Norges idrettshøgskole

Kvar blei det av amatøren?

Del
Korleis dukka amatøren opp i norsk idrett? Og kor blei han av? Kva mista vi då idretten blei heiltidsgeskjeft og kommersialisert?
Fekk du løn for idretten, var du profesjonist veldig lenge i idretten, og ikkje amatør. Biletet syner friidrettsstjerna Gunder Hägg, som blei diskvalifisert etter andre verdskrig for brot på amatørreglane. \ Faksimile frå avhandlinga til Karin Wikberg (2007)
Fekk du løn for idretten, var du profesjonist veldig lenge i idretten, og ikkje amatør. Biletet syner friidrettsstjerna Gunder Hägg, som blei diskvalifisert etter andre verdskrig for brot på amatørreglane. \ Faksimile frå avhandlinga til Karin Wikberg (2007)

AV: Kjetil Grude Flekkøy, Norges idrettshøgskole

Gudmund Skjeldal har skrive doktorgradsavhandling om pioner-åra i norsk idrett, om oppkomsten av den norske idrettsamatøren. I dette intervjuet går han noko ut over funna i forskinga si, og har trekt linja heilt fram til vår eiga tid: Der lurer fotballproffen Erling Braut Haaland.

Så: Kvar blei det av amatøren?

- For å svara grovt: Amatøren forsvann i profesjonaliseringsprosessane i samfunnet som heilskap. Dette skjedde mykje seinare i idretten enn i kunsten og vitskapen. Idrettsamatøren blei ikkje fjerna frå regelverk og definisjonar før omkring 1990. Svenskane var mykje tidlegare, her og, ja, og strauk sine amatørreglar alt i 1967.

  • Gudmund Skjeldal er idéhistorikar – og stipendiat ved Institutt for idrett og samfunnsvitskap på Norges idrettshøgskole.
  • 22. juni forsvarer han doktorgraden sin [lenke til disputasomtale] om «Amatøridrettens historie i Norge», kalla
    "Kjærlighed", "Sportsgribbe" og "Cirkusartister": Amatørførestillingar i norsk idrettsoffentlegheit 1866-1907

Men du har altså forska på starten, då idrettsamatøren dukka opp?

– Ja, og eg har funne ei bestemt hending og ein bestemt dato, om du vil ha meg til å setja forskinga heilt på spissen.

Torsdag den 15. mars 1866. Då synte Elling Bækken fram kunstane sine på ski i Christiania, som byen heitte då. I avisannonsane lokka han folk til å koma og sjå på – og gjerne bli med i skirenninga. Han, eller den som laga annonsane i Aftenbladet den 13. og 14. mars, kalla dei amatørar.

Elling Bækken var ein husmann frå Sognedalen, Sokna i dag, nordvest for Hønefoss. Han var nybakt pappa, og dugande i hogstskogen, og endå betre på ski. Han gjekk forresten til hovudstaden, gjennom Nordmarka, før han viste fram hoppkunstane sine ved Gamle Aker kirke.

«Amatøren» kom frå England, men norske Bækken var annleis enn dei?

– No spør du godt. Samstundes veit eg at kjelda di, eller den framstillinga som dei i Store norske leksikon baserer seg på, er diskutabel. Det var ikkje nødvendigvis slik at amatøren i norsk idrett kopierte genmateriale og ideologi frå britisk sport og engelsk øvre middelklasse – som jo var dei som hadde best tid og råd til å driva med slike fritidssyslar. Kanskje stemmer det for sykkelsporten, og for roinga i smale båtar, men ikkje for skiløparen, og heller ikkje for skøyteløparen. Eg argumenterer for at idrettsamatøren i Norge kom frå kunsten.

Idrettsamatøren kom frå kunsten...?

– Det er ganske enkelt: Ordet «amatør» måtte ikkje setjast om frå engelsk. Norske aviser, tidsskrift, ordbøker og framandordbøker hadde det alt i bruk, når dei omtala kunstlivet. Annonsar for pianokonsertar hadde gjerne namnet på den kjende pianisten, ein Edvard Grieg eller Erika Nissen, men også opplysningar om at ein eller fleire amatørar, eller «amatricer», ville bidra med eit eller anna musikk- eller songstykke på den same konserten.

Amatricer, ja! På scenen var det rom for kvinner på ein heilt annan måte enn vi kanskje førestiller oss det mannsdominerte 1800-talet. Omgrepet amatør kunne kan henda ha gjeve kvinnene framdrift og medvind også i idrettssamanheng, og delvis var det slik på 1890-talet. Men av ulike grunnar som eg ikkje har granska spesifikt, blei kvinnene fortrengte, i alle fall frå hoppbakken og skiløypa.

Kortversjonen av utviklinga vidare er uansett: I kunsten gjekk amatør-ordet frå å tyda noko veldig positivt til å bli ein nedsetjande karakteristikk. I idretten fekk omgrepet amatør derimot eit uventa oppsving – som heldt seg i over hundre år.

Så den norske idrettsamatøren henta også djupare tyding frå kunsten?

– Ja. Tenk berre på elementet av stil, som hoppsporten enno ikkje heilt har fjerna frå tevlingane sine. Eller på kunstløp, og kva hopehav med kunst og estetikk som denne vinteridrettsgreina enno har.

Kva skjedde med amatøren etter at Bækken hadde hoppa?

– Lat meg skyta inn at Bækken tente ganske gode pengar i Christiania, 30 speciedalar, på oppvisinga si. Kona må ha vore bra glad då han kom heim att til Sokna.

Også seinare, med skøytemeisteren Axel Paulsen, var det ikkje nødvendigvis slik at pengane var eit problem i seg sjølv. Men det blei eit definisjonsmerke på sikt:

Frå 1890-talet skulle amatøren helst berre vinna medaljar, og kanskje ikkje det ein gong. I Holmenkollen insisterte Skiforeningen på diplomet som den eigentlege, gjæve premien. Eit stykke forseggjort papir! Ein verkeleg amatør skulle seinare helst ikkje tena pengar på idretten i det heile. Gjorde dei det, var dei profesjonistar eller sirkusartistar, og den haldninga skulle prega idrettshistoria heilt opp mot våre dagar.

Eit stykke papir! Det skulle unge herr Haaland ha visst?

– Norge er ikkje i noko særstilling her, det må seiast. Særleg er skøytesporten internasjonal, med eit internasjonalt – eller vi skal vi seia vestleg forbund – alt i 1892. Her vedtok ein amatørreglar. Sidan innkalla Pierre de Coubertin til kongress i 1894, der ein også vedtok internasjonale amatørreglar. Forbod mot pengepremiar vart viktig her, etter kvart.

Dette er OL-historie, og dei heldt amatøren høgt i hevd lenge?

– Eg sluttar avhandlingsarbeidet mitt før Coubertin – og IOK – får prega konkurranseidretten for alvor. Men ja, amatøren i forstand av kva pengar han (og seinare ho) ikkje kunne tena, blei eit svært viktig prinsipp for OL-organisasjonen.

Coubertin og co. hadde nok ein idé om at også dei gamle grekarane var amatørar som berre kjempa for laurbærkrans og ære; i alle fall meinte dei at idrettsfolk i framtida måtte unngå dei freistingane som kunne øydelegga idretten på ny, altså kommersielle omsyn og spesialisering, med eitt ord: sirkus.

Handla ikkje amatørisme eigentleg om å stenga arbeidarane ute frå idretten som «utdanna» folk ville ha for seg sjølve?

– Ja, og nei. Sjølv i klassesamfunnet Storbritannia var det slik at sportsideologane, om eg kan få kalla dei det, kunne ha ulike motivasjonar og grunngjevingar for amatørstrevet sitt. Uansett har det ikkje vore oppgåva mi å gje amatøren noko slags rehabilitering eller renessanse.

Du meiner amatøren er ein viktig historisk figur?

– Amatøren er viktig for å forstå korleis norsk idrett vaks fram, i all si vekt på konkurranse, men også i si merksemd på både danning, moral, stil og estetikk. Eg hevdar at amatøren, som omgrep og førestilling for tanke og språk var med og skapa norsk moderne idrett.

Dinest kan eg vel tenkja, i alle fall når eg ruslar rundt for meg sjølv på ski eller på skøyter, at amatøren er eit viktig korrektiv til korleis vi organiserer og talar om idrett i dag, framfor alt toppidrett.  

Du tenkjer på den allsidige innstilte amatøren?

– Det er i alle fall rart å tenkja på, at fotballen i Norge var ei høgborg for amatørisme og mot reklame til langt ut på 1970-talet. Reklame var forbode, og å få løn som spelar eller trenar – eller byta klubb – det var også lenge utenkjeleg, i Norges Fotballforbund. Kanskje var dei ikkje berre forstokka, dei som kjempa for desse omsyna?

Kva har vi mista – og kanskje fått – med at amatøren blei «utvist»?

– I toppidretten har utvisinga løfta nivået generelt. Den profesjonelle utøvaren kan via heile døgnet sitt til idrett og trening og restitusjon. Men ikkje nødvendigvis, og ikkje alle i idrettsgreiner. Tenk på kor høgt nivået er i internasjonal orientering, endå om pengane ikkje akkurat fløymer over her.

På den andre sida, for mange andre idrettar, har kommersialiseringa gått altfor langt. Særleg fotballen er i ei djup legitimitetskrise. Og massemedia heng seg lett på. Ta dømet med Erling Braut Haaland, og det som skjedde rundt overgangen hans til Manchester City nyleg: Både media, kommentatorar, spelarar og andre hylla han for kva rakettfart karrieren hans har fått, og for dei svimlande summane som er i omløp. Han tener meir på éi veke enn eg har gjort på fire år med doktorgradsarbeid. Eg forstår ikkje korleis tilhengarane til City og dei andre toppklubbane i England, og mange andre stader i Europa, kan henga med.

Er du ikkje gamaldags og snerpete?

– Ikkje utenkjeleg. Eg er sikkert misunneleg på inntektene til Haaland, også. Men hugs på dette: Idrett kan igjen bli til sirkus. Toppidrett kan bli til noko livsfiendtleg og fjernt, og mista seg sjølv. Om eg skal ta av meg forskarfrakken: Heller ein glad amatør enn ein proff som svir av kloden.

--------- FAKTABOKSAR

Amatørdrama I: Diskvalifisert

Wilhelm Henie, faren til Sonia Henie, var den første norske utøvaren som blei diskvalifisert av eit internasjonalt amatørregelverk. Henie blei verdsmeister i banesykling i 1894. Året etter blei han nekta å starta i VM i København fordi han hadde fått betalt eit hotellopphald i Amsterdam. Og attpå til: Den som klaga han inn for regelverket, var den som hadde invitert han til Nederland.

Amatørdrama II

Seinhausten 1907 blei fire norske kjende skiløparar fråtekne amatørverdigheita si av Norsk idrætsblad. Dei hadde takka ja til å bli med i eit revynummer i Hippodromen i London, der dei skulle hoppa på ski, innandørs. Ei lang linje av åtvaring mot akrobatikk og sirkus i norsk idrettsoffentlegheit sidan 1860-åra nådde eit slags klimaks.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Fekk du løn for idretten, var du profesjonist veldig lenge i idretten, og ikkje amatør. Biletet syner friidrettsstjerna Gunder Hägg, som blei diskvalifisert etter andre verdskrig for brot på amatørreglane. \ Faksimile frå avhandlinga til Karin Wikberg (2007)
Fekk du løn for idretten, var du profesjonist veldig lenge i idretten, og ikkje amatør. Biletet syner friidrettsstjerna Gunder Hägg, som blei diskvalifisert etter andre verdskrig for brot på amatørreglane. \ Faksimile frå avhandlinga til Karin Wikberg (2007)
Last ned bilde
«Saadan» - skulle det ikkje gjerast! Amatørideologane i norske idrettspublikasjonar ville ha utandørsidrett og ekte utfordringar, ikkje innandørssirkus og «fake» idrett. \ Faksimile frå Norsk idrætsblad frå 1907.
«Saadan» - skulle det ikkje gjerast! Amatørideologane i norske idrettspublikasjonar ville ha utandørsidrett og ekte utfordringar, ikkje innandørssirkus og «fake» idrett. \ Faksimile frå Norsk idrætsblad frå 1907.
Last ned bilde
Gudmund Skjeldal er stipendiat Institutt for idrett og samfunnsvitskap på NIH. Frå tidlegare er han kjend som toppidrettsutøvar, med mellom anna to NM-gull i skistafett og sølv på femmila i verdscupen i Holmenkollen i 1993. \ Foto: NIH
Gudmund Skjeldal er stipendiat Institutt for idrett og samfunnsvitskap på NIH. Frå tidlegare er han kjend som toppidrettsutøvar, med mellom anna to NM-gull i skistafett og sølv på femmila i verdscupen i Holmenkollen i 1993. \ Foto: NIH
Last ned bilde
For Skiforeningen (sidan 1883) var det avgjerande at ungdom og vaksne ikkje tok av seg skiene i motbakkane, men dyrka amatøridealet om den allsidige skiløparen – som både kunne gå langt og skri fort på ski. Teikninga er frå memoarboka til Ernst Bjerknes, gjeven ut i 1943.
For Skiforeningen (sidan 1883) var det avgjerande at ungdom og vaksne ikkje tok av seg skiene i motbakkane, men dyrka amatøridealet om den allsidige skiløparen – som både kunne gå langt og skri fort på ski. Teikninga er frå memoarboka til Ernst Bjerknes, gjeven ut i 1943.
Last ned bilde

Om Norges idrettshøgskole

Norges idrettshøgskole
Norges idrettshøgskole
Postboks 4014 Ullevål stadion
0806 Oslo

+47 23 26 20 00http://nih.no

Artikkelen er publisert på NIH.no

Følg pressemeldinger fra Norges idrettshøgskole

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges idrettshøgskole på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges idrettshøgskole

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye