Høyring: Regjeringa foreslår at òg vektarar skal få halde att passasjerar som ikkje har gyldig billett
– I dag kan innleigde vektarar halde att passasjerar som ikkje har gyldig billett kun dersom dei har følge av tilsette i transportselskapet. No ønsker vi at innleigde vektarar skal få den same retten til å halde att som dei tilsette. Det er uansett stort sett berre vektarar som gjennomfører billettkontrollar i dag. Transportselskapa avheng av dei. Derfor er dette eit viktig framlegg til lovendring, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Retten til å halde att passasjerar som ikkje har gyldig billett blei innført i 2003. Ein dom frå Høgsterett i 2020 tydeliggjorde at innleigde billettkontrollørar (vektarar) ikkje har nokon sjølvstendig rett til å halde att – det har kun transportselskapas eigne tilsette. I dag er det nærast utelukkande innleigde vaktselskap som gjennomfører billettkontrollar, og dermed kjem i situasjoner der retten kan bli nytta.
– Tal frå transportselskapa tydar at fleire vel å gå frå boten sin fordi dei veit at vektarane ikkje kan stoppe deg. Det er uheldig. Derfor er det naturleg at vi kjem med dette framlegget til lovendring. Vi kjem ikkje unna at det å ta kollektivtransport koster pengar, og alle må gjere opp for seg, seier Nygård.
Vektarane har obligatorisk utdanning
I framlegget til lovendringa er det lagt til grunn at vektarane kun skal kunne halde igjen passasjerar dersom politiet er på veg. Slik er loven for transportselskapas eigne tilsette i dag òg.
– Sidan vektarar gjorde dette i åra før dommen frå Høgsterett kom, fordi transportselskapa trodde dei hadde rett til det, er dette ei godt utprøvd ordning. Eg må òg understreke at vektarar i dag har strenge krav til kontroll og obligatorisk utdanning. Dei er godt rusta for slike jobbar, seier samferdselsministeren.
Framlegget blir no sendt på høyring, med frist 21. oktober. Samferdselsdepartementet skal deretter handsame innspela, før det eventuelt kjem ei lovendring til Stortinget.
For meir informasjon, sjå:
Nøkkelord
Bilder

Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Samferdselsministeren befarer Tretten bru15.8.2022 12:08:19 CEST | Pressemelding
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård reiser i dag på befaring til Tretten bru i Gudbrandsdalen etter at broen kollapset i dag tidlig.
Samferdselsministeren til Stange, Minnevik og Eidsvoll12.8.2022 14:59:05 CEST | Presseinvitasjon
Mandag 15. august besøker samferdselsminister Jon-Ivar Nygård Stange, Minnevika og Eidsvoll. Her skal han mellom anna på synfaring av Minnevika jernbanebru og jernbanestasjonane på Stange og Eidsvoll.
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Kristiansand tysdag 9. august8.8.2022 11:32:10 CEST | Pressemelding
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård skal til Kristiansand 9. august. Han skal mellom anna besøke Trafo for å høyre om deira arbeid med trafikktryggleik. Nygård skal òg møte tre ordførarar frå Agder og Rogaland om trafikktryggleikstiltak på og utbygging av E39.
Ny flyplass i Mo i Rana: Klart for oppstart av forberedende anleggsarbeider8.7.2022 15:02:28 CEST | Pressemelding
– Nå er vi for alvor i gang med ny flyplass i Mo i Rana. Signeringen av de tre første kontraktene er på plass, og ESA har godkjent offentlig støtte til ny flyplass. Dette er gode nyheter og betyr at forberedende anleggsarbeid kan starte til høsten. Luftfarten spiller en helt spesiell og viktig rolle i Nord. Det er bra både for folk og næringsliv at Avinor og entreprenørene snart kan markere første spadetak, sier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Åpner for å tillate tyngre vogntog på flere veier8.7.2022 13:43:27 CEST | Pressemelding
– Vi gjør det nå mulig å åpne opp flere veier for de tyngste kjøretøyene, som tømmervogntog, modulvogntog og 24-metersvogntog. Dette er i tråd med initiativ fra transportnæringen og betyr økt effektivisering både i skogbruket og i transportnæringen. Høyere tillatt totalvekt på vogntogene vil også kunne gi færre tunge kjøretøy på veiene. Det er bra for trafikksikkerheten, sier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom