Nærings- og fiskeridepartementet

Noreg og Grønland samde om kvoteavtale for 2023

Del

Begge partane er nøgde med å halde fram det gode fiskerisamarbeidet, og vil vidareføre kvotenivået frå inneverande år.

Fiskeri- og havminister Bjørnar S. Skjæran er nøgd med avtalen. Foto: Emil Bremnes, NFD
Fiskeri- og havminister Bjørnar S. Skjæran er nøgd med avtalen. Foto: Emil Bremnes, NFD

– Norske fiskarar utnyttar kvotane ved Grønland godt, og eg er nøgd med at Noreg og Grønland har vorte samde om ein kvoteavtale for 2023, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Selnes Skjæran.

Grønland sin kvote i Barentshavet i 2023 er sett til 4 000 tonn torsk, 750 tonn hyse, 650 tonn sei og 425 tonn attåtfangst av andre artar.

Den norske torskekvoten er på 1350 tonn og kveitekvoten 30 tonn.

Den norske blåkveitekvoten på 900 tonn på Vest-Grønland og 375 tonn på Aust-Grønland blir vidareførd. Kvoten på skolest på Aust-Grønland blir 50 tonn og kvoten på botnlevande uer blir vidareført på 500 tonn. Kvoten for attåtfangst blir vidareført på 325 tonn.

Noreg og Grønland er også einige om å vidareføre det gode forskingssamarbeidet.

Kontakter

Bilder

Fiskeri- og havminister Bjørnar S. Skjæran er nøgd med avtalen. Foto: Emil Bremnes, NFD
Fiskeri- og havminister Bjørnar S. Skjæran er nøgd med avtalen. Foto: Emil Bremnes, NFD
Last ned bilde

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom