Grappa Musikkforlag AS

Håvard & Dorothea aktuelle med "Ein Liten Julesang"

Del

Fyrste nydelege julelåt ute i dag fra deira kommande julealbum.

Håvard & Dorothea. Foto: Malene Kristopine Økland
Håvard & Dorothea. Foto: Malene Kristopine Økland

LYTT HER

Håvard & Dorothea er ein ung musikalsk duo som saman med Håkon Brunborg, Martin Morland og Axel Skalstad har begått eit julealbum med stemningsfull og variert julemusikk. Med inspirasjon frå pop, impro og jazzmusikk strekk albumet seg frå svingande ny julejazz til vakre ballader og atmosfæriske lydlandskap. Med "Kvit jul i Imsland" ynskjar duoen å utfordre kva eit julealbum kan væra ved å forhåpentligvis tilføra noko nytt og friskt inn i floraen av allerede eksisterande julemusikk. 

Musikarane i duoen er aktive i fleire spanande band og prosjekt på den norske musikkscena. I tillegg til å spela saman i bandet "Klossmajor" er Dorothea Økland aktuell med band som: "Nothing Personal" og "Hey love" og mens Håvard spelar i band som: "Soft City" og "Håvard Ersland Trio".

“Ein liten julesang” handlar kort og godt om det å lengte heim til jul. Meint som ein liten trøyst, om at ein kjem seg heim til slutt, og at alle vegar til slutt vil føre ein dit ein skal.

Innpakninga til denne plata er også noko Håvard & Dorothea gler seg til å vise fram.

 – “Vi håper vi har laga årets julegave!" seie duoen.

Albumet er nemlig tilgjengelig fysisk gjennom eit heilt ferskt julehefte, teikna av illustratør Kjersti Synneva Moen. Her håpar duoen å framkalle og lage nye gode juleminner gjennom eit hefte bestående av juleoppskrifter, julequiz og juleaktiviteter. I tilegg får lesarane møte duoens alteregoer “Håkkis og Dorris” i ein teikneserie der desse to prøvar å redde jula, ved å sørge for at det endeleg blir kvit jul i Imsland.

Ideen til juleheftet har duoen hatt i fleire år nå. Så når dei plutseleg har det i handa, saman med deira første plate, er det stort! 

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Håvard & Dorothea. Foto: Malene Kristopine Økland
Håvard & Dorothea. Foto: Malene Kristopine Økland
Last ned bilde
Cover: Kjersti Synneva Moen
Cover: Kjersti Synneva Moen
Last ned bilde

Lenker

Om Grappa Musikkforlag AS

Grappa Musikkforlag AS
Grappa Musikkforlag AS
Akersgata 7
0158 Oslo

23 35 80 00http://www.grappa.no/no

Grappa Musikkforlag A/S ble etablert i 1983 og er et av Norges største uavhengige plateselskap.

Grappa Musikkforlag har gitt ut over tre tusen album spredt på ulike labler. Foruten Grappa som favner viser og pop, så utgis klassisk musikk på Simax Classics, folkemusikk og verdensmusikk på Heilo, blues og country på Blue Mood og jazz på Hubro.

Grappa samarbeider med Egmont Kids and Media om utgivelse av barnemusikk gjennom Barneselskapet. Grappa samarbeider også med Norsk Komponistforening om innspilling og utgivelse av norsk samtidsmusikk på lablene Aurora og Hemera og med Norsk Jazzforum om innspilling og utgivelse av norsk jazz på Odin. Grappa har også et tett samarbeide med Rune Grammofon og Drabant Music.