Helga Myhr med særprega og utforskande bestillingsverk
7.10.2022 12:47:20 CEST | Sounds Like Gold | Pressemelding

Helga Myhr: "Andsyning"
Album ute 07.10.2022
Helga Myhr har gjennom heile oppveksten hatt folkemusikken med seg. I dag ligg spesielt slåttespelet hennar hjarte nært. Slåttespelet ber preg av mange «lag» beståande av til dømes strøk, melodi, rytme, ornament og tonalitet, som ein kan variere over og som stadig nye generasjonar har foredla: «Slåttespelet inneheld uendelege moglegheiter, og det er desse moglegheitene eg har latt meg inspirere av når den nye musikken skulle skapast. For den som kjenner slåttemusikken godt, kan ein kanskje høyre kva for låttar eller «lag» eg har nytta, medan andre gonger er dette meir subtilt.» - Helga Myhr
I tillegg inneheld tre av låtane dikt av Margit Lappegard (1918-2011) frå Leveld i Ål i Hallingdal. Lappegard var ein folkekjær diktar som fekk stor merksemd for diktsamlinga «Noko vil alltid lysa» (fyrste gong utgitt i 1988).
Ordet Andsyning kan ein finne i boka «Ord, uttrykk og inntrykk frå Hallingdal og Valdres» (Boksmia, 2002). Denne boka inneheld Ivar Aasen sine samlingar frå reiser til Hallingdal og Valdres frå 1845 og framover. Ordet er samansett av «and», som betyr i mot eller motsatt, og «syning» som kan bety horisont, å vise fram eller forekomst av noko som viser seg. Altså å sjå eller vise noko frå motsatt horisont.
Musikken er direkte skrive for dei eineståande musikarane som bidreg på plata. Dei har i stor grad, med sine særprega musikalske og kreative eigenskapar, satt sitt preg på korleis musikken høyres ut: «Malin Alander har ei stor stemme som ho kan forme og strekke fantastisk langt, Adrian Myhr har ein varm bassklang, med sine vakre og snirklete melodiliner, Michaela Antalová har ein nydeleg groove til slåttespelet, og bidreg med lekre toner på seljefløyta, multiinstrumentalist Rasmus Kjorstad tilfører viktige klangvariasjonar og smakfulle bidrag på langeleik, fele, oktavfele og munnharpe.» - Helga Myhr.
Musikken er omslutta av eit nydeleg og spesielt kunstverk av Solveig Lønseth. LP-en og omslaget er direkte prega av hennar oppleving av Andsyning, og er eit resultat av Lønseth si eineståande evne til å skape noko som gir oss ei oppleving av å vera til stade her og no. Dette skriv blant anna Lønseth om musikken:
«Då eg lytta til Andsyning for fyrste gong, fortona lydane seg med ein gong som visualiserte erindringar for meg. Det var som eg kunne sjå musikken. Ei syning rett og slett - veldig og skulpturell med fleire lag av liv. Musikken tok meg ut til ein tømmerstokk på duvande hav. Delt horisontalt mellom to verdar; den eine lengda i si endelause klårheit av luft og ljos. Den andre motsatsen i kompakt blaute - vendt nedover mot mytisk mørke og djup gradient. Trass i den horisontale inndelinga, må eigenråda i virke bryte av for bølga, og manøvrere i æva kring si eiga kjerne. Slik blir ei mekling framført mellom motsatsar av sanningane våre – opp og ned, att og fram, hit og dit, før og no.» - Solveig Lønseth
Helga Myhr sitt soloalbum «Natten veller seg ut», vart slept hausten 2019 på Motvind Records, og mottok nominasjon til Spellemannprisen. Myhr spelar i fleire i grupper og ensemble blant anna i bandet Morgonrode som mottok Spellemannprisen i 2019. I tillegg er ho fast medlem i Kvedarkvintetten, Dei kjenslevare og i duo saman med Tanja Orning.
Medverkande:Helga Myhr: komponist, produsent, hardingfele, song
Adrian Fiskum Myhr: kontrabass
Malin Alander: song
Rasmus Kjorstad: feler, langeleik, munnharpe
Michaela Antalová; perkusjon, seljefløyte.
Opptak: Stein David Baastad og Magnus Skavhaug Nergaard
Miks: Bård Ingebrigtsen
Master: Helge Sten
Album release: 07.10.2022
Artist: Helga Myhr
Tittel: Andsyning
Katalognummer: HO7379
Plateselskap: Heilo
Nøkkelord
Kontakter
Frøydis Bergheim RuudLabel Manager / A&R / Promotion
Heilo / Odin / Hubro
Bilder







Lenker
Om Sounds Like Gold
Følg pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sounds Like Gold på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Yngvil slipper bittersøt sommerlåt om sjalusi i vennskap - "Gråter (over det som er over)" ute nå12.6.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
"Gråter (over det som er over)" er en fengende, bittersøt visepop-låt om vennskap i oppløsning, og frustrasjonen som oppstår når avstanden mellom to mennesker blir større og større. Låta er ute på! Lytt her.
Andreas Rotevatn, Side Brok og Mari Kvien Brunvoll slår seg saman på den energiske og leikne "Mellom saltvatn og sola"12.6.2026 08:50:00 CEST | Pressemelding
På tittelsporet til den komande plata til Andreas Rotevatn får du høyre ei uforskamma energisk og leiken låt, som er på grensa til irriterande catchy og indignérande eklektisk. Men ein stad i midten av alt som skjer her, finn du ei låt som rett og slett berre nektar å la dansefoten stå i ro. Med både Side Brok og Mari Kvien Brunvoll med på laget, får lyttaren servert ei låt med ein unik smak av vestlandsk groove. "Mellom saltvatn og sola" feat. Side Brok og Mari Kvien Brunvoll er ute no. Lytt her!
Mariam Wallentin og Vestnorsk Jazzensemble slipper Spring Flood - Et album om bevegelse, minner og kollektiv skapelse12.6.2026 08:45:00 CEST | Pressemelding
Med Spring Flood presenterer Mariam Wallentin og Vestnorsk Jazzensemble et nytt, kollektivt verk der improvisasjon, poesi og sterke billedlige stemninger smelter sammen i et levende og organisk uttrykk.
Mariam Wallentin & West Norwegian Jazz Ensemble Release Spring Flood, Exploring Movement, Memory and Collective Creation12.6.2026 08:45:00 CEST | Press release
With Spring Flood, Mariam Wallentin and Vestnorsk Jazzensemble present a new collective work in which improvisation, poetry, and vivid imagery merge into a living, organic expression.
Moddi & Kajsa Balto åpner dørene for hverandre: «House by the Sea» nå ute på nordsamisk5.6.2026 09:38:28 CEST | Pressemelding
«Mearariikkas (House by the Sea)» en duett som krysser språk, landskap og kulturer
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
