Målblome for sin innsats for nynorsken
12.5.2022 14:00:00 CEST | Sex og Politikk | Pressemelding

Leiar for Oslo mållag, Kristofer Ravn Olai Stavseng, møtte opp i lokala til organisasjonen Sex og Politikk for å overrekke prisen til dagleg leiar Tor-Hugne Olsen og dei andre tilsette. Han snakka om kor viktig det er å halde fram det gode arbeidet.
Tryggleik i eigen kropp, på eiga målform
Grunngivinga for prisen er som følgjer:
«At Sex og Politikk tilbyr kampanje- og undervisningsmateriell til Veke 6 på nynorsk og samisk, gjer at mange fleire unge både kan bli meir trygge på eigen kropp og som språkbrukarar. Det er ikkje verst å kunna bidra til normalisering av ulike kroppar og ulike språk i eitt og same prosjektet. Me håpar flest mogleg legg merke til det viktige arbeidet Sex og Politikk legg ned, for det fortener all mogleg skryt.»
Stavseng legg til at «den 16 år gamle meg hadde sett veldig pris på dette materiellet, og det å kunne få det på eige språk er viktig».
Stolte over utmerkinga
Sex og Politikk har i lengre tid arbeidd for å kunne tilby alt seksualitetsundervisnings-materiellet på nynorsk, samisk og bokmål.
«Vi ser kor viktig det er å tilby Veke 6 på eit språk som møter elevane der dei er, på deira eige språk. Derfor er det vår nye gullstandard å tilby parallellutgåver på nynorsk, samisk og bokmål. Å få ein Målblome frå Oslos Mållag er ei stadfesting på at det vi gjer, er riktig. Det motiverer oss til å fortsetje arbeidet med å halde ved lag denne gullstandarden», seier dagleg leiar Tor-Hugne Olsen.
«Det vi også ser, er at nynorsk fort blir gløymt når digitale læremiddel blir utvikla, her er det aller meste på bokmål. Vi ønskjer å vere ei motkraft her og sikre at det er eit godt tilbod på begge målformer.»
Uvurderlege omsetjarar
Då Sex og Politikk bestemte at alt materiellet skulle omsetjast til nynorsk, starta arbeidet med å finne gode omsetjarar. Det fann vi i Språksmia, som består av Hegelin Waldal og Audun Skjervøy. Samarbeidet har fungert godt frå dag éin, og begge partar er storfornøgde med utmerkinga frå Oslo mållag.
«Vi vil rette ein stor takk til Språksmia, som har gjort ein uvurderleg jobb med å omsetje og kvalitetssikre tekstane. Dersom fleire visste at det finst aktørar som Språksmia, kunne det sikkert bidratt til å gjere nynorsken endå meir synleg. Vi håpar sjølvsagt at fleire vil følgje etter og vere med på å synleggjere språkmangfaldet i Noreg», avsluttar ein fornøgd og takknemleg Tor-Hugne Olsen.
«Sex og Politikk set gjennom materiellet sitt ord på mange tema og spørsmål som det kan vere vanskeleg å snakke om – sjølv for vaksne. Materiellet gir ungdommane eit språk for å forstå og snakke om kropp og seksualitet. Når desse orda i tillegg kjem på elevane sitt eige språk, vitnar det om ein grunnleggjande respekt for det unge mennesket, som er i ein viktig og sårbar fase i livet. Vi er skikkeleg stolte over å få samarbeide med Sex og Politikk, og gratulerer dei så mykje med den velfortente Målblomen», seier Hegelin Waldal i Språksmia.
Nøkkelord
Kontakter
Tor-Hugne OlsenDaglig leder
Tel:488 42 771torhugne@sexogpolitikk.noVilde Graff SenjeTeamleder, seksualitetsundervisning
Tel:950 54 034vilde@sexogpolitikk.noTore AasheimMedievakt/Pressekontakt
Tel:97 08 04 00tore@sexogpolitikk.noBilder


Lenker
Om Sex og Politikk
Sex og Politikk er ein ideell og partipolitisk uavhengig medlemsorganisasjon som jobbar for å styrke og informere om seksuell og reproduktiv helse og rettar, både i Noreg og internasjonalt.
Sex og Politikk er den norske medlemmen i International Planned Parenthood Federation (IPPF) som er den største organisasjonen for SRHR internasjonalt, med nasjonale organisasjonar i meir enn 140 land i tillegg til Norge.
Seksuell og reproduktiv helse og rettigheiter (SRHR) handlar blant annet om å kunne bestemme om og når man vil ha barn, om å få informasjon om og tilgang på sikker, moderne og billig prevensjon, om rett til trygg og lovleg abort og om rett og moglegheit til å praktisere si seksuelle orientering og kjønnsidentitet utan å bli straffa eller fordømt.
Følg pressemeldinger fra Sex og Politikk
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sex og Politikk på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sex og Politikk
Hver kropp teller3.9.2026 13:11:04 CEST | Pressemelding
Den 4. september markerer vi Verdensdagen for seksuell helse. Årets tema er «Every Body». Budskapet er enkelt, men viktig: Seksuell helse, verdighet, livskvalitet og rettigheter gjelder alle mennesker, i alle kropper.
Et vendepunkt for unges rettigheter?10.8.2026 15:31:58 CEST | Pressemelding
Under Arendalsuka og på FNs internasjonale ungdomsdag samles ungdom fra Norge, Kenya, Uganda og Malawi til dialog med utviklingsminister Åsmund Grøver Aukrust. Budskapet er tydelig: Ulike kontekster, samme drømmer om frihet, helse, muligheter og retten til å bestemme over eget liv.
PolyNorge etterlyser politikk for nye generasjoner6.8.2026 08:11:49 CEST | Pressemelding
Sex og Politikks medlemsorganisasjon PolyNorge mener NOU 2026:2 Politikk for nye generasjoner i for liten grad tar høyde for mangfoldet av familieformer i dagens Norge.
NY RAPPORT: Norge står ved et veiskille for seksuelle rettigheter5.8.2026 15:02:21 CEST | Pressemelding
Under årets Arendalsuke overleverer Sex og Politikk rapporten«Et veiskille for SRHR: Norges bistand i en ny global kontekst» til utviklingsminister Åsmund Aukrust.
Tidligere styreleder i Sex og Politikk skal lede IPPF21.7.2026 15:42:54 CEST | Pressemelding
Jon Lomøy, tidligere direktør i NORAD og styreleder i Sex og Politikk fram til juni i år, er valgt til ny styreleder i IPPF, en global føderasjon med mer enn 120 medlemsorganisasjoner som arbeider for seksuell og reproduktiv helse og rettigheter.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
