Øyonn Groven Myhren og Marit Karlberg: Å synge hardingfeleslåttar - TOSTEMT
Med djup fascinasjon og kjærleik til slåttemusikken, har Myhren og Karlberg overført hardingfelas klangunivers til tostemt vokal.

Øyonn Groven Myhren og Marit Karlberg løftar fram slåttar og viser i tostemt drakt. På Tostemt, som er ute i dag, får vi tretten tralleslåttar og danseviser frå Telemark og Valdres, vidareutvikla og arrangert for to stemmer. Øyonn og Marit fortel:
– Me er begge djupt fascinerte av det tostemde som ligg i mykje av felespelet, særleg i hardingfelelæte. Det er ofte som om to sjølvstendige melodilinjer spelar saman. Når me arrangerer for tostemt tralling, er hardingfeleuttrykket ei viktig inspirasjonskjelde.
Slåttane på albumet er overleverte dels gjennom spel, dels gjennom tralling. For å syna mangfaldet i den sungne dansemusikken, tek dei med fem viser i bygde- og runddanstakt. Nokre av desse er instrumentalmelodiar som nokon har sett tekst til, og her let dei langeleik og lyre følgja songen. Dei avsluttar:
– I arbeidet med å leggja tralleord på slåttane, kjem me stadig attende til den frodige skogen av kjaftespelarar. Tralleslått-tilfanget har stor eigenverdi, og nemningane er mange. I Telemark "tullar dei slåttane", i Valdres "hullar dei låttane", og i Hallingdal "lèt dei på kjafte". Mange av dei gamle trallarane held fast ved eit alderdommeleg lag av slåttemusikken. Og her er eit hav av melodiske vendingar, former, rytmikk, stemmebruk og tonale uttrykk.
Albumet er spelt inn i Høvik kyrkje av teknikar Tor-Magne Hallibakken og produsert av Leiv Solberg.

Om Øyonn og Marit
Øyonn Groven Myhren (1969) – vokal og lyre
Marit Karlberg (1967) – vokal og langeleik
Øyonn Groven Myhren og Marit Karlberg var sentrale i vokalgruppa Dvergmål, som gav ut platene “Visor og kvæde frå Blåberglandet" (Grappa, 1996) og "Song i himmelsalar" (Heilo/Grappa, 2004), den fyrste Spellemann-nominert.
No, over 25 år seinare, har dei to tatt opp att tråden, og videreutvikla slåttemusikk frå Telemark og Valdres i vokalt duoformat. Dei har også funne fram eit knippe danseviser som dei syng med lyre- og langeleikspel til.
Øyonn Groven Myhren og Marit Karlberg er av våre fremste kvedarar med ei lang rekkje soloplater, prosjekt, prisar og kappleikssigrar i bagasjen. Dei er begge durkdrevne trallarar. Øyonn er nok mest kjend for samarbeidet med Odd Nordstoga om tingingsverket “Nivelkinn”, og Marit kjenner mange som eine halvparten av duoen Sudan Dudan.
Konsertar:
2. mai kl 19:30 – Juret bar, Oslo
3. mai 19:00 – Tou loftet, Stavanger
31. mai 19:30 – Sundrehall, Folkemusikkveka på Ål, Hallingdal
6. juli 15:30 – Bygdin Høifjeldshotel, Jørn Hilme-stemnet, Valdres
6. juli 19:00 – Olestølen, Øystre Slidre
8. november – Rollag Folk & Jazzklubb, Numedal
22. november – Riksscenen, Oslo
Nøkkelord
Kontakter
Jade Marie HasselgårdLabel Manager / A&R / Promotion
Heilo / Odin / Hubro / Simax
Bilder


Lenker
Om Grappa Musikkforlag
Grappa Musikkforlag A/S ble etablert i 1983 og er et av Norges største uavhengige plateselskap. I år 2023 har Grappa 40 års jubileum.
Grappa Musikkforlag har gitt ut over fire tusen album spredt på ulike labler. Foruten Grappa som favner viser og pop, så utgis klassisk musikk på Simax Classics, folkemusikk og verdensmusikk på Heilo, blues og country på Blue Mood og jazz på Hubro.
Grappa samarbeider med Egmont Kids Media Nordic AS om utgivelse av barnemusikk gjennom Barneselskapet. Grappa samarbeider med Norsk Jazzforum om innspilling og utgivelse av norsk jazz på Odin. Grappa har også et tett samarbeide med Rune Grammofon og Drabant Music.

Andre språk
Følg pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sounds Like Gold på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Frode Alnæs ute med singelen "Så lenge det fins håp" - ny positiv musikk pakket inn i herlig og varmende Ry Cooder-landskap2.5.2025 09:00:00 CEST | Pressemelding
Frode Alnæs slipper første singel fra kommende album i dag, «Så lenge det fins håp» er ute nå! Sammen med et stjernelag av norske musikere, har han skapt optimistisk musikk med en helt unik og rik instrumentering.
Adam Douglas og Jarle Bernhoft spør "When Can We Leave Here?"25.4.2025 10:00:00 CEST | Pressemelding
Det er sjelfult og magisk når to av Norges beste vokalister gjør sitt første samarbeid - Douglas og Bernhoft slipper singel sammen i dag!
Adam Douglas and Jarle Bernhoft ask, "When Can We Leave Here?"25.4.2025 10:00:00 CEST | Press release
It's soulful and magical when two of Norway’s finest vocalists team up for their very first collaboration – Douglas and Bernhoft release single today!
Tiril Heide-Steen med ny norsk gjendiktning av jazzklassiker25.4.2025 09:00:00 CEST | Pressemelding
"Vår i år" er ute i dag - første singel fra Tiril Heide-Steen sitt nye prosjekt med norske oversatte versjoner av jazzstandarder.
HEKATE heksesirkar norsk folkemusikk med fyrste singelen frå debutalbumet sitt.11.4.2025 09:30:00 CEST | Pressemelding
I natta og mørket herskar HEKATE. Beståande av tre kroppar med kvar sine særskilde eigenskapar, voktar ho over månen, vegskiljer, og sit med nøkkelen til portalen mellom ulike verdenar.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom