Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Har kartlagt fare for store områdeskred i Vestland fylke

Del
Faren for store områdeskred er kartlagt for fem kommunar i tidlegare Sogn og Fjordane, Naustdal og Førde (Sunnfjord), Eid (Stad), Stryn og Gloppen. Det er lokalisert 26 skredfarlege kvikkleiresoner med tilhøyrande utløpssoner i kommunane. I tillegg er det utarbeidd aktsemdskart for områdeskred.

- Rapportane vil gje store betringar i arealplanarbeidet og gje eit godt grunnlag for å redusere faren for områdeskred i dei kartlagde kommunane, seier regionsjef ved NVE Region Vest, Aart Verhage.

Grunnlaget for kvikkleiresonene er kart- og terrenganalyser, synfaring i felt og grunnundersøkingar. Karta er produsert i digital form og inngår i det offentlege kartgrunnlaget (DOK), slik at kommunane og andre kan nytte dei i eigne verktøy saman med anna kartdata. Dessutan er det laga ei eiga kartløysing for «aktsemdskart-områdeskred» for kommunane.

Det gjerast merksam på at oversiktskartlegginga ikkje er ei utfyllande kartlegging for alle områda der kvikkleire vert påvist, og at kartlegginga har hatt fokus på eksisterande busetnad og mogelege erosjonskjelder. I områder under marin grense, tidlegare havnivå, vil kvikkleira generelt kunne påtreffast utanom kartlagde faresoner, i større områder eller i avgrensa lommer.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Lenker

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye