UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet

Har langlesing blitt ekstremsport?

Del
I dette eksklusive podkastintervjuet snakkar vi med lese-ekspert Ivar Bråten om langlesinga som er i ferd med å forsvinne og kvifor det er viktig å forstå det vi les.
– Det er muleg vi ser starten på slutten av langlesing slik vi kjenner ho, seier Ivar Bråten. Foto: Monica Bjermeland / UiO
– Det er muleg vi ser starten på slutten av langlesing slik vi kjenner ho, seier Ivar Bråten. Foto: Monica Bjermeland / UiO

Medan du les denne korte saka, vert du truleg bombardert av vibrasjonar, pling og melodiar frå informasjonskjelder av varierande kvalitet som prøvar å fange merksemda di.

Korleis handterer du datamengda du heile tida vert utsett for?

Ikkje så bra, skal vi tru professor emeritus Ivar Bråten ved Institutt for pedagogikk.

Overflatisk lesing som mental vane

– Måten vi relaterer oss til digitale tekstar og kjelder på, ved at vi ofte klikkar og skrollar oss gjennom nyheitssider, underhaldningssider og sosiale media, blir til ein mental vane, fortel han.

Og denne vanen, eller uvanen, overfører vi til lesinga av meir komplekse tekstar som krev meir konsentrasjon.

Kva er så problemet med det? 

Bråten meiner at å meistre kritisk kjeldevurdering og forståing av mangfaldige og ofte motstridande kjelder er ein evne demokratiet er avhengig av for å fungere.

– For å kunne delta aktivt, er det ein føresetnad at vi kan lese ulike tekstar med same tema og ikkje minst vurdere truverdet i kjeldene, seier han.

Slik blir digitaliseringsprosessen ein genuin trussel mot lesinga og i ytterste konsekvens demokratiet.

Å kritisk ignorere for å fokusere

Bråten forskar blant anna på konsentrasjon under lesing, leseforståing og multitekstforståing. Han ser at konsentrasjonen vår under lesing er truga.

– Det er så mykje som stel merksemda vår, ting vi rett og slett må ignorere for å spare merksemda til det som er mest vesentleg. Kritisk ignorering, kan vi kalle det. Vi må ta ansvar for å ignorere det vi ikkje synes det er verd å bruke merksemd på, seier han.

Dette er ifølgje forskaren eit kulturelt problem, men likevel oppmodar han den enkelte til å sjølv ta ansvar for å skjerme seg og vise måtehald.

– Vi må ta oss sjølv i nakken og ikkje klikke på alt berre fordi det er lett tilgjengeleg, seier han.

Til dømes kan vi skjerme fokuset vårt ved å skru av meldingar som poppar opp på skjermen medan vi arbeider og slutte å handsame alle meldingar vi får som brannalarmar som krev beinveges handling.

– Vi ikkje alltid respondere på sekundet, seier Bråten.

-----

Ivar Bråten har arbeidd som forskar i pedagogisk psykologi ved Universitetet i Oslo sidan 1987. I 2022 blei han innlemma i American Educational Research Association (AERA), ein av dei tyngste forskingsorganisasjonane i utdanningsfeltet.

For eit par år sidan hamna han på den prestisjetunge Stanford-lista over verdas 2% mest siterte forskarar, uansett fagfelt. 

Nøkkelord

Bilder

– Det er muleg vi ser starten på slutten av langlesing slik vi kjenner ho, seier Ivar Bråten. Foto: Monica Bjermeland / UiO
– Det er muleg vi ser starten på slutten av langlesing slik vi kjenner ho, seier Ivar Bråten. Foto: Monica Bjermeland / UiO
Last ned bilde
Han skriv medan han les og les medan han skriv, gjerne på gamlemåten. – Å skrive for hand er ein annan tanketeknologi. Eg vert meir kritisk med ein blyant i handa, seier Ivar Bråten. Foto: Sunniva Raknes / UiO
Han skriv medan han les og les medan han skriv, gjerne på gamlemåten. – Å skrive for hand er ein annan tanketeknologi. Eg vert meir kritisk med ein blyant i handa, seier Ivar Bråten. Foto: Sunniva Raknes / UiO
Last ned bilde

Lenker

Om UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet

UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet
Postboks 1161 Blindern
0318 Oslo

http://www.uv.uio.no

Det utdanningsvitenskapelige fakultet ved Universitetet i Oslo er landets ledende utdannings- og forskningsmiljø i utdanningsvitenskap.

Følg pressemeldinger fra UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra UiO - Det utdanningsvitenskapelige fakultet

Det første tegnet på at et språk er i ferd med å dø, er at barna slutter å snakke det5.2.2024 08:00:00 CET | Pressemelding

De samiske språkene er truet. Flere og flere elever forlater samisk opplæring og går over til undervisning på norsk. Dette vil norske forskere få en bedre forståelse av, slik at det er mulig å gjøre noe med. — Forskningen vår kan bidra til å styrke samisk språkopplæring ved å gi oss kunnskap om hva som hemmer og fremmer bruk av samisk, sier Kathrin Olsen, førsteamanuensis ved Nord universitet.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye