Elektroniske legender tolkar Rotevatn på ny EP
No kjem EP-en Av Daude Gror (Remix) – ei samling med utvalde remiksar frå nokre av dei mest sentrale namna i den elektroniske musikkverda: DJ-en Prins Thomas, Xploding Plastix og Double Trouble set sitt unike preg på låtane frå debutalbumet til Rotevatn.

Etter Andreas Rotevatn slapp sitt fyrste soloalbum "Av daude gror" i fjor, mottok han mykje positiv merksemd. Tor Hammerø i Nettavisen skreiv i sin anmeldelse: "Det groover og svetter uten stans og jeg tror han har muligheten til å snakke til et ganske så stort publikum med dette brygget. Det er absolutt mulighet for at avanserte danseføtter også vil bli frista til eksesser underveis her."
No kjem EP-en "Av Daude Gror (Remix)" med utvalde remiksar frå sentrale namn i den elektroniske verda: DJ-en Prins Thomas, Xploding Plastix og Double Trouble.
Remiksen av “Diaspora” er eit eksperimentelt musikalsk eventyr, laga av den legendariske electronica-duoen Xploding Plastix. Perfekt for den modne lyttaren som likar elektronisk musikk, men som òg ønskjer ei utfordring. Med den fjerde remiksen av låtar frå debut-soloalbumet til Rotevatn, er EP-en no komplett.
Prins Thomas tok det allereie dansbare materialet i ei endå meir dansbar retning. Andreas fortel:
- Veldig gøy å høyre den remixene! Perfekt miks av elektronisk og akustisk. Det var stor stas at Prins Thomas ville remixe musikken min. Han er jo ein av dei store elektronika-pionérane i Noreg, og har vore ei inspirasjonskjelde lenge.
Andreas Rotevatn er på mange måtar ein kløyvd musikar, som jamvel stend stødig i det todelte. På den eine sida har han ein bygdeoppvekst på Nordfjordeid, og på den andre over 10 år som kunstnar i storbyen. Rotevatn nærer ein kjærleik for bruksmusikk og det dansbare, trass i ei omfattande utdanning på fleire eliteskular for musikk. Han er ein spellemannsnominert og prisvinnande komponist, som jamvel òg har brei apell og gode strøymetal. Rotevatn er tekstleg inspirert av fortida, gjennom Håvamål, Ivar Aasen og Bibelen, men samstundes vert han inspirert av moderne og lydar frå synthar og trommemaskiner. Det akustiske og improviserte, møter det elektriske og planlagde. Einkvan stad i midten, i symbiosa, der trivast Rotevatn best!
Xploding Plastix er ein norsk elektronika-duo beståande av Jens Petter Nilsen og Hallvard Wennersberg Hagen. Sidan starten på tidleg 2000-tal har dei markert seg med ein særegen stil der dei blandar instrumental hiphop, jazz, filmmusikk og eksperimentell elektronika. Debutalbumet Amateur Girlfriends Go Proskirt Agents fekk internasjonal merksemd og blei raskt ein kultklassikar. Duoen er kjent for detaljrik produksjon, uventa vendingar og ei leiken tilnærming til sjangergrensene.
Prins Thomas har jobba som produsent, DJ og remixar i fleire tiår. Han er spellemannsnominert fleire gongar og har millionar av strøymingar på Spotify. Han var ein av grunnleggjarane bak Oslo-discoen, eller space-discoen, som fekk undergrunnen til å koke på tidleg 2000-tal. Saman med Hans-Peter Lindstrøm og Todd Terje blanda dei saman discorytmer, nyare trommemaskiner, eldre synthar og effekter, i ei herleg eklektisk elektroakustisk dansbar blanding.
Double Trouble er Prins Thomas og DJ Isoebel frå Kolbotn, er eit nytt namn på Dj-scena i Oslo. Ho har frekventert klubb-scena i Oslo i lengre tid, og har nyleg teke steget inn i DJ-boothen. Prins Thomas tok Isoebel under vengene, og saman dannar dei altso duoen Double Trouble, som er her med si første utgjeving.
Nøkkelord
Kontakter
Dionisia FjelldalenPromotion: Grappa / Blue Mood / Barneselskapet
Tel:95809699dionisia@grappa.noBilder




Lenker
Om Grappa Musikkforlag
Grappa Musikkforlag A/S ble etablert i 1983 og er et av Norges største uavhengige plateselskap. I år 2023 har Grappa 40 års jubileum.
Grappa Musikkforlag har gitt ut over fire tusen album spredt på ulike labler. Foruten Grappa som favner viser og pop, så utgis klassisk musikk på Simax Classics, folkemusikk og verdensmusikk på Heilo, blues og country på Blue Mood og jazz på Hubro.
Grappa samarbeider med Egmont Kids Media Nordic AS om utgivelse av barnemusikk gjennom Barneselskapet. Grappa samarbeider med Norsk Jazzforum om innspilling og utgivelse av norsk jazz på Odin. Grappa har også et tett samarbeide med Rune Grammofon og Drabant Music.

Andre språk
Følg pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sounds Like Gold på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Frode Alnæs ute med singelen "Så lenge det fins håp" - ny positiv musikk pakket inn i herlig og varmende Ry Cooder-landskap2.5.2025 09:00:00 CEST | Pressemelding
Frode Alnæs slipper første singel fra kommende album i dag, «Så lenge det fins håp» er ute nå! Sammen med et stjernelag av norske musikere, har han skapt optimistisk musikk med en helt unik og rik instrumentering.
Øyonn Groven Myhren og Marit Karlberg: Å synge hardingfeleslåttar - TOSTEMT2.5.2025 09:00:00 CEST | Pressemelding
Med djup fascinasjon og kjærleik til slåttemusikken, har Myhren og Karlberg overført hardingfelas klangunivers til tostemt vokal.
Øyonn Groven Myhren and Marit Karlberg: Singing traditional Hardanger Fiddle tunes2.5.2025 09:00:00 CEST | Press release
With deep fascination and love for the norwegian traditional music for dance, Myhren and Karlberg have transferred the Hardanger fiddle’s soundscape into two-part vocal harmonies.
Adam Douglas og Jarle Bernhoft spør "When Can We Leave Here?"25.4.2025 10:00:00 CEST | Pressemelding
Det er sjelfult og magisk når to av Norges beste vokalister gjør sitt første samarbeid - Douglas og Bernhoft slipper singel sammen i dag!
Adam Douglas and Jarle Bernhoft ask, "When Can We Leave Here?"25.4.2025 10:00:00 CEST | Press release
It's soulful and magical when two of Norway’s finest vocalists team up for their very first collaboration – Douglas and Bernhoft release single today!
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom