Kvalitetsprisen 2020 til Haraldsplass Diakonale Sykehus

Legemiddelfeil er ei av dei hyppigaste årsakene til uønskte hendingar og pasientskadar i helsetenesta, og har vist seg å vere eit svært krevjande område å forbetre. Haraldsplass har hatt ei heilskapleg tilnærming til å sikre at pasientane får rett medisin.
– Vi gratulerer Haraldsplass Diakonale Sykehus med ein velfortent pris for eit formidabelt arbeid. Det var mange gode kandidatar til prisen, men Haraldsplass utmerkte seg spesielt. Dei gode resultata deira vitnar om eit systematisk forbetringsarbeid over tid, som leiinga ved sjukehuset både har prioritert og lagt til rette for, seier administrerande direktør i Helse Vest RHF, Inger Cathrine Bryne.
Kvalitetsprisen til eit heilt sjukehus
Det er første gongen at den regionale kvalitetsprisen går til eit heilt sjukehus. Arbeidet med å redusere talet på legemiddelfeil er gjort parallelt med planlegging og innføring av nye arbeidsprosessar i nye Haraldsplass sykehus.
Dette inkluderer blant anna nye arbeidsprosessar knytt til tildeling og kontroll av legemiddel. Ved å ta i bruk mobile legemiddeltraller med legemiddelskuff og eindosepakkar legemiddel har dei oppnådd ein reduksjon av legemiddelrelaterte uønskte hendingar på medisinske avdelingar med heile 42 prosent sidan 2015.
Ein stor del av pasientskadane knytte til legemiddel er feilmedisinering som følgje av feil i doseringa eller forveksling av legemiddel. Legemiddeltralla har elektronisk integrasjon med pasientjournalen og legemiddelkurva, noko som sikrar at riktig skuff blir opna når pasienten sitt armband blir scanna. Trallene har òg tilgang til oppslagsverk som Felleskatalogen med omtale av medisinar og bilete av tablettar.
– Å få denne prisen er ei stor anerkjenning av det gode arbeidet medarbeidarane på Haraldsplass gjer kvar dag. Endringane vi har gjort bidreg til betre samspel med pasientane, samtidig som medarbeidarane opplever ein ny arbeidsflyt. Ved å ta i bruk legemiddeltralla er dobbeltkontrollen flytta frå medisinrommet og ut til pasientane.
Sjukepleiaren har nødvendig utstyr for handa til å orientere pasienten og svare på spørsmål under legemiddelutdelinga. Pasienten blir involvert i større grad òg vil med auka kunnskap vere betre i stand til å følgje opp behandlinga etter utreise, fortel administrerande direktør ved Haraldsplass Diakonale Sykehus, Kjerstin Fyllingen.
Til inspirasjon og læring for resten av helsetenesta
Det går av nominasjonen fram at arbeidet er gjennomført som tverrfaglege forbetringsprosjekt der leiinga har ført an og vore ein aktiv og synleg del av arbeidet. Parallelt med prosjektarbeidet har fleire av medarbeidarane òg teke forbetringsutdanning.
– At forbetringsarbeidet har ført til kompetanseheving blant medarbeidarane gjennom deltaking i forbetringsutdanning gir eit godt grunnlag for vidare spreiing og implementering i avdelingar ved sjukehuset. Forbetringsarbeidet ved Haraldsplass vil vere ein inspirasjon for dei andre føretaka i Helse Vest og elles i landet, seier Bryne.
Nøkkelord
Kontakter
Bente AaeKommunikasjonsdirektør
Tel:415 33 807bente.aae@helse-vest.noBilder


Om Helse Vest RHF
Helse Vest RHF er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg. Vi har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke. I heile Helse Vest er det om lag 30 000 tilsette som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane på Vestlandet. Helse Vest er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Vi eig dei fem helseføretaka i regionen, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.
Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF
Helse Vest satsar på ombruk i byggeprosjekt16.6.2025 13:25:28 CEST | Pressemelding
Helse Vest og fleire offentlege aktørar går nå saman for å gjere byggebransjen meir miljøvennleg. Målet er å bruke meir av det som allereie finst – i staden for å kjøpe nytt.
Dette forska sjukehusa på i 202410.6.2025 13:50:56 CEST | Pressemelding
Fjernstyrt CT, betre demensomsorg og genetisk risiko for sjukdom – i 2024 blei det gjort mykje god og viktig forsking i norske sjukehus, og tysdag 10. juni blei den årlege rapporten om forsking og innovasjon i spesialisthelsetenesta overrekt til statsråd Jan Christian Vestre. Helse- og omsorgsministeren fekk samstundes presentert eit prosjekt frå kvar region som døme på det spennande forskings- og innovasjonsarbeidet i sjukehusa.
DBT-team vann pris4.6.2025 13:48:06 CEST | Pressemelding
Gjennom 20 vekers intens terapi med DBT-A-teamet på Haukeland, får fortvilte ungdommar ein ny kvardag. Frå 75 prosent som sjølvskadar før dei byrjar kurset, er 96 prosent skadefrie når dei går ut.
Grep mot overforbruk av radiologiske tenester15.5.2025 13:00:51 CEST | Pressemelding
Talet på radiologiske undersøkingar aukar i Noreg, og mange pasientar blir undersøkt utan at det er nødvendig. Ved å redusere berre ein type unødig undersøking, kan vi frigjere kapasiteten til 15 MR-maskinar på eitt år.
Trusselvurdering 2025: Det digitale trusselbildet mot spesialisthelsetenesta6.5.2025 09:00:00 CEST | Pressemelding
I dag blir trusselvurderinga for spesialisthelsetenesta publisert. Trusselvurderinga belyser truslar knytt til utpressing, løysepengevirus, cyberspionasje, destruktive cyberangrep og sabotasje som kan ramme sjukehusa.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom