Regjeringa styrker Daglegvaretilsynet
– Eg har sidan eg tiltredde understreka at situasjonen i daglegvarebransjen er uhaldbar, og vi ser at det framleis er ein del uheldig forretningskultur i bransjen. Det går utover prisar og utval til forbrukarane. Derfor er det viktig at Daglegvaretilsynet får fleire ressursar, slik at dei kan trappe opp arbeidet sitt med å rydde opp og at handhevinga av lov om god handelsskikk blir så effektiv som mogleg, seiar næringsminister Jan Christian Vestre.
I Hurdalsplattforma står det at regjeringa ønsker å sikre ein betre maktbalanse i verdikjeda for mat gjennom betre tilsyn, større openheit, og meir rettferdig fordeling av verdiane i kjeda.
For å sikre ein effektiv handheving av lov om god handelsskikk, og sørge for tilstrekkeleg tilsyn og openheit som sikrar forbrukaranes interesser, gjer regjeringa framlegg om å auke løyva med nærare 50 prosent i 2023, frå 6,7 millionar kroner til 9,7 millionar kroner. Styrkinga inneberer at tilsynet kan auke den faglege bemanninga.
– Denne styrkinga gjer det enklare for Daglegvaretilsynet å drive med målretta rettleiing- og informasjonsarbeid overfor aktørane i bransjen, seier Vestre.
Regjeringa prioriterer arbeidet med å styrke konkurransen i daglegvaremarknaden høgt, og har allereie varsla ein rekke andre tiltak knytt til blant anna forskjellar i innkjøpsprisar, tiltak for å lette tilgangen til attraktive butikklokale og ein utgreiing av kjedenes eigne merkevarer (EMV).
Regjeringa sine grep for å betre konkurransen i daglegvarebransjen
- Regjeringa er i gang med å utarbeide utkast til forskrift om regulering av forskjellar i innkjøpsprisar, som etter planen skal på høyring hausten 2022.
- Regjeringa jobbar med tiltak for å lette tilgangen til attraktive butikklokale i daglegvaremarknaden. Som ein oppfølging av dette ble det sendt eit utkast til forskrift om forbod mot negative servituttar og eksklusive leigekontraktar i daglegvaremarknaden på høyring 5. juli 2022, med høyringsfrist 5. oktober 2022
- Regjeringa skal utgreie bruken av kjedenes eigne merkevarer (EMV) i daglegvaremarknaden, og oppdraget skal etter planen bli lyst ut hausten 2022.
- Konkurransetilsynet har foreslått eit nytt og meir fleksibelt marknadsetterforskingsverktøy for å kunne komme med bransjespesifikke konkurransefremjande tiltak. Regjeringa vil utgreie behovet for eit slikt verktøy.
Daglegvaretilsynet og lov om god handelsskikk
- Daglegvaretilsynet vart oppretta 1. januar 2021 og skal handheve lov om god handelskikk.
- Lov om god handelsskikk skal legge til rette for meir effektive forhandlingar og kontraktar mellom daglegvarekjeder og leverandørar.
- Formålet med loven er å redusere konfliktnivået i daglegvarebransjen, gjennom å sikre ryddigare forhandlingar og meir føreseielege avtaler mellom aktørane.
- Daglegvaretilsynet skal bidra til effektiv bruk av samfunnets ressursar og ivaretaking av forbrukaranes interesser ved å fremme ærlegdom, føreseielegheit og lojalitet i kontraktsforhold mellom næringsdrivande i daglegvarebransjen.
Om Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo
Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd
Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.
Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Internasjonal dag for kvinner i maritim næring18.5.2024 09:00:00 CEST | Pressemelding
18. mai er den internasjonale dagen for kvinner i maritim næring, en årlig begivenhet initiert av FNs internasjonale sjøfartsorganisasjon (IMO). Formålet med dagen er å synliggjøre kvinners deltakelse i næringen og fremheve arbeidet som gjøres for å inkludere flere kvinner.
Nye forslag om krav til sikkerhet og beredskap i offentlige anskaffelser16.5.2024 09:42:16 CEST | Pressemelding
Anskaffelsesutvalget foreslår i ny delutredning at sikkerhet og beredskap skal ivaretas i offentlige anskaffelser. Utvalget foreslår også hvordan lokale aktører kan delta i konkurransen om offentlige kontrakter.
Næringsministeren tar imot utredning om offentlige anskaffelser14.5.2024 10:00:00 CEST | Presseinvitasjon
Torsdag 16. mai mottar næringsminister Cecilie Myrseth andre utredning fra anskaffelsesutvalget. Halvard Haukeland Fredriksen leder utvalget som i 2022 fikk i oppdrag å revidere regelverket.
Ny avtale sikrer internasjonalt samarbeid om drift av autonome skip10.5.2024 07:00:00 CEST | Pressemelding
Norge har signert en ny avtale med Storbritannia, Belgia, Danmark og Nederland for å legge til rette for bedre samarbeid om internasjonal drift av autonome skip.
Over 2 millioner kroner til kommunale ungdomsfiskeprosjekter8.5.2024 11:13:56 CEST | Pressemelding
I år får 24 kommuner støtte til å organisere sommerjobb på sjøen for ungdom.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom