vore eit mål å få meir kunnskap om korleis dyra reagerer på flystøy etter innfasing av nye F-35 kampfly, og i veke 23 i år blei det gjort nye registreringar inklusivt støymålingar av avgangar og landingar med F-35. Gjennom veka letta det mellom to til fire fly per dag. Ved avgang nordover, svinga flya stort sett vestover over Hoøya, i tillegg til flyging rett fram ved enkelte avgangar. Alle F-35 flaug utan last eller etterbrennar, men med fullt motorpådrag.
11 besetningar med 278 dyr blei registrert
I undersøkingsveka blei det gjort åtferdsobservasjonar av totalt 11 besetningar og det blei observert totalt 278 dyr. Dyra blei observert i samband med takeoff, overflyging og landing. Det vart spesielt lagt vekt på kyrnes beiteåtferd og alle typar reaksjonar på avgang og overflyging, ifrå orienteringsresponsar til klare flukt og stressreaksjonar. Spesielt ved overflyging og endringar i flygemønster blei det i nokre besetningar og hos ein del dyr registrert sterke fryktreaksjonar.
Kampflyas visuelle påverknad og behov for individuell vurdering
Dyr som har vore innandørs har ikkje under nokre omstende i alle år reagert særleg på flystøy. Faktisk har hjartefrekvensmålingane gitt større utslag på hendingar i fjøset som fôring enn ved flyavgangar. Det blei vidare funne at dB-nivået i seg sjølv ikkje er forklaring nok på reaksjonane til dyra og at vaksne kyr - så vel som kalvar - innhenta utanfor støysona, tilpassar seg relativt raskt.
Det blir konkludert med at kampflyas visuelle effekt, spesielt ved overflyging, kan ha vel så stor betyding som støynivåa i seg sjølv, og at det vil vere sentralt med ei individuell vurdering av kvar besetning.
Leskur som tiltak for auka dyrevelferd
Leskur på beite blir anbefalt prøvd ut hos dei meste utsette besetningane i raud støysone.
- Resultata viste at dyra som hadde moglegheit til å søke tilflukt i fjøset eller i eit leskur trekte dit viss dei vart skremde. Vi anbefaler at ein undersøker om eit slikt leskur kan auke dyrevelferda i raud støysone. Eit slikt tiltak for dei meste utsette besetningane vil vere avgjerande for å betre sameksistensen for kampfly og husdyr i støysona, seier professor Inger Lise Andersen ved NMBU.
Ho legg til:
- På grunn av fluktreaksjonane til dyra på beite meiner vi at eit fortsett husdyrhald i raud støysone vil vere mest forsvarleg dersom dyra har fluktmoglegheiter og at bøndene kan bu på gardane sine, slik at dei kan vere til stades ved uføreseieleg flyging og endra flygemønster.
Uvurderleg innsats av NMBU
- Dette arbeidet har vore viktig og det flott at det no er landa ein konklusjon. Innsatsen som NMBU og dei andre samarbeidspartnarane har gjort i denne undersøkinga har vore uvurderleg, seier Carl Oscar Pedersen, eigedomssjef ved Forsvarsbygg kampflybase.
Undersøkingar i framtida kan bli aktuelt
I tillegg til konklusjonen om den synlege verknaden til kampflya og individuell vurdering, summerer rapporten òg opp med at flygeaktiviteten per i dag ikkje kan reknast som representativ for flygeaktiviteten i framtida.
- Resultata fastslår at det er fullt mogleg å drive husdyrhald i støysona med dagens flygeaktivitet, men det er viktig å påpeike at dette nødvendigvis ikkje gjeld dersom aktiviteten blir vesentleg større med F-35 med mange flyavgangar og fullasta fly med etterbrennarar, seier Inger Lise Andersen.
For å få svar på korleis husdyra reagerer når flystasjonen er i full drift med F-35, kan det bli aktuelt å følgje opp med fleire undersøkingar i framtida.
- Denne vurderinga vil vi ta i samarbeid med NMBU og involverte aktørar, avsluttar Carl Oscar Pedersen.
Nøkkelord
Kontakter
Forsvarsbyggs pressevakt er tilgjengelig hver dag fra 7-19 og nås på telefonnummer 47 7777 47 eller epost pressevakt@forsvarsbygg.no
Bilder
Lenker
Om Forsvarsbygg
Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet som utviklar, byggjer, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren.
Følg pressemeldinger fra Forsvarsbygg
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Forsvarsbygg på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Forsvarsbygg
Ny moderne forlegning på Kolsås4.4.2019 13:26:15 CEST | Pressemelding
Soldater som før bodde spredt, og til dels utenfor leiren, blir nå samlet under ett tak i et helt nytt bygg.
Støymålinger og flygetraseer på Ørland29.3.2019 10:42:22 CET | Pressemelding
Resultatene viser fortsatt bra samsvar mellom målinger og beregninger. I tillegg viser registrering av flygetraseer at 65 % av avgangene har sving mot vest i siste periode.
Viktig samhandlingsavtale på plass for Andøya22.3.2019 08:44:38 CET | Pressemelding
Skal gi forutsigbarhet og gode rammer for det videre samarbeidet
Evenes – stor kontrakt til Harstad Maskin28.2.2019 14:13:20 CET | Pressemelding
Oppbyggingen av Forsvarets nye flystasjon på Evenes går over i en ny fase. Harstad Maskin har underskrevet en anleggskontrakt på infrastruktur i størrelse på vel 184 millioner kroner inkl. mva.
Delte våre erfaringer med F-3514.2.2019 10:08:03 CET | Pressemelding
Forsvarsministeriet i Danmark besøkte Ørland flystasjon for å få høre om våre erfaringer med å tilrettelegge for F-35.