Mange tiltak mot flaum- og skred i vest
- Sikringstiltak som gjer at folk bur tryggare for naturfarar som flaum og skred, er svært viktige oppgåver for oss i NVE, seier fungerande vassdrags- og energidirektør Anne Britt Leifseth.
Region Vest har dei siste åra hatt fleire større flaumhendingar. Sidan flaumen i oktober 2014 er det arbeidd med sikringstiltak i Flåmselvi i Aurland kommune, Opo i Odda kommune og Granvinselva i Granvin herad. Desse vart ferdige og overlevert til kommunane våren 2018.
Regionen arbeider med tiltak i Storelva i Utvik i Stryn kommune, etter ekstrem nedbør og stor flaum sommaren 2017.
Flaumen i Mørkrids- og Fortunselva i Luster kommune i oktober 2018 førte til stor erosjon langs vassdraga. Dette gjorde det nødvendig å sette i verk krisetiltak fleire stader. Holvikelva skapte overfløymingar i Sandane sentrum i Gloppen kommune. Det er no sett i gang arbeid for å førebygge mot framtidige erosjons- og flaumskadar der.
I tillegg til at det er utført tiltak både i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er det også løyvd tilskot til ei rekke tiltak mot steinsprang og jordskred i regionen.
NVE Region Vest har, saman med Lærdal kommune, forvaltningsplan for Lærdalsvassdraget under arbeid, i tillegg til fleire utgreiingar/forprosjekt for sikringstiltak langs ulike vassdrag i regionen.
Om NVEs sikringstiltak
NVE forvaltar dei statlege midlane til sikringstiltak mot flaum, erosjon og skred, og til miljøtiltak i vassdrag. I 2018 vart det brukt om lag 332 millionar kroner i statlig bistand til slike tiltak. I dette beløpet inngår også distriktsandelen, dvs. andelen på normalt 20% som kommunane eller grunneigaren må dekke.
Det er NVEs fem regionkontor; Region Sør i Tønsberg, Region Øst i Hamar, Region Vest i Førde, Region Midt i Trondheim og Region Nord i Narvik som står for saksbehandling, planlegging og gjennomføring av sikrings- og miljøtiltaka.
Les meir og sjå bilete av dei ulike sikringstiltaka i NVEs Årsrapport for utførte sikrings- og miljøtiltak 2018
Kontaktpersonar:
Fung. Vassdrags- og energidirektør, Anne Britt Leifseth, 91705811
Fung. Seksjonssjef , Martin C. Brittain, 90686713
Seniorrådgjevar, Anne Haugum, 22959292
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE gjev avslag til å bygge Døvik 2 kraftverk12.9.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
NVE avslår søknaden frå Hydronor AS om løyve til å bygge Døvik 2 kraftverk i Strand kommune i Rogaland fylke. Kraftverket ville ført til arealbeslag og store terrenginngrep i ei kystmyr og i den utvalde og sterkt trua naturtypen kystlynghei.
Nå blir det enklere å få oversikt over nettselskapenes langsiktige planer for nettutbygging3.9.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
Mer detaljert informasjon om nettselskapenes langsiktige planer for nettutbygging i PlanNett, skal gjøre det lettere for berørte aktører å få oversikt – også aktører som tidligere var involvert i kvalitetssikring av utredningene. Ved å synliggjøre hva NVE trenger av informasjon, er håpet at det skal bli enklere for nettselskapene å lage gode utredninger, som igjen bidrar til mer effektiv konsesjonsbehandling.
NVE avviser melding for Lappland kraftverk29.8.2025 12:51:12 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har avvist meldingen om Lappland kraftverk på grunn av manglende framdrift fra tiltakshaver. NVE har over flere år gitt tiltakshaver veiledning om innhold og formkrav til meldingen. Siden en oppdatert og oversatt melding ikke ble levert innen fristen, har NVE konkludert med at vilkårene for videre behandling ikke er oppfylt.
Statnett og Glitre Nett får konsesjon til nye Eiker transformatorstasjon27.8.2025 11:18:11 CEST | Pressemelding
NVE gir Statnett og Glitre Nett tillatelse til å bygge nye Eiker transformatorstasjon i Buskerud. Den skal erstatte Flesaker transformatorstasjon i Øvre Eiker kommune. Den nye transformatorstasjonen vil øke kapasiteten i kraftnettet i området.
Ny flaumsikring vernar bustadfelt mot flaum frå elva Driva22.8.2025 08:56:50 CEST | Pressemelding
NVE har ferdigstilt bygginga av ein ny flaumvoll ved Furu bustadfelt i Sunndal kommune. Tiltaket vernar 40 bustader, tre industribygg og mange uthus og garasjar mot flaum frå elva Driva.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom