Helse Vest heidrar prosjekt som løftar legeutdanninga

Del

Helse Vest sin utdanningspris for 2025 går til PROFMED-prosjektet, for det nyskapande arbeidet sitt med å styrkje medisinstudentars læring og profesjonelle identitet i klinisk praksis.

Direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi Hilde Brit Christiansen i Helse Vest, Monika Kvernenes fra Universitetet i Bergen, professor Edvin Schei frå Universitetet i Bergen, Julie Solberg Knudsen frå Universitetet i Bergen og fagdirektør Bjørn Egil Vikse i Helse Vest RHF.
Direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi Hilde Brit Christiansen i Helse Vest, Monika Kvernenes fra Universitetet i Bergen, professor Edvin Schei frå Universitetet i Bergen, Julie Solberg Knudsen frå Universitetet i Bergen og fagdirektør Bjørn Egil Vikse i Helse Vest RHF. Siv Rosvik Vindenes Helse Vest

Prosjektet har utvikla ein enkel og forskingsbasert modell, som gir medisinstudentar i praksis tryggleik og auka læringsutbytte. Kjernen i modellen er «rettleiarfamiliar» – små grupper med LIS-legar og studentar som skaper relasjonar, ansvarskjensle og meistring utan ekstra ressursbruk.

– Prosjektet har stor overføringsverdi til andre kliniske spesialitetar og utdanningsløp. Det er særleg relevant for vidareutvikling av legeutdanninga i Helse Vest inkludert utvikling av Vestlandslegen på fire campus på Vestlandet. Målet til prisen er å løfte fram kor viktig god utdanning er, for helseføretaka, fagmiljøa og studentane, seier Hilde Brit Christiansen, direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest.

Tiltaket har dokumenterte resultat, er publisert internasjonalt og vidareført ved Helse Fonna. Juryen framhevar kvaliteten, berekrafta og den store overføringsverdien for prosjektet til andre spesialitetar og den kommande Vestlandslegen-modellen.

Formålet med Helse Vest sin utdanningspris er å premiere tiltak som hevar og fremjar det faglege nivået på utdanning av helsepersonell i regionen, slik at helseføretaka er rusta til å møte framtidas utfordringar og behov.

Prisen blei delt ut på Utdanningskonferansen torsdag kveld, og vinnaren får 100 000 kroner til å utvikle utdanningstiltak vidare.

Les meir her: Krafta i relasjonar - Helse Vest RHF

Nøkkelord

Lenker

Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye