
Frukostseminar: Kva seier forskinga om trening og ernæring for eldre?
17.9.2025 07:00:00 CEST | Norges idrettshøgskole | Presseinvitasjon
Korleis bør eldre over 70 år trene og ete for å bevare ei sterk helse lengst mogleg? På frukostseminaret: "Sterk helse for ein trygg alderdom", får du presentert ny forsking og praktiske anbefalingar.

Forskingsdagane har i år tema "Tryggleik". Tysdag 23.september får du servert ny forsking og praktiske råd for korleis trening og ernæring kan bidra til ein god alderdom.
Seminaret er gratis og passar for eldre sjølv, helsepersonell, personlege trenarar, studentar, forskarar, politikarar og alle som er opptatt av fysisk aktivitet og trening. Frukostseminaret blir arrangert på Norges idrettshøgskule, og vi håpar at så mange som mogleg tek turen til oss. For dykk som ikkje har høve til å kome, vil konferansen bli strøyma på NIH sin Youtube-kanal.
Det blir enkel frukostservering frå kl 08.00-08.30.
Påmeldingsfrist 19. september (du treng ikkje melde deg på om du ikkje kjem til NIH og skal sjå seminaret på nett).
Program
Kl 08.30 - 10.00
-
Trygg og effektiv styrketrening for eldre (70 +)
Korleis kan eldre trene effektivt for å behalde funksjon og forebygge risiko for fall?
Truls Raastad, professor ved Institutt for fysisk prestasjonsevne, NIH
-
Ernæring og aldringsprosess
Kvifor er proteinet du et viktig for aldringa? Praktiske anbefalingar og prestasjon av funn frå forskingsprosjektet "Eat4age" der eldre testa nyutvikla proteinrike matvarer.
Elise Lander, stipendiat ved Institutt for fysisk prestasjonesvene, NIH
-
Derfor brukar eldre treningsklokker og slik blir dei påverka
Blir eldre meir fysisk aktive og held seg yngre lengre ved å bruke teknologi som treningsklokker? Gir smartklokka eldre ein tryggleik?
Marte Knutsson, stipendiat ved Institutt for idrett og samfunnsvitskap.
-
Panelsamtale: Korleis kan vi få fysisk aktivitet og styrketrening inn i eldreomsorgen?
Deltakarar:
Jon Skjævestad, overlege, geriater alderspsykiatrisk seksjon, Oslo universitetssykehus
Elisabeth W. Telenius, forsker og fagkonsulent ved Nasjonalt senter for aldring og helse, og førsteamanuensis OsloMet.
Anders Hall Grøterud, dagleg leiar, Aktivitetsalliansen
Truls Raastad, professor, Institutt for fysisk prestasjonsevne, NIH
Nøkkelord
Kontakter
Gjermund Erikstein-MidtbøKommunikasjonsrådgjevar/innhaldsprodusentNorges idrettshøgskole
Tel:97095329gjermunde@nih.noBilder

Lenker
Om oss
Norges idrettshøgskole er ein vitskapleg høgskule med eit særleg ansvar for forsking og høgare utdanning innan det idrettsvitskaplege fagfeltet.
Følg pressemeldinger fra Norges idrettshøgskole
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges idrettshøgskole på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges idrettshøgskole
Hva kreves for å vinne OL-gull i langrenn 2026?7.2.2026 06:00:00 CET | Pressemelding
Langrennsmedaljene i årets OL vil bli avgjort i et tempo som var utenkelig for få tiår siden. Vår egen langrennsforsker forklarer hvilke fysiske, tekniske og taktiske krav som ligger bak et olympisk gull i langrenn i 2026.
Norges idrettshøgskole har ekspertane til vinter-OL26.1.2026 14:11:34 CET | Pressemelding
Er du ute etter ekspertise og forskingsbasert kunnskap til saker under vinter-OL? Sjekk ut ekspertlista frå NIH!
Ny studie: Korte gåturar og mindre stillesitting gir lågare dødsrisiko14.1.2026 00:30:00 CET | Pressemelding
*SPERREFRIST: 14.JANUAR 00:30 (NORSK TID).* Å gå fem ekstra minutt kvar dag eller å redusere stillesittinga med ein halvtime kvar dag, reduserer dødsfall blant dei fleste vaksne, viser ny NIH-leia studie.
Ny rapport: Halvparten av deltagerne har opplevd krenkelser i barne- og ungdomsidretten3.12.2025 11:38:12 CET | Pressemelding
– Vi bør justere innholdet i trenerutdanningen og ha inn flere tiltak på forebygging av psykiske krenkelser, mener forsker Kari Fasting etter å ha undersøkt omfanget av krenkelser i barne- og ungdomsidretten.
Lansering av rapporten «Krenkende opplevelser i barne- og ungdomsidretten»26.11.2025 12:33:02 CET | Presseinvitasjon
Hvilke krenkende opplevelser opplever barn og ungdom i idretten? En ny rapport gir innsikt knyttet til psykisk og fysisk vold, og seksuell trakassering i barne- og ungdomsidretten.