HAUGTUSSA i kvedardrakt

Release: 21. april, 2023
Tekst av Arne Garborg
Musikk av Øyonn Groven Myhren
Øyonn Groven Myhren – song, seljefløyte, kraviklyrer, basslangeleik
Rasmus Kjorstad – langeleik, munnharpe, hardingfele, fele, oktavfele
Tomas Nilsson – hakkebrett, klokkespel, vibrafon, ‘blåhauginstrument’
Høyr HAUGTUSSA forteljing i songar Vol. I her: https://orcd.co/haugtussa
«Då Folkemusikkveka på Åli Hallingdal i 2019 tinga ny musikk til Haugtussa, visste eg med ein gong at eg ville kvede forteljinga, for Garborg nyttar sjølv ord som kvad og song om verket sitt», seier Øyonn Groven Myhren. «Eg tenkte først å kvede forteljinga utan instrumentfølgje, men ettersom arbeidet voks, ville eg ha innslag av seljefløyte, klimpring, felespel og slagverk. For i Garborgs tekst finst både fløyte, harpelåt, langeleik, stillare strengir, fele-ljom, springar, sylvklokke-kling, bjøllur, ringlig, bummel, bammel, gryte og kjelsom læt ein lått, som ingen visste, og meir til. Eg var heldig å få ja frå musikarane Rasmus Kjorstad og Tomas Nilsson, og då hadde eg alt dette å boltre meg i.»
I Haugtussa følgjer vi tenåringsjenta Veslemøy som er synsk og kan sjå både huldrefolk, troll, hekser og dei som er døde. Vi møter henne heime på garden og som gjetarjente i fjellet der ho blir kjærast med Jon. Då Jon svik henne, tar sorg og nedbrytande krefter overhand. På motsett side står Veslemøys døde søster som ei klok og varm rettleiar. Vi følgjer Veslemøys kamp i striden mellom lys og mørker, og til slutt syner «visdoms volve» seg.
Skiftinga mellom årstidene spelar ei viktig rolle i forteljinga, og utgjevinga er delt inn i tre årstidsbolkar: Vol. 1: vinter, Vol. 2: vår og sumar, og Vol. 3: haust og vinter. Vol. 1 kjem ut digitalt samstundes med den fysiske utgåva, medan digitale lanseringar av Vol. 2 og Vol. 3 kjem seinare, på to ulike tidspunkt.
Nøkkelord
Kontakter
Mildrid IsungsetCoordinator and Promotion: Hubro / Heilo / Odin / Simax
Tel:+47 41487009mildrid@grappa.noBilder




Lenker
Om Sounds Like Gold
Følg pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sounds Like Gold på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Elektroniske legender tolkar Rotevatn på ny EP9.5.2025 09:00:00 CEST | Pressemelding
No kjem EP-en Av Daude Gror (Remix) – ei samling med utvalde remiksar frå nokre av dei mest sentrale namna i den elektroniske musikkverda: DJ-en Prins Thomas, Xploding Plastix og Double Trouble set sitt unike preg på låtane frå debutalbumet til Rotevatn.
Electronic Legends Reinterpret Rotevatn on New EP9.5.2025 09:00:00 CEST | Press release
The EP Av Daude Gror (Remix) is here – a collection of selected remixes from some of the most prominent names in the electronic music world. DJ Prins Thomas, Xploding Plastix, and Double Trouble put their unique stamp on tracks from Rotevatn’s debut album.
Frode Alnæs ute med singelen "Så lenge det fins håp" - ny positiv musikk pakket inn i herlig og varmende Ry Cooder-landskap2.5.2025 09:00:00 CEST | Pressemelding
Frode Alnæs slipper første singel fra kommende album i dag, «Så lenge det fins håp» er ute nå! Sammen med et stjernelag av norske musikere, har han skapt optimistisk musikk med en helt unik og rik instrumentering.
Øyonn Groven Myhren og Marit Karlberg: Å synge hardingfeleslåttar - TOSTEMT2.5.2025 09:00:00 CEST | Pressemelding
Med djup fascinasjon og kjærleik til slåttemusikken, har Myhren og Karlberg overført hardingfelas klangunivers til tostemt vokal.
Øyonn Groven Myhren and Marit Karlberg: Singing traditional Hardanger Fiddle tunes2.5.2025 09:00:00 CEST | Press release
With deep fascination and love for the norwegian traditional music for dance, Myhren and Karlberg have transferred the Hardanger fiddle’s soundscape into two-part vocal harmonies.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom