Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

NVE: I år har breane vorte tynnare og brefrontane har smelta tilbake

Del

NVE sine bremålingar i 2021 viser at 34 av 36 målte brefrontar har trekt seg tilbake, og at alle 10 breane med massebalansemålingar hadde masseunderskot. I Innlandet har sju målte brefrontar i snitt trekt seg tilbake 21 meter i år.

Oppland: Fronten til Leirbrean på Sognefjellet har trekt seg tilbake 294 meter i løpet av dei siste 20 åra. Foto: Dag Inge bakke/NVE.
Oppland: Fronten til Leirbrean på Sognefjellet har trekt seg tilbake 294 meter i løpet av dei siste 20 åra. Foto: Dag Inge bakke/NVE.

– Dei siste 20 åra har alle breane vi følgjer med på trekt seg tilbake. Brefrontane trekk seg tilbake fordi det over tid har smelta meir snø og is om sommaren enn det snør om vinteren. Vi sei at massebalansen har vore negativ, seier glasiolog i NVE Hallgeir Elvehøy

Massebalansen til ein bre er forholdet mellom kor mykje snø som legg seg på breen i løpet av vinteren og kor mykje snø og is som smeltar om sommaren. Sidan det snør mest på toppen av breen og smeltar mest nær brefronten, så er det massebalansen for heile breen sitt areal som er avgjerande.

NVE sine målingar av massebalanse på brear viser at i 2021 har alle dei ti breane hatt underskot. Breane i Sør-Noreg fekk mindre snø enn normalt i vinter, medan breane i Nord-Noreg fekk meir snø enn normalt. Bresmeltinga gjennom sommaren var større enn normalt på breane i Sør-Noreg og i Nordland, men mindre enn normalt lengst i nord. Resultat for 2021 vart dermed underskot for alle breane.

Negativ massebalanse i lengre tid

Breane i Noreg har minka mykje både i lengde, areal og tjukkleik sidan år 2000. Breane i Noreg har den same utviklinga som dei fleste breane i resten av verden. Årsaka til at brefrontane trekk seg tilbake er at massebalansen har vore negativ i lengre tid. Dei ti breane der NVE måler massebalanse har minka opp til 30 meter i tjukkleik dei siste 20 åra.

– Når breane trekk seg tilbake så dannar det seg ofte eit vatn framfor brefronten. Dette skuldast at mange brear ligg i forsenkingar i dalføret eller i ein botn. Forsenkingane har breane sjølv erodert ut over svært lang tid. Når slike brekantsjøar veks fram, så forsterkar det bresmeltinga, forklarar Hallgeir Elvehøy.

Oppland

I Innlandet har sju målte brefrontar i snitt trekt seg tilbake 21 meter i år. Størst tilbakegang hadde Storjuvbrean i Leirdalen i Lom med 33 meter i år og 224 meter siste 20 år. Dei siste 20 åra har seks brear trekt seg tilbake mellom 184 og 331 meter.

Hellstugubreen i Jotunheimen fekk litt mindre snø enn normalt, medan snø- og issmeltinga i sommar var vesentleg større enn normalt. Dermed vart massebalansen på Hellstugubreen mykje meir negativ enn normalt. Hellstugubreen har dei siste 20 åra minka tilsvarande eit islag på 1 meter kvart år. Hellstugubreen trakk seg tilbake 20 meter i år, og har trekt seg tilbake 220 meter dei siste 20 åra.

Les mer på nve.no

Kontakter

Senioringeniør Hallgeir Elvehøy, 92 44 61 89
Seksjonsjef Rune Engeset, 99 03 88 68

Bilder

Oppland: Fronten til Leirbrean på Sognefjellet har trekt seg tilbake 294 meter i løpet av dei siste 20 åra. Foto: Dag Inge bakke/NVE.
Oppland: Fronten til Leirbrean på Sognefjellet har trekt seg tilbake 294 meter i løpet av dei siste 20 åra. Foto: Dag Inge bakke/NVE.
Last ned bilde
Hallvard Elvehøy. Foto: Kjetil Melvold/NVE.
Hallvard Elvehøy. Foto: Kjetil Melvold/NVE.
Last ned bilde

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom