Home & Cottage AS får straffegebyr på 275 000 kr
5.12.2022 12:19:08 CET | Miljødirektoratet | Pressemelding
Miljødirektoratet har hatt tilsyn hos hovudkontoret til butikkjeda i 2019 og 2022. Den alvorlegaste mangelen er at Home & Cottage AS ikkje har tilstrekkelege interne kontrollsystem på plass som bidreg til at treprodukta dei sel, ikkje stammar frå ulovleg hogst. Spesifikt hadde ikkje Home & Cottage AS teke ein årleg gjennomgang av risikovurderingane, slik regelverket krev.
Alvorlege avvik møtest med strenge verkemiddel
- Miljødirektoratet ser alvorleg på at Home & Cottage hadde gjentakande avvik,etter at me har vore på tilsyn over fleire år. Me meiner at konsernleiinga i Home and Cottage ikkje tek miljøregelverket på alvor. Det er bakgrunnen for at me gir gebyret. Klagefristen har gått ut, og leiinga har godteke gebyret, seier Mathieu Veulemans, seksjonsleiar for varetilsynet.
Verksemder som importerer treprodukt frå land utanfor EU/EØS skal ha eit internkontrollsystem (såkalla ordning for tilbørleg varsemd). Dette skal sørgje for at importørar har kontroll over leverandørkjeda og kvar treprodukta kjem frå, heilt frå der hogsten skjer til når han kryssar norske grenser. Med eit slikt system og rutinar på plass, kan importørane avdekkje og redusere risikoen for at treprodukt stammar frå ulovleg hogget tømmer i land utanfor EU/EØS.
Mange forhold kan endre seg i leverandørkjeda og i landet der hogsten skjer. Derfor skal verksemdene ha ein årleg gjennomgang av risikovurderingane av opphavet av treprodukta og vurdere om det har skjedd eventuelle endringar i leverandørkjeda.
Avskoging er ein stor klima-og miljøutfordring
Handel med tømmer og treprodukt frå ulovleg hogst er eit stort klima- og miljøproblem. Ifølgje Interpols Environmental Security Programme blir det anslått at ulovleg hogst kan utgjere opp mot 85 prosent av avskoginga i land med mykje regnskog.
Forskrifta om omsetning av tømmer og treprodukt med opphav utanfor Noreg tredde i kraft i 2015, og implementerer EUs tømmerforordning med tilhøyrande forordningar.
Om Miljødirektoratet
Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Over 27 millioner kroner til opprydding av marin forsøpling i 20263.3.2026 14:00:35 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet gir i år tilskudd til 20 prosjekter som skal forebygge og rydde opp marin forsøpling langs kysten.
Sier ja til forsøksutsetting av genmodifiserte poteter3.3.2026 10:53:55 CET | Pressemelding
Miljødirektoratet gir tillatelse til å gjennomføre et feltforsøk med to potetlinjer som er genmodifisert for å tåle tørråte bedre.
Disse tiltakene gir håp for truede arter2.3.2026 10:03:37 CET | Pressemelding
Flere truede arter har god effekt av bevaringstiltak som pågår, viser en ny rapport. Men skal effekten være varig, må arbeidet fortsette over tid.
Desse tiltaka gir håp for trua artar2.3.2026 10:03:37 CET | Pressemelding
Fleire trua artar har god effekt av bevaringstiltak som blir gjennomførte, viser ein ny rapport. Men skal effekten vere varig, må arbeidet fortsetje over tid.
Nedgang i erstattede tap av tamrein og sau til rovvilt26.2.2026 11:24:06 CET | Pressemelding
Fjorårets erstatningsoppgjør viser en moderat nedgang i erstattede tap av tamrein og sau forårsaket av fredet rovvilt sammenliknet med de siste år.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
