Helse Vest RHF

Har gjennomført ti tusen videokonsultasjonar

Del
I mars blei ei ny løysing for videokonsultasjon mellom behandlar og pasient klar til bruk. Omlag ti tusen konsultasjonar og sju veker seinare er tilbodet godt utprøvd hos fleire behandlarar.
Jesper Blomquist er klinikkoverlege ved Kirurgisk klinikk på Haraldsplass Diakonale Sykehus, og han har gode erfaringar med videokonsultasjonar.
Jesper Blomquist er klinikkoverlege ved Kirurgisk klinikk på Haraldsplass Diakonale Sykehus, og han har gode erfaringar med videokonsultasjonar.

​Å innføre videokonsultasjonar på sjukehusa har vore i planane lenge. Planane, som normalt krev ei meir omstendeleg tilnærming, blei i mars påskunda og ikkje lenge etter kunne behandlarar i heile Helse Vest kalle pasientar inn til konsultasjon via video.

I Ergoterapiavdelinga på Haukeland universitetssjukehus har dei nytta videokonsultasjonar sidan starten av april. Karin Hoegh Matre jobbar som ergoterapispesialist i avdelinga og behandlar pasientar med handskadar ved Plastikkirurgisk avdeling. Ho fortel at ho stort sett berre har positive erfaringar med bruk av videokonsultasjon samanlikna med telefonkonsultasjon.

– Videoen gir ein tettare kontakt med pasienten og for meg som ergoterapeut gir det ein moglegheit for å vurdere funksjonen og bevegelsen i handa, noko som kan vere vanskeleg for pasienten sjølv å beskrive. Vidare får eg moglegheit til å vise øvingar og korrigere pasienten om det er behov for det.

På avdelinga har dei fortsatt gjennomført ein del fysiske konsultasjonar på blant anna nyopererte pasientar. No trappar dei opp den normale aktiviteten, men videokonsultasjonar kjem dei til å fortsette med.

– Vi har ein del pasientar med veldig lang reisevei, så for dei kan det vere aktuelt med oppfølgingskontroll via video. Video gir meg som behandlar moglegheit til å vurdere om pasienten kan fortsette planlagt opptrening eller om dei har behov for ein fysisk time for vidare oppfølging, seier Hoegh Matre.

Vil sjå pasienten
Då sjukehusa i mars brått blei nøydt til å redusere fysisk oppmøte, blei den nye videoløysinga eit alternativ til telefonkonsultasjonar. Å kunne sjå pasienten, trekk fleire behandlarar fram som ein vesentleg fordel.

– Min poliklinikk består nesten berre av skulderpasientar. For meg gir det ein tilleggseffekt å kunne sjå pasienten under samtalen, både ansiktsutrykk og korleis vedkomande beveger skuldra, seier Jesper Blomquist, som er klinikkoverlege ved Kirurgisk klinikk på Haraldsplass Diakonale Sykehus.

Poliklinikken har nytta videokonsultasjonar fleire veker no, men Blomquist meiner likevel det kan vere vanskelig å bruke video ved nyvurderingar, då dette krev fysisk undersøking og ofte ultralyd eller injeksjonar.

Stor auke i psykisk helsevern
Det er innan psykisk helsevern det har vore størst auke i talet på videokonsultasjonar. Helene Pedersen er psykologistudent i praksis på Haukeland universitetssykehus, og for ho har bruken av videokonsultasjonar vore ein ny og spennande måte å jobbe på.

– Mi erfaring er at bruk av digitale plattformer kan minske terskelen for at pasientar møter til timen, til dømes grunna reisevei eller at det kan opplevast som mindre skummelt for pasientane å ha samtale over video. Eg opplever også at det kan vere tidssparande å nytta digitale plattformer, seier psykologistudenten, med ein føresetnad at det tekniske fungerer.

Sjølv om ho føretrekk videokonsultasjonar framfor telefonkonsultasjonar, fortel Pedersen at ho opplever det som vanskeligare å oppfatte ansiktsmimikk og kroppsspråk over video enn ved ein fysisk konsultasjon. For andre har det vore utfordringar knytt til tilfelle der konsultasjonar blir booka for tett og den eine timen er forsinka, eller når det er dårlig nettverkforbindelse hos anten behandlar eller pasient. Likevel har dei tre behandlarane jamt over fått positive tilbakemeldingar frå pasientar som har gjennomført ein videokonsultasjon.

– Dei aller fleste pasientar har handtert teknologien bra, også dei over 80 år. Så langt er inntrykket at 80 prosent blir løyst via video, dei andre gangane må pasient komme inn. Men video er meir effektivt for lege og mykje meir effektivt for pasient som ofte unngår lange reiser, seier Blomquist.

Les meir om den nye løysinga for videokonsultasjonar

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Jesper Blomquist er klinikkoverlege ved Kirurgisk klinikk på Haraldsplass Diakonale Sykehus, og han har gode erfaringar med videokonsultasjonar.
Jesper Blomquist er klinikkoverlege ved Kirurgisk klinikk på Haraldsplass Diakonale Sykehus, og han har gode erfaringar med videokonsultasjonar.
Last ned bilde

Om Helse Vest RHF

Helse Vest RHF
Helse Vest RHF
Postboks 303 Forus
4066 Stavanger

+47 51 96 38 00https://helse-vest.no/

Helse Vest RHF er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg. Vi har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke. I heile Helse Vest er det om lag 30 000 tilsette som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane på Vestlandet. Helse Vest er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Vi eig dei fem helseføretaka i regionen, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.

Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye