Norec

Norec lanserer ny rapport: Slik fører utveksling til læring

Del
Gode rutiner, samarbeidsvilje og eigerskap til prosjektet er ting som må vere på plass hos ein organisasjon for at utveksling skal ha noko for seg.

Det er blant funna i metastudien "Kva veit vi om utveksling for utvikling?", utført på oppdrag frå Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec).

Rapporten er ført i pennen av britiske Cliff Allum, ein av verdas leiande forskarar på feltet internasjonal utsending av frivillige. Han har gjennomgått alle evalueringar, undersøkingar og rapportar som er gjort av Fredskorpset sidan 2002. 

– Det er mykje som må vere på plass for at ei bedrift eller ein organisasjon skal lukkast med utveksling som metode for læring og utvikling. Funna i denne rapporten legg grunnlaget for noko av det vi skal jobbe vidare med som kompetansesenter, seier direktør i Norec, Jan Olav Baarøy.

Integrering på og utanfor arbeidsplassen viktig

Rapporten viser mellom anna at dei organisasjonane som legg best til rette for læring gjennom utveksling har visse fellestrekk: Gode rutiner for utvekslinga, deltakarar som passar til oppgåvene, god samarbeidsevne, samt leiarar med like verdiar og eigerskap i prosjektet.

I tillegg viser studien at organisasjonar som utvekslar deltakarar mellom land i sør lærer mest av kvarandre. I Noreg er læringsutbyte knytt til korleis organisasjonen klarer å ta imot og integrere deltakarane, også utanfor arbeidsplassen. 

Vidare finn Allum at organisasjonane som tilpassar og betrar korleis dei rekrutterer deltakarar, samt organisasjonar som rekrutterer internt, lærer mest. 

Første som kompetansesenter

– Publikasjonen er den første av fleire vi vil komme med som kompetansesenter for utvekslingssamarbeid, seier Helge Espe, seniorrådgjevar og ansvarleg for analyse og evalueringar i Norec.

Rapporten lanserast formelt torsdag 7. februar under eit lunsjmøte hos Norec i Førde, men kan lastast ned og lesast her allereie no. 

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Forsida på rapporten, den første Norec publiserer som kompetansesenter.
Forsida på rapporten, den første Norec publiserer som kompetansesenter.
Last ned bilde
Direktør Jan Olav Baarøy, programdirektør Marit Bakken og seniorrådgjevar Helge Espe.
Direktør Jan Olav Baarøy, programdirektør Marit Bakken og seniorrådgjevar Helge Espe.
Last ned bilde
Ole Magnus Helle og Wardat Ali i samtale. Dei to legane er begge Norec-deltakarar i utvekslingsprosjektet mellom Helse Bergen og Mnazi Mmojia Hospital i Tanzania.
Ole Magnus Helle og Wardat Ali i samtale. Dei to legane er begge Norec-deltakarar i utvekslingsprosjektet mellom Helse Bergen og Mnazi Mmojia Hospital i Tanzania.
Last ned bilde

Lenker

Om Norec

Norec
Norec
Postboks 461
6803 Førde

57 99 00 00http://www.norec.no

Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec - tidlegare Fredskorpset) er eit nasjonalt kompetansesenter for internasjonal utveksling, nettverksbygging og utvikling av ungt leiarskap. Vi legg til rette for utveksling av tilsette og frivillige. 

Kvart år utvekslar Norec over 600 menneske mellom våre 200 partnarorganisasjonar i Norge og land i Afrika, Asia og Latin Amerika. Norec fasiliterer over 90 prosjekt i 25 land. 

Senteret er direkte underlagt Utanriksdepartementet, og er ein del av det samla norske utviklingsarbeidet. Hovudkontoret ligg i Førde, Sogn og Fjordane, og har om lag 35 tilsette. 

Følg pressemeldinger fra Norec

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norec på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norec

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye