
Norec lanserer ny rapport: Slik fører utveksling til læring
Det er blant funna i metastudien "Kva veit vi om utveksling for utvikling?", utført på oppdrag frå Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec).
Rapporten er ført i pennen av britiske Cliff Allum, ein av verdas leiande forskarar på feltet internasjonal utsending av frivillige. Han har gjennomgått alle evalueringar, undersøkingar og rapportar som er gjort av Fredskorpset sidan 2002.
– Det er mykje som må vere på plass for at ei bedrift eller ein organisasjon skal lukkast med utveksling som metode for læring og utvikling. Funna i denne rapporten legg grunnlaget for noko av det vi skal jobbe vidare med som kompetansesenter, seier direktør i Norec, Jan Olav Baarøy.
Integrering på og utanfor arbeidsplassen viktig
Rapporten viser mellom anna at dei organisasjonane som legg best til rette for læring gjennom utveksling har visse fellestrekk: Gode rutiner for utvekslinga, deltakarar som passar til oppgåvene, god samarbeidsevne, samt leiarar med like verdiar og eigerskap i prosjektet.
I tillegg viser studien at organisasjonar som utvekslar deltakarar mellom land i sør lærer mest av kvarandre. I Noreg er læringsutbyte knytt til korleis organisasjonen klarer å ta imot og integrere deltakarane, også utanfor arbeidsplassen.
Vidare finn Allum at organisasjonane som tilpassar og betrar korleis dei rekrutterer deltakarar, samt organisasjonar som rekrutterer internt, lærer mest.
Første som kompetansesenter
– Publikasjonen er den første av fleire vi vil komme med som kompetansesenter for utvekslingssamarbeid, seier Helge Espe, seniorrådgjevar og ansvarleg for analyse og evalueringar i Norec.
Rapporten lanserast formelt torsdag 7. februar under eit lunsjmøte hos Norec i Førde, men kan lastast ned og lesast her allereie no.
Nøkkelord
Kontakter
Jan Olav BaarøyDirektør
Tel:916 24 313job@norec.nowww.instagram.com/norecno/Cathrine EkehaugKoordinator, kommunikasjon og nettverk
Tel:+4741516106ce@norec.noBilder



Lenker
Om Norec
Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec - tidlegare Fredskorpset) er eit nasjonalt kompetansesenter for internasjonal utveksling, nettverksbygging og utvikling av ungt leiarskap. Vi legg til rette for utveksling av tilsette og frivillige.
Kvart år utvekslar Norec over 600 menneske mellom våre 200 partnarorganisasjonar i Norge og land i Afrika, Asia og Latin Amerika. Norec fasiliterer over 90 prosjekt i 25 land.
Senteret er direkte underlagt Utanriksdepartementet, og er ein del av det samla norske utviklingsarbeidet. Hovudkontoret ligg i Førde, Sogn og Fjordane, og har om lag 35 tilsette.
Følg pressemeldinger fra Norec
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norec på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norec
Aksello og Norec samarbeider om næringsliv og internasjonalisering3.5.2019 07:23:47 CEST | Pressemelding
Aksello og Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) har inngått samarbeid. Målet er å få næringslivet på vestlandet ut i verden.
FN lanserer spesialrapport om Norec19.3.2019 15:46:06 CET | Pressemelding
Spesialrapporten vert lansert på ein stor konferanse i Buenos Aires tirsdag 19. mars.
Norec-partnar Julia Mwashi (42) omkom i Ethiopian Airlines-styrten10.3.2019 22:12:32 CET | Pressemelding
Julia Mwashi var på veg heim frå Norge, der ho deltok på ei vekeslang partnarsamling saman med 112 andre Norec-partnarar.
Fredskorpset flyttes til Førde21.6.2017 12:30:38 CEST | Pressemelding
Utenriksdepartementet orienterte i dag de ansatte i Fredskorpset om at Regjeringen har vedtatt å flytte Fredskorpset til Førde, som del av planen om å flytte statlige arbeidsplasser ut av Oslo.
Bryt barrierene - Ungt lederskapskonferansen 20177.3.2017 07:51:30 CET | Pressemelding
Å være ung handler om å utfordre det bestående. Hvis man i tillegg skal være en ung leder må man utfordre systemet rundt seg og samtidig presentere løsninger som er bedre enn de vi har i dag. Hvilke rolle spiller unge ledere i å endre eksisterende strukturer, bruke ny kunnskap, nye metoder, og bygge broer mellom gammelt og nytt gjennom med alternative og innovative løsninger? Det er noen av de spørsmålene konferansen svarer på.