Kilden kjønnsforskning.no

Kjernefamilien er blitt politisk dragkamp i Russland og Polen

Del
Vald i nære relasjonar er no eit stridsspørsmål mellom liberale og konservative krefter, og viser at sjølv autoritære styresmakter må ta omsyn til folkemeininga.

– Dersom det er ein lærdom ein kan trekke ut av dette problemkomplekset, så må det vere at resultata kan brukast til å stille nasjonalkonservative høgrepopulistar til veggs, seier Jørn Holm-Hansen.

– For det viser seg at ein har ganske gode kort på handa når ein tek tak i folks kvardagsproblem: Høgrepopulistane sitt snakk om at vern av offera for vald i nære relasjonar trugar den harmoniske familieeininga, resonnerer ikkje med folks kvardagserfaringar.

Holm-Hansen er statsvitar og forskar på By- og regionforskingsinstituttet NIBR ved Oslomet, og har Russland og Aust-Europa som spesialområde. I nyaste utgåve av Tidsskrift for kjønnsforskning, har han ein artikkel om korleis vald i nære relasjonar blir omtala i politisk debatt i Russland og Polen.

Les også: Høyrepopulisme i øst truer kjønnsforskning

Sårbare populistar

Både Russland og Polen har vore igjennom det som kan kallast ei «illiberal vending» det siste tiåret, som særleg kjem til uttrykk i ei avvising av såkalla vestlege verdiar. I begge land er familiens rettar eit viktig element i den nasjonalkonservative forteljinga. Det har medført at individuelle rettar, for kvinner, barn og seksuelle minoritetar, er blitt utfordra. Begge land har nyleg gjennomført endringar i lovverket som gjeld vald i nære relasjonar, og det har aktualisert debatten.

Holm-Hansen har lenge forska på barns rettar i desse landa. Då han i arbeidet med artikkelen til Tidsskrift for kjønnsforskning tok for seg argument som galdt vald i nære relasjonar, fann han raskt at debatten følgde same spor som debattar om barns rettar, om abort, og om seksuelle minoritetar.

– Same type argument og retorikk blir brukte i alle tilfella, og det var fruktbart å bruke same teoretiske innfallsvinkel, seier han.

Han peikar på at både Russland og Polen er prega av høgrepopulisme, spesifikt ein nasjonalkonservativ høgrepopulisme som kjem tydeleg til uttrykk når det gjeld tema som til dømes vald i nære relasjonar. Samtidig er dette eit tema som kan gjere nasjonalkonservative sårbare, fordi dei ikkje er på line med folket.

LES HELE SAKEN PÅ KJONNSFORSKNING.NO

Nøkkelord

Kontakter

Jørn Holm-Hansen, forsker I, OsloMet
E-post: Jorn.Holm-Hansen@oslomet.no

Lenker

Om Kilden kjønnsforskning.no

Kilden kjønnsforskning.no
Kilden kjønnsforskning.no
Drammensveien 288
0283 Oslo

http://kjonnsforskning.no/nb

Kjønnsforskere studerer hvilke konsekvenser kjønnsforskjeller har for fordeling av ressurser, makt og muligheter, og hvordan ideer om kjønn formes og kommer til uttrykk i kulturen og samfunnet omkring oss.

Kunnskapssenteret Kilden kjønnsforskning.no har et nasjonalt ansvar for å fremme kjønnsforskning, og kjønnsperspektiver og kjønnsbalanse i forskning og innovasjon gjennom å formidle og sammenstille forskning. For mer informasjon se kjønnsforskning.no.

Følg pressemeldinger fra Kilden kjønnsforskning.no

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kilden kjønnsforskning.no på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Kilden kjønnsforskning.no

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye