Ny styreleiar i Sjukehusapoteka Vest
27.3.2023 08:27:22 CEST | Helse Vest RHF | Pressemelding

Helge Torgersen er styreleiar frå og med føretaksmøtet. Han tar over etter Trude Marit Risnes, som har vore styreleiar i Sjukehusapoteka Vest HF sidan 2017, og no ønskjer å tre av.
- Eg har gitt styret i Helse Vest RHF melding om at eg ønskjer å bli avløyst. Eg er stolt av medarbeidarane i Sjukehusapoteka Vest sitt bidrag til å levere gode helsetenester. Det er ikkje med lett hjarte eg går av, men arbeidsmengda eg har hatt som styreleiar dei siste vekene lar seg ikkje kombinere med andre forpliktingar eg har, blant anna hos hovudarbeidsgivaren min, seier Risnes.
Agnes Landstad, styreleiar i Helse Vest RHF takkar Trude Marit Risnes for innsatsen ho har lagt ned i rolla ho har hatt i fleire år. - Samtidig har eg full respekt for at ho no vel å trekkje seg. Så er eg glad Helge Torgersen har takka ja til å til å ta over denne oppgåva. Han kjenner spesialisthelsetenesta særs godt og går inn i arbeidet som styreleiar med solid erfaring, noko som vil vere nyttig for sjukehusapoteka våre framover.
Torgersen (68) er i dag rådgivar. Han er tidlegare partnar og direktør i Deloitte. Her har han hatt eit særleg ansvar for helse og offentleg sektor. Han har lang erfaring frå å leie ulike oppdrag for alle dei regionale helseføretaka, dei fleste helseføretaka i landet, direktorat og departement. Torgersen er utdanna anestesilege og bedriftsøkonom. Han har hatt klinisk praksis som overlege ved svenske og norske sjukehus og har vore administrerande direktør ved Lovisenberg Diakonale Sjukehus, i tillegg til å ha styreerfaring, mellom anna som styreleiar i Lovisenberg Sykehusapotek.
Nøkkelord
Kontakter
Agnes LandstadStyreleiarHelse Vest RHF
Tel:915 46 610Bente AaeKommunikasjonsdirektørHelse Vest RHF
Tel:415 33 807bente.aae@helse-vest.noBilder

Om Helse Vest RHF
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Dette er dei nye styra i helseføretaka i Helse Vest20.1.2026 09:59:05 CET | Pressemelding
Helseføretaka på Vestlandet og Sjukehusapoteka Vest har fått nye styre. Dei vart oppnemnde i føretaksmøte i dag, tysdag 20. januar. Her ser du oversikta.
Helse Vest heidrar prosjekt som løftar legeutdanninga9.1.2026 09:14:32 CET | Pressemelding
Helse Vest sin utdanningspris for 2025 går til PROFMED-prosjektet, for det nyskapande arbeidet sitt med å styrkje medisinstudentars læring og profesjonelle identitet i klinisk praksis.
Her er vinnarane av forskings- og innovasjonsprisen i Helse Vest21.11.2025 09:34:33 CET | Pressemelding
Forskingskonferansen løfta fram tre framifrå bidrag til forsking og innovasjon i Helse Vest.
Går vidare med to byggeprosjekt i Helse Vest13.11.2025 10:53:15 CET | Pressemelding
Styret i Helse Vest RHF godkjente til to viktige forprosjekt på styremøtet denne veka. Både byggjetrinn 2 på nye Stavanger universitetssjukehus og oppgradering av sikkerheitsposten på Valen sjukehus fekk ja.
Ny direktør for digitalisering i Helse Vest RHF11.9.2025 08:25:01 CEST | Pressemelding
Ørjan Andersen er tilsett som ny direktør for digitalisering i Helse Vest RHF.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
