
FN lanserer spesialrapport om Norec

– Dette er eit flott høve til å markere oss internasjonalt og Norec sin posisjon som kompetansesenter på sør-sør og triangulært samarbeid, seier seniorrådgjevar Helge Espe. Han har skrive rapporten saman med konsulent Astrid Scnitzer-Skjønsberg.
Tysdag ettermiddag, dagen før den offisielle opninga av FN-konferansen BAPA+40 i Buenos Aires, lanserast ein spesialrapport om Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec). Rapporten er skrive i samarbeid med FNs organisasjon for sør-sør-samarbeid (UNOSSC), og vert lansert av statssekretær Jens Frølich Holte og direktøren for UNOSSC under arrangementet «South-South Cooopration in the Digital Era».
Helge Espe deltek på konferansen saman med direktør i Norec, Jan Olav Baarøy, i ein offisiell delegasjon frå Utanriksdepartmentet. The Second United Nations (UN) Conference on South-South Cooperation, elles kjent som BAPA+40, markerer 40-årsjublileumet for den banebrytande FN-konferansen om teknisk samarbeid mellom utviklingsland i 1978. Konferansen la grunnlaget for utviklinga av sør-sør samarbeid sidan den gong.
Styrkar Norec som internasjonal aktør
Spesialutgåva om Norec går inn i publikasjonsserien til UNOSSC «South-South and Triangular Cooperation in Action». Tidlegare har i overkant av 20 land og institusjonar skrive sin rapport som alle tek før seg korleis dei brukar sør-sør og triangulært samarbeid for å skape utvikling.
– Vi var dei første i Norge som tematiserte sør-sør-samarbeid og har drive aktivt med dette i 18 år. Både i form av tilrettelegging for sør-sør samarbeid, og ved å støtte triangulære prosjekt der også norske partnarar er med. At vi no får ein eigen rapport om vår modell som skal presenterast på UNOSSC sin konferanse vil styrke vår rolle som aktør i sør-sør og triangulært samarbeid, understrekar Espe.
På møtet stiller Uganda sin FN-ambassadør og president for UNOSSC, generalsekretæren i FN Amina Mohammed, samt representantar frå UNDP.
Berekraftsmål 17: Globale partnarskap
Rapporten beskriv korleis Norec-modellen skil seg frå tradisjonell einsidig utviklingsbistand ved å fokusere på personalutveksling, mennesket og gjensidigheit. Modellen sentrerer seg særskilt kring berekraftsmål 17, som fokuserer på globale partnarskap for berekraftig utvikling.
– Ved å fokusere på partnarskap som gjensidig utvekslar både personell og kunnskap tilfører Norec sin modell noko spesielt. Det er ein viktig grunntanke hos Norec at vi alle har noko å lære og noko å lære vekk. Denne gjensidigheita er ein unik tankegang i internasjonal bistandspolitikk, understrekar Helge Espe.
Rapporten viser fleire Norec-prosjekt, frå Latin-Amerika, Asia og Afrika, frå både sivilsamfunn, privat sektor og offentleg sektor.
– Rapporten tek føre seg både kva Norec har vore tidlegare, korleis modellen vår er no og korleis vi skal utvikle oss som kompetansesenter i framtida. Ei oppgåve for Norec er å gjere oss relevante, ikkje berre for eigne partnarar, men og for aktørar utanfor våre partnarskap, understrekar Helge Espe.
Nøkkelord
Kontakter
Jan Olav Baarøy
Direktør
Tlf. 916 24 313
Cathrine EkehaugKoordinator, kommunikasjon og nettverk
Tel:+4741516106ce@norec.noJan Olav BaarøyDirektør
Tel:916 24 313job@norec.nowww.instagram.com/norecno/Bilder




Lenker
Om Norec
Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er eit nasjonalt kompetansesenter for internasjonal utveksling, nettverksbygging og utvikling av ungt leiarskap.
Vi legg til rette for utveksling av arbeidskraft mellom institusjonar, verksemder og organisasjonar i Norge, Afrika, Asia og Latin-Amerika. Sidan 2000 har rundt 10.000 menneske jobba og budd i eit anna land.
Utveksling for utvikling.
Følg pressemeldinger fra Norec
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norec på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norec
Aksello og Norec samarbeider om næringsliv og internasjonalisering3.5.2019 07:23:47 CEST | Pressemelding
Aksello og Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) har inngått samarbeid. Målet er å få næringslivet på vestlandet ut i verden.
Norec-partnar Julia Mwashi (42) omkom i Ethiopian Airlines-styrten10.3.2019 22:12:32 CET | Pressemelding
Julia Mwashi var på veg heim frå Norge, der ho deltok på ei vekeslang partnarsamling saman med 112 andre Norec-partnarar.
Norec lanserer ny rapport: Slik fører utveksling til læring6.2.2019 08:00:00 CET | Pressemelding
Gode rutiner, samarbeidsvilje og eigerskap til prosjektet er ting som må vere på plass hos ein organisasjon for at utveksling skal ha noko for seg.
Fredskorpset flyttes til Førde21.6.2017 12:30:38 CEST | Pressemelding
Utenriksdepartementet orienterte i dag de ansatte i Fredskorpset om at Regjeringen har vedtatt å flytte Fredskorpset til Førde, som del av planen om å flytte statlige arbeidsplasser ut av Oslo.
Bryt barrierene - Ungt lederskapskonferansen 20177.3.2017 07:51:30 CET | Pressemelding
Å være ung handler om å utfordre det bestående. Hvis man i tillegg skal være en ung leder må man utfordre systemet rundt seg og samtidig presentere løsninger som er bedre enn de vi har i dag. Hvilke rolle spiller unge ledere i å endre eksisterende strukturer, bruke ny kunnskap, nye metoder, og bygge broer mellom gammelt og nytt gjennom med alternative og innovative løsninger? Det er noen av de spørsmålene konferansen svarer på.